Stenger fugleparken på Nærbø

Frå og med onsdag 3. februar vert fugleparken stengd for publikum.

Publisert: Publisert:
Bilete fra då fugleparken på Nærbø vart stengt i januar.

Dette meldar Hå kommune.

Kommunen skriv:

I desember vart det påvist fugleinfluensa på ein fugl i Nærbøparken, også kalla fugleparken på Nærbø. Parken vart derfor stengd til midten av januar, og alle tamfuglane måtte avlivast.

Hå kommune har, i samarbeid med Mattilsynet, gjennomført ei rekke tiltak for å redusera smittespreiing. Det eksisterer likevel fare for at menneske som besøker Nærbøparken tar med smitte via fugleavføring ut av parken. Ei spreiing av smitte inn til fjørfehald, på hobbybasis eller kommersielt, vil få store samfunnsmessige konsekvensar.

Med bakgrunn i dette anbefaler Mattilsynet at parken igjen blir stengd inntil vidare. Hå kommune vil retta seg etter denne anbefalinga, så frå og med onsdag 3. februar vert fugleparken stengd for publikum.

Tilsette frå Hå kommune vil halda fram med fôring av villfuglane som held til i parken.

Les også

  1. Konge­ørna ble fanget på Jæren og sjekket for fuglein­fluensa. Nå er svaret klart

  2. Alle tamfugler i Nærbøparken skal avlives

  3. Fugleinfluensa påvist på fugl i Nærbøparken

Publisert:
  1. Hå kommune
  2. Mattilsynet
  3. Fugleinfluensa

Mest lest akkurat nå

  1. Politibil under ut­ryk­ning kolliderte med Porsche i Hille­våg

  2. Flere blir lagt inn på sykehus. Er vi på vei inn i neste korona­bølge?

  3. Leah Isadora Behn stakk av med influencer-pris

  4. Stavanger-ost best i Norge

  5. Sandnes-kvinne får million­erstatning etter feil­behandling på SUS

  6. Siktet for drapsforsøk etter skyting i Stavanger-restaurant: – Min klient er veldig lei seg