Maren Uelands bisettelse: Her er prestens tale

«Det er ei tid for alt. Men det skulle ikkje ha vore ei tid for dette! Unge liv med draumar og mot skal leva, ikkje verta offer for forvirra, umenneskelege og bestialske brotsverk.»

– Det skulle ikkje ha vore ei tid for dette, sa sokneprest Stein Ødegård i sin tale i Maren Uelands bisettelse. Foto: Pål Christensen

  • Ove Heimsvik
    Journalist
Publisert: Publisert:

Her er sokneprest Stein Ødegårds tale i bisettelsen i sin helhet:

«Alt har si tid. Det er ei tid for alt som hender under himmelen: ei tid for å fødast, ei tid for å døy, ei tid for å planta, ei tid for å riva opp. Ei tid for å gråta, ei tid for å le, ei tid for å sørgja, ei tid for å dansa, ei tid for å leita, ei tid for å mista.

Alt gjorde han vakkert, kvar ting til si tid. Ja, alle tider har han lagt i hjartet deira. Eg skjøna at alt Gud gjer, står gjennom alle tider. Ingen kan leggja noko til, og ingen kan trekkja noko frå. Kjærleiken tek aldri slutt.

Profetgåvene skal bli borte, tungene skal teia og kunnskapen forgå. For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis. Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, ta ende.

Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, forstod eg som eit barn. Men då eg vart vaksen, la eg av det barnslege. No ser vi i ein spegel, i ei gåte, men då skal vi sjå andlet til andlet. No skjønar eg stykkevis, men då skal eg kjenna alt fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud.

Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

Det er ei tid for alt. Men det skulle ikkje ha vore ei tid for dette! Unge liv med draumar og mot, skal leva, ikkje verta offer for forvirra, umenneskelege og bestialske brotsverk.

Tida for dette kom så vondt. Korleis skal ein familie halda ut eit så stort tap? Korleis skal nettverk og nasjon takla ein rystelse? For tap av to unge liv i terrorhensikt er ein rystelse.

Kanskje det beste er å vera i noko av det som det nå er tid for?  Eg skal prøva å seia litt av det med kyrkja sine ord. Mange av dei deler kyrkja med alt og alle som løftar opp menneskeverdet og det som er humant og åndeleg. Nokre av orda ber spor av orda frå Bibelen som er lesne nettopp.

Kva er det tid for nå?

Det er tid for sorg.

Vamp-vokalist Jan Toft, til høyre, og hans musikere framførte sangene «Kim kan seila foruten vind», «13 humler», «Jentene på landet» og Inger Hagerups salme «Stille, stille mot kveld» under bisettelsen. Foto: Pål Christensen

Ein-dag-om-gongen-sorg. Ingen snarvegar kan hoppa forbi det som kvar dag krev og kjem med. Varsomt trør me inn og ut av sorga, så kvardagane ikkje raknar, så minnet ikkje falmar, så de held fast på det de fekk av Maren, og slepp taket i det bitre og vonde som vil stela mot og kraft frå livet.  Sorg har si tid, ja, sine tider med ulikt tempo. Sorga er ulik for alle, og ho liknar for alle. Ho skal hjelpa oss å ta vare på eit godt minne og ta vare på oss sjølv. Når tidene er mørke, skal me vita at me kjem frå eit betre lys, og me går mot lyset i enden av tunnelen. Det er ei tid for alt. Me har fått ho for å leva, heilt og ekte.

Kva er det tid for nå?

Det er tid for støtte og omtanke. Ingen av dei gode tidene går ut på å vera åleine. Mykje støtte har de i familien merka. Besøk, telefonar, meldingar, blomar, helsingar, samtalepartnarar, politikontakt, berørte folk overalt. Annan støtte veit de om. Viktige ord uttrykt offentleg, folk som bed, lys som vert tent, alt dette som gjer at sorg er mindre åleinegang, og livet har litt meir lys og farge og varme. Det er alltid ei tid for å støtta kvarandre.

Kva er det tid for nå?

