Færre arbeidsledige i Rogaland

8,2 prosent av arbeidsstyrken i Rogaland, 20.821 personar, er registrert som heilt ledige.

  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Det er ein nedgang på 0,7 prosent sidan 30. april. Andelen delvis ledige går opp, medan andelen heilt ledige går ned.

Færre arbeidssøkarar

34.342 personar er registrert som arbeidssøkarar i Rogaland, 1018 færre enn ved førre måling.

– Vi ser no ei forsiktig positiv utvikling for arbeidsmarknaden i Rogaland. Samfunnet er i ferd med å opnast gradvis opp, og då er det fleire som vender tilbake til jobbane dei var permittert frå. Samtidig ser vi at det færre nye arbeidssøkere som registrerer seg per veke, seier direktør i Nav Rogaland, Merethe P. Haftorsen i ei pressemelding.

– Det er vanskeleg å spå utviklinga vidare, det kjem litt an på kva type tiltak ein vel å halde på og kor mykje som blir gjenopna no. Vi ventar at det vil vere fleire som vil kunne gå heilt eller delvis tilbake til arbeidet, men arbeidsløysa vil nok halde seg på eit høgt nivå også framover, seier ho til Aftenbladet.

Nedgangen i arbeidsløysa er størst innan butikk- og salsarbeid, og innan serviceyrke.

Opnar opp økonomien

Utviklinga er den same på landsbasis. 408.400 personar, totalt 14,6 prosent av arbeidsstyrken, er registrert som arbeidssøkarar ved Nav. Det er 12.600 færre enn for ei veke sidan.

– Fallet skuldast både at vi har begynt å opne opp igjen økonomien, slik at ein del permitterte går tilbake i arbeid, og at færre nye arbeidssøkarar melder seg til Nav, seier direktør Sigrun Vågeng, Navs øvste leiar til NTB.

På landsbasis er 8,8 prosent av arbeidsstyrken, 246.000 personar, registrert som helt ledige ved Nav, viser foreløpige tal.

Publisert:
  1. Arbeidsledighet
  2. Rogaland
  3. Nav

Mest lest akkurat nå

  1. Avviser at kroppsbyggere er mer skeptiske til vaksinen: – Det er heller motsatt

  2. Grønt nivå i skoler og barne­hager i Stav­anger og Sandnes

  3. Kraftig økning: 754 nye smittede på Nord-Jæren

  4. - Den mest kunn­skaps­rike vi kjente

  5. Mann siktet for drapsforsøk etter knivstikking på Tasta - skal ha klaget på høy musikk

  6. Planlegger for full russefest i Kongeparken