– Barn som varslar blir ofte ikkje tatt seriøst

At barn opplever å ikkje bli trudd når dei varslar, er noko mobbeombudet i Stavanger ofte ser. Nasjonal rapport viser trakassering, barn som ikkje blir trudd eller får høyre at «såpass må du tåle».

Publisert: Publisert:

Barn som varslar om mobbing utan å bli høyrt er ikkje nytt for Stavanger sitt mobbeombud, Nina Bøhnsdalen. - Om det stemmer at det også får represalier for enkelte, er dette svært alvorlig, seier ho. Foto: Jonas Haarr Friestad

  • Birgitte Flote
    Journalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

To jenter ved ein barneskule i Stavanger forsøkte å varsle om mobbing av ein medelev. Formelt sett er dei altså ikkje del av nokon mobbesak, og mødrene reagerer på at dei då tilsynelatande står utan rettar.

– Om det er skular i Stavanger som straffar barn som varslar om mobbing, ja så synes eg det er heilt forferdelig. Barna har rett til å bli høyrt på same måte som vaksne som seier frå. Det skal ikkje få konsekvensar, ingen skal hengast ut som tystar, seier Nina Bøhnsdalen, Stavanger kommune sitt mobbeombud.

Les også

Meiner dei blei straffa for å varsle om mobbing

Mister tillit til vaksne

Jobben til mobbeombudet er å hjelpe foreldre i Stavangerskulen med kva rettar ein har og kva tiltak ein kan be om.

– Eg hadde 30 saker forrige skuleår, og ein god del av desse opplever at dei ikkje blir trudd fordi dei vaksne ikkje har sett det. Det blir jo ei ny krenking. Då vil du ikkje gi beskjed når det forverrar seg, seier ho.

– Om ein ikkje lyttar, korleis i all verda skal ein då klare å gi eit godt skulemiljø? At barn gir beskjed, er utruleg vaksent og då må det verkeleg takast på alvor. Barna spring ikkje berre med slikt. Når dei då tek steget og seier frå og så ikkje vert høyrt, kan ein fort miste tillit til vaksne. Den nye mobbelova presiserer at elevar er ei viktig kjelde til informasjon for skulen, så eg håper dette blir betre.

Også i saka frå Våland skole som Aftenbladet omtala i sommar, hadde barn forsøkt å varsle om mobbinga. Les saka her: Barnet fekk angst etter fleire år med mobbing.

Les også

– Tilfeldig om mobbeofferet får oppfølging

Barn som varsler om mobbing opplever trakkasering, å ikkje bli trudd, eller få høyre at «dette må du tåle», seier Barneombud Anne Lindboe. Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Barnet som tyster

Barneombudet sin nasjonale rapport «Jeg vil drømme gode drømmer» fann at varslaren ofte ikkje blir trudd.

– Kartlegginga viser at mange barn som varslar om mobbing opplever trakassering, å ikkje bli trudd på eller å få høyre at dette må du tåle. Blir ein møtt med slike haldningar, seier ein nok ikkje ifrå seinare, seier Barneombud Anne Lindboe.

– Kva er grunnen til at varslinga blir møtt på denne måten?

– Ein årsak kan vere mangel på kompetanse blant dei vaksne og at ein kanskje ikkje jobbar godt nok med førebygging. Det kan også vere ein måte å beskytte seg på, at ein vegrar seg for å gå inn i sakene fordi ein ikkje veit kva ein skal gjere. Uansett kva som er grunnen, er det svært skadeleg for barnet som opplever å ikkje bli tatt på alvor.

– Om barn varslar på vegne av andre barn, har skulen eit like tydeleg ansvar for å gjere noko. Varslaren som melder frå på vegne av andre, har ikkje i seg sjølv så mange rettar, men det utløyser med ein gong mange rettar for barnet som blir mobba. Skulen har ikkje lov å bagatellisere, og å ikkje gå vidare med saka vil vere regelbrot.

Også ho har stor tru på den nye mobbelova. Fristen for å ta tak i saka har no blitt kort, Fylkesmannen kan gi bot og pålegge tiltak.

– Samtidig ser vi at Fylkesmannen ofte har vore deffansive og ikkje brukar dei verkemidla dei faktisk har hatt.

Les også

Skulesjefen vil samle rektorane for å snakke om mobbing

Les også

Desse skulane får sterk kritikk for å ikkje stoppe mobbinga

– Alvorleg

– Eg blir veldig betenkt når eg høyrer om dette. Det er ei veldig alvorleg sak. Barn må bli lytta til når dei er opptekne av korleis andre har det. Opplevinga av å ikkje bli høyrd må takast alvorleg, seier Anne Kristin Bruns (KrF) som sit i kommunalstyret for oppvekst.

– Kva kan de som politikarar gjere med dette?

– Rutiner for likande saker er ei viktig prioritering for å bli bedre, og så har vi som politikarar oppretta eit kommunalt mobbeombud som vi oppfordrer til å ta kontakt med om ein oppleve å ikkje bli høyrt eller teke på alvor. Eg synes det er vanskeleg å seie kva meir vi burde gjort, denne saka er så kompleks. Det er uansett viktig for oss at dette kjem fram.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Hun danket ut politikere i kampen om Stavanger-jobb

  2. – Har aldri opplevd

  3. Gigantfylke med 1,2 millioner innbyggere angriper ferjefri E39

  4. Månafossen: – Vi leter videre til vi finner henne

  5. Helsedirektoratet vurderer nye regler for sosiale sammenkomster

  6. – Du skal ikke ha kniv fra Ikea, sier far

  1. Varsling
  2. Stavanger kommune
  3. Mobbing