Når kjeldesortering vert undervisning

Båe Våland skole og sjukehuset resirkulerer plasten sjølv, dog i litt forskjellig omfang.

Båe Våland skole og sjukehuset resirkulerer plasten sjølv, dog i litt forskjellig omfang.
  • Jørund Vatle Sandgren
Publisert: Publisert:

– Vi har faktisk dedikert ein heil naturfagstime til kvalen som var full i plast.

Det yrar av liv i gongen til SFO på Våland Skole. Borna kler på seg om kapp for å kome ut i friminuttet, først ut til den sykkelen, fotballen, sklia eller huska. Midt i mylderet står Anne Mette Holbek Hansen. Ho er leiar på SFO ved skulen, og samlar saman fire fjerdeklassingar for eit oppdrag.

– Det er stort engasjement blant ungane her. Dei visar at dei bryr seg og vil gjere ein forskjell.

Ho fortel at fjerdeklassingane på SFO plar å ha som oppdrag å samle inn plast frå skulegarden og rundt om kring på skulen.

Les også

Slik vaskar du plasten din

Berre 30 prosent av plastemballasjen vert resirkulert. Mange er usikre på kor rein plasten skal vere, men her får du…

– Vi er heldige med plasseringa her. Det er ein miljøstasjonen borte på Prixen i Storgata her, så vi plar å gå bort dit med plasten når det samlar seg opp, seier ho før ho snur seg mot ein gut i oransje hue som plutseleg står oppstilt, ventande framfor ho.

– Der var du, Ole!

Ho held på guten så han ikkje forsvinn i kaoset mens ho ser seg rundt, speidar i mylderet av skrik, skrål, huer og ytterjakkar etter resten av laget.

Les også

Kristoffer Joner vil forby plastposer

Hvalen som ble funnet med magen full av plast har vekket Kristoffer Joner (Ap). Nå vil han forby plastposer.

Hiv maten i den brune

Etter litt leiting kjem Anne Mette fram til at dei andre fjerdeklassingane allereie har kome seg ut til friminuttet. På veg opp trappa fortel Ole kva han tykkjar om kjeldesortering.

Ole Våga tek på seg oppdraget. Stolt ber han plastposen ut i skolegarden, og gjer inntrykk av at det er prestisje i å få lov til å kjeldesortere.

– Eg veit ikkje heilt kva kjeldesortering er, men heime skil vi på matavfall og det andre. Eg trur eg hiv maten i den brune, seier han og tenkjer sikkert på dei brune biodunkane som vert sett ut på gata annakvar veke.

Resten av laget vert samla, før følgjet tek fatt mot Prixen og miljøstasjonen. Eva Bryne Narvestad trur ikkje Våland Skole kastar mest plast i Stavanger.

– Det er mykje plast frå sjukehuset. Eg veit det fordi mamma og pappa er legar, seier ho. Oslojenta visar tydeleg at ho kan mykje om miljøet.

– Det er mykje eingongsreiskapar der som er laga av plastikk. Alt det må jo resirkulerast.

Klar for oppdrag. Maya Rusnes Jøssang i lilla passar på at dei får med seg siste rest, mens Ole Våga held opp posen. Eva Bryne Narvestad og Gunnar Olsen-Hagen er mest klar til å gå.
Les også

Plasten gjør at maten holder lenger

Svært mange varer i matbutikken er pakket inn i plast. Men plasten har faktisk sin funksjon.
Les også

Hver av oss kaster 30 kilo plast i året

70 prosent av det havner i den svarte dunken. Innbyggerne i Stavanger er aller dårligst på å resirkulere.

Kortreist plast

– Vi kjeldesorterer mellom fem og seks tonn mjukplast i året.

Yngve Mathisen er driftskonsulent ved Forsyningsavdelinga ved Stavanger Universitetssjukehus. Mens han visar veg frå resepsjonen og opp i fødeavdelinga visar han tydeleg at han er svært engasjert i jobben sin. Turen startar i det såkalla reine skyljerommet inne der nye liv byrjar.

– Vi kallar det reint fordi det skal vere sterilt inne på avdelingane. Så vi som jobbar i Forsyningsavdelinga bør eigentleg vere her minst mogleg, ler han. Mannen i refleksvest fortel stolt om miljøstandarden til sjukehuset mens han viser avfallstasjonen.

Yngve Mathisen visar stolt fram ordninga for kjeldesortering i det reine skyljerommet på fødeavdelinga.

