Fryktar landbruksareal på Nord-Jæren vil forsvinna

Den nye regionalplanen gjer politikar Martin S. Håland svært bekymra for framtida til matjorda.

  • Kristine M. Stensland
    Kristine M. Stensland
    Journalist
Publisert: Publisert:
Område i Sola, som her på Jåsund, er nokon av dei Martin S. Håland er mest bekymra for at vil bli utsett for utbyggingspress i framtida.
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Den 20. oktober skal fylkestinget sluttbehandla «Regionalplan for Jæren og Søre Ryfylke». Denne planen skal legga rammene for korleis ein skal bruka areal og koma seg frå a til b i Kvitsøy, Stavanger, Randaberg, Sola, Sandnes, Strand, Gjesdal, Klepp, Time og Hå. Planen har eit tidsperspektiv på 30 år.

Men politikar Martin S. Håland (Sp), som er med i styringsgruppa for planen, har ein endå vidare tidshorisont. Og når han ser så langt, ser han truande, mørke skyer som heng over matjorda på Jæren.

Vekst i Bybåndet

Ei hovudprioritering i planen er å «realisere vekst og utvikling med bymessig kvalitet i Bybåndet Stavanger-Sandnes og i Bryne sentrum. Bybåndet omfatter regionens tyngdepunkter for bolig og næring og utvikles med særlig god infrastruktur for miljøvennlig transport». Utbygginga skal ikkje utfordra den langsiktige jordverngrensa (sjå kart).

Men kva skjer seinare, når aksen til Bybåndet er full og ferdig fortetta? undrar Håland, som presiserer at han stiller seg bak hovudprioriteringa om å vektlegga Bybåndet sjølv om han stiller kritiske spørsmål til planen.

– Etter mi meining er det ein smule naivt å legga til grunn at ny utbygging vil stoppa der. Ein har investert mange milliardar i bygg, infrastruktur og busstrasear midt gjennom landbruksområda. Føringane me legg no er så kraftige at det nærast ikkje er mogleg å reversera. Når byen er full, blir han utvida, i hovudsak på dyrka jord. Dette vil gjelda Bryne, Sandnes og Stavanger.

Han fryktar at alt landbruksareal i Randaberg, Sola og Stavanger vil vera bygd ned før hundreåret er omme.

– Om det tar 50 eller 150 år før det skjer, er mindre relevant. Om vern av matjord til framtidige generasjonar skal ha noko vekt, må me allereie no sjå på nye utviklingsområde på haug og hamar.

Berre slik trur han at regionen kan veksa vidare utan at all matjord på sikt vil forsvinna frå områda nær byane våre.

– Både i nord, aust og sør er det store areal ein kan utvikla, sjølv om ikkje alle er innanfor «timinuttersbyen», hevdar Håland.

På dette kartet er den langsiktige jordverngrensa i regionen markert med grøn strek rundt byar og tettstadar.

Legg vekt på kollektivtrafikk

Regionalplansjef Christine Haver fryktar derimot ikkje at det vil bli mangel på tilgjengeleg areal for å sikra vekst i overskodeleg framtid.

– Hovudutfordringa vår er ikkje for lite areal. Utfordringa er heller at me spreier oss for mykje, noko som gjer det vanskeleg å bygga opp under infrastrukturen for kollektivtrafikk, seier ho.

I dag er det cirka 40.000 dekar med ledige utbyggingsareal til ulike formål i gjeldande kommuneplanar i regionen. Om ein ser dette saman med potensialet for fortetting i allereie utbygde område, legg Fylkesrådmannen til grunn at det er plass til cirka 250.000 nye innbyggarar. SSB reknar med ein vekst i folketalet på cirka 1.800 innbyggarar per år i regionen fram til 2050.

Haver viser til at strategien som regionalplanen bygger vidare på, har låge fast sidan 2000.

– Veldig mykje er bygd opp rundt denne strategien, mellom anna gjennom milliardinvesteringar rundt bussveg og andre infrastrukturtiltak. Skal ein sikra optimal samanheng mellom arealutvikling og transportutvikling så er arealstrategien me har no, den som gjev mest utteljing.

Les også

Matfylket Rogaland er dårlegast i landet på jordvern

Jordverntiltak

I saksframstillinga hevdar Fylkesrådmannen at planen har ei ambisiøs haldning til jordvern. Han viser blant anna til at det er sett eigne jordvernmål i planen, og at ein respekterer jordverngrensa.

