Matmagasinet: – Me ønsker einslige gjester hjarteleg velkomen

I eit debattinnlegg blei Matmagasinet i Stavanger kritisert fordi det ikkje var mogleg å bestille bord for ein person. – Det er ikkje ein bevisst strategi frå vår side, men det er vår feil at me ikkje har vore merksame på det, svarer Knut-Espen Misje i Matmagasinet.

Matmagasinet i Stavanger.
  • Ingeborg Undheim
    Ingeborg Undheim
Publisert: Publisert:

Måndag skreiv stamgjest på Matmagasinet Rolf Norås eit debattinnlegg i Aftenbladet, kor han kritiserte restauranten sitt bookingsystem. Han fekk ikkje bestille bord til berre ein person.

– Me var ikkje merksame på at det ikkje var mogleg å bestille bord til ein person. Det vart endra så fort me blei merksame på det, fortel medeigar i Matmagasinet Knut-Espen Misje.

Les også

Uteliv – ikke bare i tango man må være to

«Ingen ubetydelig gruppe som diskrimineres»

Norås viste i innlegget til at det i dag er ein million aleinebuarar i Noreg, og kritiserte restauranten for å for å diskriminere ei stor gruppe av befolkninga.

«Det er forståelig at restauranter tenker kommersielt, og at det omsettes mer på et bord med flere enn en gjest. Det er likevel uhørt og svært lite imøtekommende å behandle en betydelig gruppe mennesker på en så uvennlig måte», skriv Norås.

– Me blei oppriktig lei oss for denne tilbakemeldinga, men det er så klart vår feil at me ikkje har visst om det. Likevel vil eg seie at det ikkje har med profitt å gjere frå vår side, og eg trur ikkje det er ei haldning som bransjen har heller, seier medeigar Misje.

No er det altså mogleg å bestille bord til ein person på Matmagsinet.

– Men om ein bestiller bord for to, og ender opp med å kome åleine, er det også heilt greitt, seier Misje.

Skulda ei avansert innstilling

Misje fortel at då dei bestilte bookingsystemet, kom det med eit sett med innstillingar som ingen i Matmagasinet skal ha endra på.

– Det einaste me spurte om var at det skulle vere ei maksgrense på fire personar per bord. No som me har blitt merksame på at det også var sett ei minimumsgrense på to personar for bordbestilling, har me sett den ned til ein.

Innstillinga for minimumskravet skal ha låge inne som ei avansert innstilling i systemet.

– Korleis har dykk ikkje blitt merksame på dette tidlegare?

– Det har vel ikkje vore eit problem. Me har ofte personar her som kjem og et åleine.

Ønsker å skvære opp

Etter at Misje las debattinnlegget til Norås, har Misje ønska å skvære opp med kunden som han er ven med på Facebook.

– Eg sende han ei melding på Messenger, og eg vil gjerne invitere han til oss for ein prat. Han er her stadig ofte, seier Misje.

Misje har fått svar frå Norås at han er oppteken fram til ettermiddagen, men at han vil møte for ein prat med Misje på eit seinare tidspunkt. Misje har tru på at dei skal finne ut av det i lag.

Les også

  1. Utelivs­aktør opp­gitt over at Vågen åpnes for trafikk nå – etter halv­annet år med korona­restriksjoner

Publisert:
  1. Debatt
  2. Rolf Norås
  3. Restauranter
  4. Stavanger

Mest lest akkurat nå

  1. Harald Espedal: – Han så de store sammenhengene i samfunnet og evnet å tenke langt fram i tid

  2. Trafikkulykke i Sirdal

  3. Inger-Tone var 33 år da hun fant ut at foreldrene hentet henne i Sør-Korea uten lov

  4. Ingve Bøe om Bodø/Glimt: – Det holder ikke i Stavanger

  5. – Vi trenger ikke noe ekstra fra kommunen. Vi vil bare beholde skolen vår

  6. Her leter Lobna etter en pale­stinsk kjæreste til broren på Ålgård