Fjordens nærmaste naboar fortviler over vasskuterane

Styreleiar ved sameiget Hanapiren i Sandnes, reknar med han får sjå ulykker utanfor stovevindauget i løpet av sommaren. Ordføraren meiner politiet bør vise seg meir.

Publisert: Publisert:

ILLUSTRASJONSBILETE. Over 30 personar har sendt brev til ordføraren i Sandnes og nesten 40 har kontakta ordføraren i Stavanger. Dei vil ha slutt på vasskuterar nærme land. Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

  • Birgitte Flote
    Journalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Ordøraren i Sandnes, Stanley Wirak, har så langt i sommar mottatt over 30 klager på vasskuterar, viser kommunen sin offentlege journal. Ei av desse er frå sameiget Hanapiren som består av 59 husstander med Gandsfjorden som nærmaste nabo.

– Eg har sjølv sett fleire farlege situasjonar og reknar med det blir ulykker i løpet av sommaren. Det er gjerne unge folk som køyrer som villmenn utan tryggleiksutstyr. Her burde politikarane i Sandnes heller vore føre var og innført forbod, seier styreleiar i sameiget, Tor M. Simonsen.

Simonsen seier vasskuterkøyringa pågår dagleg i det indre hamnebassenget i Sandnes. I brevet til ordføraren skriv han at køyringa skjer på kveldstid i vekedagane samt dagtid i helger. Sameiget hevdar køyringa skjer heilt inntil brygge og bustader langs fjorden.

– Hadde dei haldt seg midt på fjorden, hadde det ikkje vore noko problem. Dei køyrer i ring rett utanfor stovevindauget vårt. Det er svært støyande. Det er dessutan eit yrande fulgleliv her, og vi ser svaner og ærfuglar som flaksar rundt, seier Simonsen.

Ved Hanapiren sameige har bebuarane fått nok av vasskuterar som køyrer heilt inntil land. – Eg har sjølv sett fleire farlege situasjonar og reknar med det blir ulykker i løpet av sommaren, seier styreleiar i sameiget, Tor M. Simonsen. Foto: Fredrik Refvem

Les også

Vannskuter: Sandnes vil ikke være med på begrensninger

Les også

Rekker ikke å dempe vannskuterne i sommer

Les også

Ja til vannscooter på visse plasser

Flaksande andungar

I mars vedtok bystyret i Sandnes at dei vil støtte regjeringa sitt ønske om å sidestille vasskuter med båtar. Samtidig var det fleirtal for å etablere retningslinjer som skjermar utsette områder.

Mange av breva til ordføraren har tittelen «Stans vannskuterutslippet» og er ein del av ei kampanje der Naturvernforbundet oppmodar folk til å kontakte si kommune. Ein del har også formulert sine eigne klager. Ei kvinne frå Ims skriv at vasskuterane køyrer inn i Ims- Lutsivassdraget og inn i smale sund der små andungar symjer lange streknigar.

I kommunen sitt svar til kvinna står det at ferdselen ho skildrar truleg strir mot lova. Ordførar Stanley Wirak meiner det ikkje nøvdendigvis er oppmjukinga i seg sjølv som er problemet, men at folk faktisk bryt lova. Han viser til at det innover i Gandsfjorden ikkje er lov å køyre i høgare hastigheit enn seks knop.

Les også

Patruljerte Gladmaten til sjøs: – Folkeskikken forsvinner med støttepromille

– Dei fleste klagene handlar om villmannskøyring nærme land, men det er heller ikkje lov å køyre så nærme land som enkelte gjer. Tidlegare var det støy som var utfordringa, men no verkar det som høg hastigheit er det største problemet, seier han.

– Eg håper politiet kan sveipe innom av og til. Politiet har berre ein båt, men det hadde vore greit om dei hadde vist seg litt meir.

I fjor sommar var Aftenbladet med politibåten på kontroll. Her snakkar politibetjentene er Kjetil Moi og Runar Ugland med vasskuterførarar. Foto: Fredrik Refvem

Egil Vestvik ved Sør-Vest politidistrikt seier politibåten er ofte ute.

– Vi er ute med politibåten så sant vi klarer å bemanne den. Ser vi ulovleg bruk av vasskuter, stoppar vi dei. Det gjeld generelt brot på sjøen, alt frå redningsvest til ulovleg køyring.

Like brev

I Stavanger har fungerande ordfører, Bjørg Tysdal Moe, mottatt 39 oppfordringar som følgje av Naturvernforbundet si kampanje.

Dei har alle mottatt det same svaret der ho viser til at bystyret i Stavanger har bedt rådmannen legge fram ei sak om regulering av vasskuter. Vidare ba dei rådmannen ta kontakt med relevante nabokommuner med tanke på å få på plass ei felles lokal føreskrift i nabokommunane.

Redningsselskapets Sjøredningskorps i Stavanger har tidlegare uttala at dei fryktar ulykker dersom folk held fram som no. Mange meiner situasjonen er uhaldbar, men ikkje alle er samde i at det bør regulerast. Leif Arne Moi Nilsen (Frp) meiner det er haldningane som er problemet.

– Det er eit framkomstmiddel, ikkje leik. Men eg trur det går seg til utan at ein treng forbod.

Les også

Redningsselskapet fryktar vasskuterulykker

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. To gutter på 14 og 16 år overga seg til politiet

  2. Betaler millionbot med skattepengene til de ansatte

  3. Mann i 20-årene skal ha viftet med kniv på en fest på Storhaug

  4. Derfor ringte kirkeklokkene lørdag ettermiddag

  5. Fikk kjempekveite ved Tananger

  6. Dette huset satte prisrekord i Sola

  1. Bjørg Tysdal Moe
  2. Naturvernforbundet
  3. Sør-Vest politidistrikt
  4. Stanley Wirak
  5. Sandnes