– Det er unikt med så mange verktøy for jordvern i ein norsk samanheng, seier Erik Cockbain, som er rådgjevar i fylkeskommunen.

Han legg til at Randaberg kommune på eige initiativ allereie har teke ut jordbruksområde av eigne planar for å sikra jorda.

– Det kan andre kommunar også tenka på, seier han.

Når det gjeld utvikling av tettstadar, skal ein ifølgje planen tenka «innenfra og ut». Dette inneber at «utbygging prioriteres i sentrum og sentrumsnære områder først, og potensialet for fortetting og transformasjon for øvrig utnyttes før det omdisponeres nye arealer til utbyggingsformål».

Les også

Randaberg får Nasjonal Jordvernpris

Tar ut regionale reservar

I fylkesplanen frå år 2000, var det lagt inn regionale utbyggingsreservar. I arbeidet med den nye regionalplanen, har ein vurdert kva som skal skje med dei regionale områda på 4.000 dekar, cirka 10 prosent av totalen, som endå ikkje er blitt tekne inn i kommunale planar.

Auka fortetting og høgare arealutnytting har gjeve plass til fleire innbyggarar enn ein venta på slutten av 90-talet. Fylkesrådmannen meiner no at regionen har det arealet dei treng i gjeldande kommunale planar, og at ein derfor kan ta ut resten av dei regionale områda frå 2000-planen. På områda som står att, hevdar han dessutan at det er høgt konfliktnivå mellom ulike interesser, mellom anna jordvern.

Håland er ikkje begeistra for at dei regionale reservane blir fjerna.

– Målet frå 2000 var å finna gode kompromiss i den evigvarande konflikten mellom storbyane og bruk av dyrkbar jord. No har Fylkesrådmannen valt å endra dette ganske så ettertrykkeleg. Dei flyttar i staden veksten lenger nord, med utvikling mellom Stavanger og Madla, og Tananger og Sola utan at ein har vurdert kva konsekvensar det vil få for faktisk bruk av jord, seier han.

– Med det arealoverskotet me har, meiner me at det ikkje er behov for at ein på regionalt nivå skal peika ut meir areal enn det som allereie er avsett. Innanfor rammene av nasjonal politikk kan kommunane likevel vurdera om areala som blir tekne ut, er eigna for utbygging, seier Haver.

Haver fortel at dei også har vurdert alternative utbyggingsretningar, utan at dei har kome fram til at det vil vera meir gunstig for jordvernet.

– Me har ei langsiktig grense for landbruk som sikrar traseen i vestleg retning, seier Cockbain.

– Så då skal ein stola på at politikarane i framtida, når grensa er nådd, vil respektera ho?

– Jordvernet står sterkt, og det er veldig langt fram til det er fullt. Når me ser på alt me skal ta omsyn til, meiner fleirtalet av kommunane at arealstrategien som gjeld no, er den beste, seier Haver.

– Det er vanskeleg å spå vekst så langt fram i tid. På eitt eller anna tidspunkt blir det fullt, og då må me ta andre areal, seier Håland.

Les også

  1. Vil vurdera innstramming av jordvernmål

  2. Time snudde ikke om 150 dekar god matjord, blir en del av Jærens Forus

  3. Jordvern-konfliktar i pressområde: Her tapte matjorda

  4. Ordførar om jordvern-grensa: – Vanskeleg å spå kva som skjer fem og ti år fram i tid

Publisert:
  1. Jordvern
  2. Nord-Jæren
  3. Fylkestinget
  4. Rogaland fylkeskommune
  5. Utbygging

Mest lest akkurat nå

  1. Hele livet lurte Tor på hva som skjedde da faren styrtet i døden med jager­fly. Så opprettet kona en hemmelig kon­takt

  2. Ingenting rocket på Sandnes’ nye festplass

  3. Veton Berisha etter hat tricket: – Serie­gull med Viking ville vært det største

  4. Gikk fra Sandnes til Kristiansand av én spesiell grunn: – Det har vært litt av en tur

  5. Da det var trøbbel med skoene i «Skal vi danse», visste hun at løsningen lå i Hillevåg

  6. Mia Gundersen og Espen Hana er aller best når de får skuldrene ned, puppene opp og herjer med seg selv