Her vaknar du til mektige Lysefjorden

For tre år sidan flytta Hessel Haker til ei isolert bygd i Lysefjorden for å skape ein turistmagnet. No er han i ferd med å lykkast.

Ei fire kvadratmeter stor hytte er det nyaste tilskotet på Flørli. Aukande popularitet gjer at dei utvidar. Foto: Tommy Ellingsen

  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:

Med jamne mellomrom får Hessel Haker og Oscar Zaalmink besøk av tidlegare elevar ved den gamle skulen på Flørli. Dette biletet heng inne i skulebygget som i dag er pub. Foto: Tommy Ellingsen

Hessel Haker går med lange steg langs ein smal sti, opp ein bakke, bak ein sving, så kjem den fire kvadratmeter store hytta til syne. Den har fjorden under seg og stupbratte fjell i ryggen, liknar eit dukkehus og har ikkje plass til anna enn ei seng.

– Vi kallar dette den minste hytta med den beste utsikta. Den er vårt nyaste tilskot og vart klar for ein månad sidan, seier han.

I den vesle bygda Flørli i Lysefjorden driv han kafé, hostel og pub der det tidlegare var kraftverk, skule og gard. Det er tre år sidan han flytta hit. No merkar han at ting byrjar å skje.

– Eg veit ikkje kor mange gjestar vi hadde i fjor fordi det har vore for lite til at vi måtte føre statistikk, men vi merkar stor skilnad i år.

På dei 60 sengeplassane har dei i juni hatt 400 gjestedøgn og ventar mellom 500 og 600 i juli. No utvidar dei med fleire sengeplassar og kaféen skal bli større.

Tre innbyggarar

På det meste har det budd 153 personar på Flørli. Dette var tidleg på 1900- talet då kraftstasjon skulle på byggjast og arbeidsfolk flytta med familier til arbeidsbrakker og hus. Etter at bygda i mange år har vore heilt fråflytta, har Flørli i dag tre innbyggarar.

Oscar Zaalmink står i kaféen som er laga til i det gamle vasskraftverket. På ein dreiebenk står kaffimaskin og koppar. Kjøkkenet er i det gamle transformatorrommet. Frå Nederland gjekk Oscar sin veg til Flørli via Setesdalen.

– Eg hadde lenge hatt lyst til å kome meg ut, men det fantast aldri tid. Så hadde eg besøk av nokon frå Sørlandet i Norge som fortalde at dei hadde campingvogn på Hovden. Det viste seg at dei tilfeldigvis trengde kokk der og slik hamna eg i Setesdalen, seier Oscar.

Les også

På denne turisthytta er første ledige helg i november

For mange er ikkje turen til turisthytta lenger spontan, innsåg Turistforeninga og innførte førehandsbestilling.
Les også

Dette løpet i Lysefjorden er for de aller tøffeste

Lørdag fylles Lysefjorden av mennesker som ønsker å teste grensene. Ekstremløpet Rockman Swimrun er for de aller…

Der møtte han Hessel, og då Hessel flytta vidare for å starte opp i Flørli, bestemte Oscar seg for å følgje etter. Slik hamna to nederlandske einslege menn langt inne i Lysefjorden.

– Vi lever livet her. Ein sjeldan gong, kanskje kvar fjerde eller femte veke, må vi handle og då reiser vi med båten. Men elles er vi her. Ferdig med det.

Dei mørkaste månadane brukar dei på å innreie, pusse opp, planlegge neste sesong og ta imot sporadiske gjestar - ein forfattar på jakt etter inspirasjon eller andre som treng stillheita. Så kjem våren med yrande liv.

– No får vi gjestar frå heile verda, mellom anna ein del kinesarar. Dei er gjerne vande med bylivet og vil oppleve den rolige atmosfæra her. Korleis alle finn oss, lurer eg av og til på, men det gjer dei tydelegvis, seier Oscar.

Det ekte livet

– Dette er livet, det ekte livet. Kontoret er ikkje det, seier Ivan Tasca frå Moldova.

Han ligg i ei hengekøy, har augene att og opnar dei berre når han skal seie noko. Ivan høyrde om staden frå venninna Olga Braileanu. Saman har dei reist til Flørli for å jobbe som frivillige.

– I fjor skulle eg vere ei veke, men blei verande i tre og ei halv veker. Det er så annleis frå bylivet der heime. Eg ville vekk frå alt maset, seier Olga.

Sander Meijs frå Nederland reiste til Flørli for å arbeide som frivillig i fjor. Han bestemte seg raskt for at han måtte tilbake.

– Det er stor skilnad frå i fjor. Mange fleire reiser hit i år, og spesielt er det fleire privatbåtar som kjem innom og det fleire som kjem med ferja og reiser att same dagen, seier han.

Sjølv i midten av juli er det kjølig her, men skyene er lyse og det har ikkje regna heile dagen. Sander skal snart tilbake til kjøkkenet for å hjelpe Oscar, men har fått ei pause. Han sit med armane i kors, godt plassert i ein sakkosekk ute på plenen.

– Det er landet, stemninga og det å vere ute heile tida. Vi har det ikkje slik i Nederland, vi har ingen fjordar og fjell, seier han.

Les også

  1. 中国人来了! Kinesarane kjem!

  2. Stor auke for turisthyttene

  3. Frilageret førebur storinnrykk - vil ha folk på arbeidstrening

Publisert:
  1. Flørli
  2. Lysefjorden

Mest lest

  1. Flere forlater vaksinelokalet når de får vite at de skal få Moderna. Kommunen må også avbestille vaksiner

  2. Ropstad bekymret over porno-trend

  3. Skuffet Lotte Miller: – Trist, men jeg får ta revansj en annen gang

  4. Dette skjer i OL tirsdag 27. juli