Sylvi Listhaug: «Klart det er forbode for papirlause å arbeide»

Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug seier det ikkje er tvil om at ein må ha arbeidsløyve for å jobbe i Norge.

Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug Foto: Dan P. Neegaard

  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Den konkrete saka i Stavanger vil ikkje Sylvi Listhaug kommentere. I ein e-post til Aftenbladet skriv statsråden:

Kan ikke ha åpne grenser

«Eg kan sjølvsagt ikkje kommentere enkeltsaker, men det er klart det er forbode å jobbe utan arbeidstillating i Norge. Skulle vi endre på dette, vil det sende signal om at det er fritt fram å kome til Norge og jobbe, uavhengig av om du har lov til å vere her. Det vil i praksis bety opne grenser for arbeidsinnvandring frå heile verda, og det er ikkje noko vi kan akseptere», seier Listhaug.

LES MER OM SAKEN HER:

Les også

Arne vil vite om det han gjer er lovleg

Arne Viste. Foto: Pål Christensen

Arne Viste meiner på si side at Stortinget har vedtatt ei lov stikk i strid med Grunnlova. Staten skal legge til rette for at «kvart arbeidsført menneske kan leve av arbeidet sitt eller næringsverksemda si», heiter det der.

Grunnlova gir rett til å jobbe

– Eit menneske, står det, ikkje ein borgar. Dermed må det vel gjelde alle menneske, også migrantar utan opphaldsløyve, seier Viste.
Å nekte innvandrarar arbeid, er dessutan i strid med menneskerettane, meiner advokat Bent Endresen.

LES MER OM ADVOKATENS TOLKNING:

Les også

Advokat: - Norge bryt menneskerettane

Les også

Politiet: Advarer mot å ansette ulovlig

– Meiningslaust

Statssekretær Vidar Brein-Karlsen (FrP) i justis – og beredskapdepartementet, meiner det kan få negative konsekvensar dersom ein gir arbeidsløyve til mennesker som har fått avslag på asyl i Norge. I ein mail skriv han at det vil vere meiningslaust å belønne dei som har fått endeleg avslag.

– Det vil vere ei gulrot for grunnlause asylsøkarar som tar vegen hit, på bekostning av dei som verkeleg treng for vern. Det vil undergrave heile systemet, seier han.

Viste har også konfrontert politiet med Grunnlova. I eit brev svarer dei: «Politiet kan ikke inngå i en polemikk om teoretiske problemstillinger ut fra grunnlovsbetraktninger og menneskerettslov slik du tar opp i diverse mailer. Politiet forholdet seg til utlendingsloven og den lovsystematikk, hierarki og orden som fremgår der».

Viste meiner politiet overser både Grunnlov og menneskerettar når dei seier dette. Han har også bedt UDI svare på det same i ein søknad om arbeidsløyve, men i svaret frå UDI kommenterer dei ikkje dette.

Publisert:
  1. Justis- og beredskapsdepartementet
  2. Sylvi Listhaug

Mest lest akkurat nå

  1. 40 nye tilfeller av det muterte koronaviruset i Nordre Follo

  2. Gårdsutsalget til Tommy Skjæveland møter motstand

  3. Turgåere funnet etter leteaksjon i Sirdal

  4. Lave, lokale smitte­tall gir forsiktig opti­misme – tror på gradvis åpning

  5. Den britiske koronavarianten er påvist i tre kommuner i Rogaland – ett av dem i år

  6. Han skjønte med en gang at han hadde voldtatt kjæresten. Men de snakket ikke om det etterpå