Bare sju av hundre som jobbar i barnehage er menn

Den einaste mannen i denne barnehagen er ein politikar på besøk. Ingen eller bare ein mann, er det vanlege i barnehagane våre. Det vil Rune Askeland (V) gjera noko med.

Publisert: Publisert:

Politikar Rune Askeland (V) fekk med seg desse sju i dissa: Bakerst frå venstre: Tuva, Ella, Pavan og Ingrid. Framme frå venstre: Hedda, Sanna og Emely. Pedagogisk leiar Anne Sjuve til høyre. Barnehagen er Ytre Tasta, avdeling Vardeneset. Foto: Fredrik Refvem

  1. Leserne mener

Han har vore i over 30 barnehagar i Stavanger og arbeidd ein dag i to av dei.

– Eg har ikkje vore i ein einaste barnehage kor det var meir enn ein mann. Der var enten ingen eller bare ein, fortel Askeland som er nestleiar i oppvekststyret i Stavanger.

Bare 7,3 prosent av dei tilsette er menn i Stavangerbarnehagen.

– Altfor lite, slår Askeland fast.

I 2010 arbeidde det 151 menn og 1603 kvinner i Stavangers barnehager. I 2015 var det 133 menn og 1491 kvinner i følge SSB.

Langt under målet

Heilt sidan 1997 har det vore ei nasjonal målsetting at 20 prosent av dei som arbeider i barnehage skal vera menn.

Ikkje bare Stavanger, alle kommunane i Rogaland er langt frå det målet. (Sjekk din kommune i faktaboksen). Landsgjennomsnittet har gått opp frå seks prosent i 2004 til ni prosent i 2015.

Uheldig

– Kvifor er det eit problem?

– Både gutar og jenter treng positive rollemodellar, det handlar om å danna ein trygg kjønnsidentitet. Fleire menn vil også føra til større variasjon i aktivitetar. Barnehagen skal spegla samfunnet, det står i føremålsparagrafen at barnhagene skal fremja demokrati og likestilling. I barneskulen ser me at prosentdelen kvinner aukar. Her er altså ein fare for at ungane ikkje møter mannlege pedagogar før dei kjem opp i ungdomsskulen, svarar Askeland.

Tiltak trengs

Askeland vil derfor ta dette opp i førstkomande møte i oppvekststyret (den 29. mars).

– I kvalitetsplanen for barnehagane i Stavanger står det ikkje noko om menn og kjønnsbalanse. At me skal auka talet på menn vesentleg, må inn i planen som eit mål. Eit forpliktande mål som må forankrast både hos politikarar, rådmann, barnehagesjef og styrarar.

– Kva tiltak trengs?

– Me må ta kontakt med barnehagar og kommunar som får det til. Administrasjonen må skaffa oversikt over vellukka tiltak rundt om i landet, og så må me ta det i bruk her. Lyspunktet er at 25 prosent av dei som studerer til å bli barnehagelærar i Stavanger er menn. Nå gjeld det å få desse til å ta seg jobb og bli verandre i barnehagane våre. Me bør vera offensive og tilby dei praksisplassar. Nokon har nettverk for menn i barnehage, kanskje desse også kan inkludera mannlege studentar.

Les også

I denne barnehagen er dei 50 prosent menn

Sidan det ikkje bare er Stavanger som har få menn i barnehagane, men dei fleste kommunane i fylket, meiner Askeland det kunne vore nyttig med eit samarbeid mellom fleire kommunar, ein felles innsats.

Givande jobb

Sist veke prøvde Askeland seg som barnehageassistent i Ytre Tasta barnehage, avdeling Vardeneset.

– Det var utruleg kjekt, masse blide ungar. Me hadde hoppekonkurranse, laga gulrotsuppe og kasta snøball. Eg blei imponert over måten personalet handterte spørsmål frå ungane under samlingsstunda. Mange var opptekne av 5-åringen i Kristiansand som vart påkøyrd og døydde. Eg trur mange menn ville ha likt seg i barnehage. Ein givande jobb.

– Kvifor trur du då så få menn arbeider i barnehage?

– Det er vanskeleg å seia, det kan handla om kvinnedominans - det er ei kjennsgjerning at der du har nokre menn, er det lettare å rekruttera fleire. Det kan vera løn, det kan vera at menn kjenner for lite til barnehagane som arbeidsplass. Dei kjenner barnehagane frå dei gjekk der som gutunge, men dei møtte nok ikkje mange menn som arbeidde der, svarer Askeland.

Publisert: