Forsand: Fylkesmannen avslår søknad om ny grensejustering

Innbyggarinitiativet frå Forsand om å tilbakeføra delar av det grensejusterte området på nordsida av Lysefjorden frå Strand til Forsand, blir avvist av Fylkesmannen i Rogaland.

Områdene nord for Lysefjorden skal fra neste år tilhøre Strand kommune. Det har Kommunal- og moderniseringsdepartementet vedtatt. Forsand til høyre i bildet.
  • Stavanger Aftenblad
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Dette melder Fylkesmannen tysdag:

Dette initiativet har kome på grunn av ei alt vedteken grensejustering. Fylkesmannen legg til grunn at kommunane fekk uttala seg til det førre initiativet før departementet fatta vedtak om grensejustering i fjor.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) vedtok 12. desember 2018 at kommunegrensa mellom kommunane Forsand og Strand blir justert slik at områda nord for Lysefjorden blir flytta til nabokommunen Strand frå 1. januar 2020.

Departementet stadfesta vedtaket i januar

Ordførarane i Sandnes og Forsand ba i eit brev til departementet like før årsskiftet om å få omgjort vedtaket. I svaret frå KMD, datert 31. januar 2019, heiter det:

"Etter en ny gjennomgang av saken og momentene som er løftet frem i brevene, kan ikke departementet se at det er framkommet nye opplysninger eller momenter som tilsier at forskriften bør endres. Departementet opprettholder derfor grensejusteringen."

Les også

LES MER: Forsand-innbyggere har skrevet brev mot Strand-sammenslåing til statsråden

På bakgrunn av KMD-vedtaket i desember, fremma Reidar Høllesli, Ingvar Meling Røssevold og Kjersti Helen Seldal Nordnes eit innbyggarinitiativ, med fleire av dei same momenta som blir påpeikte i brevet frå ordførarane i Forsand og Sandnes. Ønsket i initiativet er å tilbakeføra delar av området på nordsida av Lysefjorden til Forsand igjen. Dei skriv mellom anna:

KMD sitt vedtak tar ikkje omsyn til at grensejusteringa vil gi ein skuleveg til Strand på opp mot ein time, det same gjeld barnehagebarn. Justeringa får negative følgjer for Forsand skule når over 13 prosent av barna blir borte.

Det blir peika på at det var ein overvekt på 10 personar som stemte for grensejusteringa i Kolabygda, men at det samstundes var 12 stemmeføre som ikkje stemte av ulike årsaker.

Det er blitt sterkare band mellom nord- og sørsida av Forsand etter at brua stod klar i 1997. Nye familiar har flytta til nordsida, som kjenner sterk tilknyting til Forsand kommune.

Nordsida har felles skule, barnehage, sjukeheim, kulturhus, nærbutikk og kyrkje med Forsand. Legevaktordninga med Sandnes har i tillegg vist seg å fungera bra.

Grundig utgreidd og godt opplyst

Me legg til grunn at departementet har kome til at grensa, slik ho var foreslått i det opprinnelege initiativet, gir ei formålstenleg eining i samsvar med føremålet i inndelingslova. Det nye initiativet krev at departementet sitt vedtak blir endra.

Spørsmålet om grensejustering mellom Forsand og Strand er grundig utgreidd, både før grensejusteringa blei vedtatt, og som følgje av ordførarane i Nye Sandnes sin førespurnad om omgjering.

Fylkesmannen kan ikkje sjå at søknaden om å endra det grensejusterte området inneheld opplysningar som ikkje alt er kjende for departementet. På denne bakgrunn finn Fylkesmannen at dette er ei sak som ikkje vil føra fram, skriv dei i pressemeldinga.

Les også

  1. Wirak gir opp kampen om Preikestolen: – Nå er dette løpet kjørt, og sårene skal leges

Publisert:
  1. Forsand
  2. Strand
  3. Statsforvalteren i Rogaland

Mest lest akkurat nå

  1. Regjeringen vil skjære gjennom ved koronakrangel på Nord-Jæren

  2. Suksess for Vinterland på Ruten - måtte bestille 20.000 flere billetter

  3. «Ingen» dukket opp da kommunen tilbød drop-in for de mellom 12 og 15 år - får ny sjanse onsdag

  4. De ville gi oppreisning til Inger-Tone, men ble stemt ned

  5. Oppgjørets time nærmer seg for Trumps folk

  6. Resultatene i stor fedmestudie overrasker forskerne. Kjell Vidar Moland ble 65 kilo lettere.