Ueinigheiter om nye Stavangers kommunevåpen
Rennesøy-ordførar Dagny Sunnanå Hausken vil behalde Stavangers kommunevåpen når Stavanger, Finnøy og Rennesøy blir slått saman til Norges fjerde største kommune i 2020.
Dagny Sunnanå Hausken. Foto: Knut S. Vindfallet
Sunnanå Hausken (Sp) meiner at sjølv om eit nytt kommunevåpen kunne vore eit viktig symbol på nye Stavanger, vil kostnadane vera for høge.
– Eg er redd heile potten på 46 millionar kroner som me har fått til samanslåingsprosessen vil gå med til dette aleine dersom vi vel å lage eit nytt kommunevåpen, seier ho.
I følgje koordinator for kommunesamanslåingsprosessen, Kjartan Møller, er det sannsynleg at kostnadane vil bli mindre dersom Stavanger sitt kommunevåpen blir verande. Han understreker at det enno ikkje er tatt ein endeleg slutting.
– Det vil truleg bli tatt stilling til i haust. I vurderinga er det ein rekke forhold som vil vera relevant å vektlegge i tillegg til kostnadar, blant anna historie og identitet.
Kommunevåpen, frå venstre: Finnøy, Rennesøy og Stavanger.
Inviterer til felles møte for de nye kommunene
Gro Skartveit. Foto: Pål Christensen
Viktig med nytt kommunevåpen
Tidlegare ordførar på Finnøy, Gro Skartveit (V) meiner det skal vera veldig gode grunner dersom ein skal laga eit nytt kommunevåpen.
– Det vil koste mykje. Det er heller ikkje det folk har størst identitet til. Me har godkjent det nye kommunenamnet Stavanger, som har mykje meir identitet enn det kommunevåpenet har, seier Skartveit. Ho meiner det er altfor kostbart, og at pengane kan brukast til andre ting som kan kome øyene til gode.
– Pennar, koppar, brev, flagg - det er enormt mykje som skal bytast ut viss me får nytt kommunevåpen. Me må tenke oss om kor me vil leggje ned ressursane me har fått.
Finnøy: – Eit nytt kommunevåpen hadde klart vore det beste
Ordførar i Finnøy kommune Henrik Halleland (Krf) derimot håpar på eit nytt kommunevåpen.
– Eit nytt kommunevåpen hadde klart vore det beste. Finnøy sitt kommunevåpen har vore viktig for Finnøys identitet, og på same måte er det viktig med eit nytt kommunevåpen som kan symbolisera den nye, spennande storkommunen, seier Halleland.
Truer sammenslåing identiteten?
Henrik Halleland. Foto: Pål Christensen
Vil ikkje ta side
Varaordførar i Stavanger Bjørg Tysdal Moe (Krf) har ingen formeining om korleis kommunevåpenet til nye Stavanger skal bli.
– Eg stillar meg lyttande. Det viktigaste er at me blir einige. Me skal få ein ny kommune, og store som små utfordringar må me ta i saman, seier Tysdal Moe. Ho fortel at det skal bli satt ned eit utval til hausten som skal vurdere saka.
Bjørg Tysdal Moe er Stavangers fungerande ordførar i sommar. Foto: Jon Ingemundsen
Ukjent prislapp
Den endelege prislappen på ei eventuell endring av kommunevåpen er ikkje kjent. Det er bestemt at nye Sandnes kommune skal få nytt våpen, og korleis det skal sjå ut skal også bli tatt opp til hausten.
Preikestolen blir nytt kommunevåpen
– Me har ikkje tal på kor mykje det kjem til å koste, men eg trur ikkje det har særleg kostnader. Brevark og konvoluttar trykker vi jo ikkje så mykje av lenger, seier varaordfører i Sandnes, Pål Morten Borgli (Frp).
– Men det er andre ting som også må bytast ut?
– Ja, men det skal vi klare, svarer han.
Å byte logo kan vera ein dyr affære. I 2009 endra Statoil sin logo, som i følgje informasjonsdirektør i Statoil, Ola Morten Aanestad, skal ha kosta rundt 200 millionar kroner. Prislappen på DNBs logoskifte i 2011 kom på 150 millionar.
Varaordfører i Sandnes, Pål Morten Borgli. Foto: Pål Christensen
FÅ OGSÅ MED DEG:
Mest lest akkurat nå
Sandnes, Sola og Randaberg trosser faglige koronaråd: - Blir helt feil, mener Stavanger
Jørpeland: Lastebil veltet i et sandtak
Stavanger letter på tiltakene fredag, men sier nei til skjenking
Kondisprofessor knuser fem myter om vekt og forbrenning: – Det er helt feil
Klepp og Hå opphever skjenkestopp
Tom Tvedt har fått ny jobb – kaster seg inn i saken som splitter Jæren
Aftenbladet anbefaler
Sandnes, Sola og Randaberg trosser faglige koronaråd: - Blir helt feil, mener Stavanger
Branner, politiaksjoner og sprøytespisser: Nå vil politikerne selge de omstridte boligene på Storhaug
Da strømmen ble borte, tømte lokalbutikken fryseren og ga ut gratis is
Hver gang Tellef begynner å gråte, får moren et sug i magen: Har han fått et nytt brudd nå?