Sauebonden fann halvparten av dyra døde

RYFYLKE: I sommar fann sauebonden halvparten av dyra døde. Politiet ba om tips i saka, men fann aldri ut om laushund stod bak.

Døde sauer låg spreidd utover eit stort område ved Kjerag. Sauebonden meiner noko må ha skremt sauene utfor stupet og kontakta difor politiet.
  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Det var i slutten av juli at 15 av bonden Edgar Melberg sine sauer blei funne ved Kjerag, 12 av dei døde og tre så skada at dei måtte avlivast. Før dette hadde han 37 sauer.

Satt tilbake til start

– Ein tener ikkje pengar første året ettersom ein ikkje får tilskot før andre året. Innkjøpsprisen nærmar seg 40.000 kroner, og så kjem vaksiner og mat inn. Eg begyndte med sauer i fjor, men no er eg satt tilbake til start, seier sauebonden frå Heia i Strand.

Melberg blei kontakta av ein person som hadde sett ein laus hund i området. Sjølv har han tidlegare sett sau med lam bli jaga av hund, og ga då tydeleg beskjed til eigar.

– Noko har skremt dyra mine utanfor Kjerag-platået. Vi meiner det må vere hund fordi det er så mange, sa Melberg til Aftenbladet like etter hendinga.

Les også

Politiet ønsker tips om saue-tragedien ved Kjerag

Les også

Kjerag: Det ligger døde sauer over alt

Ingen sak hos politiet

Sauebonden kontakta difor politiet.

– Eg melde frå om dette, men sidan har eg ikkje hørt noko meir. Eg trur ikkje dei forstod alvoret, seier han.

Verken ved Sirdal lensmannskontor eller Strand og Forsand lensmannskontor er det registrert straffesak på dette.

– I vaktloggen står det at sauebonden ringte og meldte frå om at han ønska at politiet skulle ta tak i det. Men det står ingenting om anmeldelse. Det kan sjølvsagt vere gjort ting som ikkje er loggført, men vi har i alle fall ingen straffesak på dette, seier politioverbetent Arild Kleven ved Strand og Forsand lensmannskontor.

Politiet gjekk i sommar ut og ba om tips i saka. Kleven understrekar at han berre kjenner saka slik den blei loggført, men at det ikkje står noko om at vitner har tatt kontakt.

Det er bønder frå Strand, Forsand og Gjesdal som har sauer i området ved Kjerag.

Publisert:
  1. Politiet
  2. Landbruk

Mest lest akkurat nå

  1. Personen som ble funnet død i Loddefjord, var savnet 24-åring fra Stavanger

  2. Ung gutt påkjørt av bil på Kvalaberg

  3. Hun ble alvorlig syk. Karrieren var i fare. Et år senere leverer hun et aldeles praktfullt album

  4. Bedre veier, billigere ferje og mer oljeleting

  5. Klarte ikke stille lag: – Kjempetrist

  6. «Her er det Oilers for alle pengene»