Det er tid for å markera kva me står for. Når verdiar og liv er angripne og truga, må me sei at nå er det tid for å sei kva me står for. Det har mange gjort i Marokko. Det har me gjort på Bryne med fakkeltog. Markeringane har vore viktige i lokalsamfunn og nasjon, ja, ekstra viktige fordi kjernen i budskapet har fått næring frå gode holdningar hos dykk som er ramma mest. Det skal vera kjærleiken som seirar, ikkje hatet. Nå er det tid for å løfta fram det gode og håpet, ikkje frykta. Det er betre å tenna eit lys enn å forbanna mørket. Me markerer med hjarta vårt, ikkje hatet vårt. Me held oss til vise kong Salomo og kloke kong Harald om å ta vare på hjarta vårt framfor alt. Er det noko me kan spela av mange gonger i sørgeåret 2019, så er det kongen sin nyttårstale.

Kva er det tid for nå?

Ein dose ettertanke, om noko me er midt i, om noko som kan koma, om noko det kan bli ei tid for?

Ei fullsatt Time kyrkje tar et siste farvel med Maren Ueland. Foto: Pål Christensen

Paulus sine ord om at me ser som i eit speil, i ei gåte. Når barndommen si ubekymra tid er avløyst av vaksenlivet sine dilemma og vanskelege vegkryss.

For me møter livet sine to svimlande store gåter ofte. Dei følgjer oss i klartekst inn i denne bisettelsen. Det vonde si ubegripelege store gåte som sender oss inn i tider ingen skulle tru me kunne koma i. Og minst like mykje det gode si gåte, dette ufattelege livsunderet som gjer kjærleiken størst av alt, også når det vonde rammar.

Å ta vare på hjarta sitt er å vita at skiljet mellom desse to gåtene ikkje går fullstendig utanfor, men tvers gjennom oss. Å ta vare på hjarta sitt er å markera grenser for kor mykje det vonde skal få innpass i livet og samfunnet. Og det er å velja kor vidt hjarta vil opna seg for godheten si gåte.

Paulus gjev eit framblikk om dette. Om tider som skal koma. Der Gud er. Der gåter skal opnast. Der me skal vera kjent ennå sterkare enn det me får til å sjå inn i sjølv. Der trua og håpet og kjærleiken finn krefter.

Me veit ikkje tempoet på slike tider. Om og korleis dei kan koma for den enkelte av oss. Og kva som kjem først og sist av tru, håp og kjærleik. Det kan lett vera slik at trua vert svidd først, mens håp klamrar seg fast, eller kjærleik bare held stand uansett. Held me godt rundt den eine av desse tre, er me nærare dei to andre også. Så: Velsigne dykk som trur og bed. Velsigne dykk som elskar og bryr dykk. Velsigne dykk som ber på håpet. Anten det er tynt og vart eller stort og rikt, så er det håp. Det held mot oppe og tek vare på hjarta.

Det er ei tid for alt. Både i menneske og i Gud sine vegar. Ja, sjølve tidsrekninga vår seier at det kom ei tid då Gud såg det var tid for å dela liv fullt og heilt med sine skapningar. Det gode si gåte skin med sterkare lys etter han som låg nyfødd i ei krubbe, forkynte nestekjærleik, døydde på eit kors og beseira døden i ei grav. Han som sjølv leid under det vonde si gåte, vil meir enn gjerne vera tett på dei stega det vert tid for framover. Gud gret våre tårar også. Då er det lettare å la desse 3 verta ståande i livet vårt. Trua, håpet og kjærleiken. Og størst blant dei er kjærleiken. Det gode si gåte.

La oss be bønna Jesus har lært oss om dette.

(Fader vår)

Publisert:

Marokko-drapene

  1. Ankesaken etter drapet av Maren Ueland fortsetter onsdag

  2. De drapsdømte i Marokko anker

  3. Kan gå over ett år før endelig dom mot drapstiltalte kommer

  4. Drapene i Marokko: De etterlatte lever godt med at avgjørelsen lar vente på seg

  5. Dom vil trolig falle i Marokko-rettssaken i dag

  6. Maren Uelands familie krever erstatning likevel

  1. Marokko-drapene
  2. Jæren
  3. Marokko
  4. Bryne
  5. Terror