– Vi er blant dei høgaste i verdsklassa når det gjeld miljøstandard. Så kjeldesortering er noko vi tar på alvor. Her sorterar vi mellom restavfall, mjukplast, skittentøy, hardplast og kanylar, eller farleg avfall som sprøyter og liknande. Vi i forsyningsavdelinga tar oss òg av det biologiske avfallet, utan at vi treng å gå inn på kva det er for noko, ler Mathisen før han visar veg inn i det skitne skyljerommet.

Les også

Hvalens død gjør at folk står i kø for å rydde strender

– Vi skil ikkje på reint og skittent søppel på romma. Det fungerer slik at dei som jobbar inne på avdelinga tar med seg avfallet frå det reine rommet og inn her, så hentar vi det herifrå. Så ein kan seie at ein skil på folk, og ikkje på skittent og reint avfall, ler han og visar veg ut av det skitne rommet og mot heisane.

– Restavfall kastar vi i sjakter, men plasten må vi ta med oss sjølv ned i kjellaren, seier Mathisen før heisdørene lukkar seg. Det vert, som det alltid vert, stille i heisen.

Nede i innvollane til sjukehuset er verda ei stor kontrast mot dei gule gongane på fødeavdelinga, og alle dei andre avdelingane på sjukehuset forøvrig. Her er golvet i betong, ventilasjonsrøyra synlege, og det er høgt under taket.

– Det er her vi heldt til.

Han visar inn i eit asfaltbelagt rom med garasjedører på begge sider. Her står det mange pallar med fleire kassar, alle pakka inn i plast.

– Det går naturleg nok mykje plast her. Vi tek i mot all plasten frå dei andre avdelingane, som Hudavdelinga i Bekkefaret, og forøvrig skittentøy som moppar og. Dei leverast i plastposar hit, så vi tenkte at vi kunne gjenvinne denne plasten.

Han visar stolt fram ei blå presse ståande opp mot den eine veggen. Han får hjelp av kollega Bjarne Magnussen til å lesse berget med posane inn i pressa.

Bjarne Magnussen lessar plastposane dei skitne moppane var i opp i bosspressa. Yngve Mathisen står klar med neste.

– Den pressar vel på eit par tonn, seier Magnussen.

– Plast veg generelt lite, men den samanpressa ballen av plast som blir til slutt veg rundt 300 kilo før vi buntar den saman. Det hentast vel plast herifrå rundt annakvar veke, fortel han før han set i gong pressa. Ho buldrar til liv med ein hydraulisk motordur.

– Det er jo litt vatn med i posane frå moppane, påpeiker Mathisen mens det renn små elver av vatn ut frå dei nedste hjørna på pressa. Maskina vert grovare i målet, motorduren vert høgare når plasten begynner å lage ein lys vislelyd når lufta vert pressa ut, som plastikkens siste skrik før endeliktet.

Borna slit litt med å få posen inn i containeren, men Gunnar er sikker på at det kom til å gå.

Spjæra frosk

– Den passar ikkje!

Eva prøvar i lag med Maya og Ole å dytte heile posen inn i conaineren. Dei strever felt, men Gunnar står bak og heier.

– Joo, kjem det frå Ole. Ungane presser på, og med eit vips går heile posen inn. På veg tilbake til skulen seier borna at dei tykkjar det er leit at dyra døyr av plasten vi kastar i havet.

– Vi var på tur på Dalsnuten for litt sidan, og då fann vi minst tusen plastbitar på veg oppover. Vi mista heilt tellinga, fortel Eva.

– Systera mi fann ein spjæra frosk heilt på toppen, vi kunne sjå inn i magen på den. Der var det berre plastikk! Ho syns så synd på den at ho bar han heile vegen heim og gravla han i hagen vår.

Gunnar meiner at det ikkje berre er plastikken som det brukast mykje av.

– Eg tykkjar vi kunne gjort som i gamle dagar. Då hogg dei jo all skrifta si inn i sånne steintavler. Då hadde vi sluppe å bruke så mykje papir.

Eva er klar på at det er viktig å ta vare på miljøet.

– Det er jo vi som skal ta over jorda til slutt. Så vi må vite kva vi skal gjere for å ta vare på ho.

LES MEIR OM PLAST:

Les også

  1. Havet vårt tåler ikke Rogfast-plast

  2. Fugler bygger reir med plast og tau

Publisert:
  1. Avfall
  2. Stavanger
  3. Våland
  4. Stavanger Universitetssjukehus (SUS)
  5. Skolefritidsordning (SFO)

Mest lest

  1. Da to voksne menn snakket høyt om voksne kvinners markedsverdi, ble det bråk

  2. USA roser Sør-Afrika for å ha oppdaget ny virusvariant

  3. Forskarens fem om dagen for eit lukkelegare liv

  4. Ryfylke har fått sin første vingård