Vil starte ny og grøn folkehøgskule – midt i Stavanger

Søkartala til folkehøgskulane sett stadig nye rekordar. No håper lærar Geir Bakken å få godkjent søknaden om å opprette den første folkehøgskulen i Rogaland på 70 år – med base i Stavanger sentrum.

Publisert: Publisert:

Geir Bakken er utdanna lærar, men arbeider no for fullt med opprettinga av ein ny folkehøgskule i Stavanger. Foto: Jan Inge Haga

  • Ingeborg Undheim

Utanfor eit gammalt kontorbygg i den eine enden av Pedersgata i Stavanger fortel intiativtaker og leiar for prosjektet, Geir Bakken, om den eventuelt nye Stavanger Urban Folkehøgskole (StUF).

Bygget kan romme 140 nye folkehøgskuleelevar i 2021, dersom søknaden til Utdanningsdirektoratet blir godkjent og ein ny budsjettpost blir oppretta i neste års statsbudsjett.

Vil bidra til det grøne skiftet

Bakken fortel at StUF skal vere eit svar på unge sitt engasjement i klimasaka, og meiner urbane strøk byr på spanande moglegheiter for grøn nytenking. Ulikt dei fleste andre folkehøgskular, vil folkehøgskule derfor ligge i Stavanger sentrum.

Det er i byen det grøne skiftet må skje!

I dag bur omtrent 55 prosent av verdas befolkning i urbane miljø. I 2050 forventar FN at andelen vil stige til 68 prosent. Derfor meiner Bakken det er relevant å opprette ein folkehøgskule som tek for seg berekraft og urbanisme, og som også er plassert i ein by.

– Eg meiner dette er ein heilt ny og radikal tanke. Her er idéen at ein skal arbeide med eit tema dei unge er opptekne av, og ha moglegheita til å arbeide med dette i urbane miljø. Det er i byen det grøne skiftet må skje!

Til saman har Bakken og ei interessegruppe for StFU utarbeida fem linjer og 10–12 valfag, der elevane skal arbeide både teoretisk og praktisk med tema rundt det grøne skiftet og berekraftig urbant levesett.

På ei av linjene er tanken at elevane skal få i oppgåve å byggje minihus, slike ein kan plassere på ein tilhengjar, på den mest miljøvennlege måten. Bakken fortel at linjene er lagt opp slik at ein har moglegheita til å knytte lokale kontaktar som elevane kan samarbeide med dei i ulike prosjekt, som eventuelt kan utvikle seg til eigne næringar.

– Flate tak i byen kan bidra til biologisk mangfald gjennom dyrking, insekt-hotell, bikubar og liknande. Det kunne vore eit prosjekt elevane kunne ha starta på, og som seinare kunne blitt ei eiga næring.

– Min grøne draum

Bakken er utdanna steinerpedagog ved Steinerseminaret i Sverige, og har tidlegare undervist på Steinerskolen i både Bergen, Sverige og Stavanger. Etter kvart gjekk han over til å arbeide med Pøbelprosjektet der han var pedagogisk leiar i seks år, før han blei fagleg leiar for Smartstudy som gjekk konkurs i fjor.

Idéen om folkehøgskulen har Bakken hatt i bakhovudet i fleire år før konkursen.

– Det er vel alle lærarar sin draum å få undervise litt vaksne elevar som kjem til skulen av fri vilje. Eg er sjølv ein miljøaktivist, og har jobba med unge menneske ei god stund. Når dei sett i gong ein klimakamp og krev at det blir gjort meir for miljøet, meiner eg det er på tide å ta ungdommane sine bekymringar på alvor, seier Bakken.

– Derfor har eg lyst å starte opp denne skulen.

Det gamle kontorbygget, som no fungerer som eit lager, er prega av lite vedlikehald og graffiti. Dersom søknaden om å få opprette Stavanger Urban Folkehøgskole blir innviinga, vil bygget romme 140 elevar i 2021. Foto: Jan Inge Haga

Stadig aukande søkjartal

Dagleg leiar ved informasjonskontoret for Folkehøgskolen, Dorte Birch, fortel at søkjartala til folkehøgskulane aukar.

Folkehøgskulane har eit rullerande opptak heilt fram til skulestart frå 16. august fram til 30. august. Derfor endrar talet seg ofte. Onsdag var søkjartalet på 24.156, som var 13,2 prosent over talet i fjor på denne tida.

– Det er nok ei blanding av søkjarar som ikkje har kome inn på studiet dei ønska, og søkjarar som har endra planane sine på grunn av koronaepidemien som søkjar no, seier ho til Aftenbladet, men legg til at dei også hadde ei auke i søkjarar før epidemien.

Bakken ser for seg at StUF vil ha 18–19 årsverk, fordelt på minst 25 tilsette, og vil ha ei kostnad på mellom 24 og 28 millionar i året. Halvparten vil kome frå elevbetalingar, og halvparten frå statsbudsjettet.

Det offisielle svaret på om søknaden bli godkjent eller ikkje, vil dei få i desember/januar, når endeleg statsbudsjett blir lagt fram.

– Men me kan jo lese av om folkehøgskular har fått noko støtte i forslaget til nytt statsbudsjett i haust. Då kan me få ei aning om prosjektet er godkjent eller ikkje, seier Bakken.

Unge ønsker å handle

I arbeidet med å utvikle StUF har Bakken samarbeida med Greater Stavanger som har henta informasjon om korleis universitet og andre skular har auka tilbodet av miljøretta studiar og fag, og kor stor etterspørselen for desse emna er.

Analysane viser at studentane og elevane ikkje berre ønsker å lære om tema som tek for seg miljø og berekraftig utvikling, men også gjere noko med det slik at dei kan vere med å avgrense klimaendringane.

StUF vil samarbeide med næringslivet, frivilegheita og blant anna masterprogrammet Byplanlegging (City- and Regional Planning) ved Universitetet i Stavanger. Dei fleste store og mellomstore miljøorganisasjonane i Noreg har blitt invitert og kome med innspel og utsegn til StUFs fagplan.

Dette meiner dei viser at det er kartlagt eit høve for etableringa av Stavanger Urban Folkehøgskole.

Solborg, med rektor Kjell Sverre Konstali, kunne feira 100 år i 2013. Det er så langt den einaste folkehøgskulen i Stavanger. Foto: Anders Minge

Vil gjere byen meir attraktiv for unge

Dette er ikkje første året Bakken sender ein søknad om å opprette folkehøgskulen. Første søknad sende han i 2018, og forsøkte på ny året etter. Då fann han ut at dei var nøydde til å arbeide politisk.

Han har teke kontakt med lokale politikarar og fått positive tilbakemeldingar frå alle parti i Stavanger. Både Arbeidarpartiet og SV har teke opprettinga av StUF inn i sine lokale program.

På Stortinget har blant anna Alexander Stokkebø (H) og Torstein Tvedt Solberg (Ap) sett verdien av ei slik etablering i Stavanger. I tillegg har Bakken vore i møte med lokalpolitikar Dag Mossige (Ap), stortingsrepresentant Roy Steffensen (FrP). Han har og kontakta statsrådane Iselin Nybø (V) og Guri Melby (V).

– Det verkar ikkje som det er nok å argumentere med at unge krev at me tek klimaendringane på alvor når eg forklarer politikarar kvifor denne skulen er nødvendig. Først når eg seier at Stavanger er ein lite attraktiv by for unge, og at det føregår ein migrasjon av unge menneske frå Stavanger, høyrer politikarane etter, seier Bakken.

Stavanger si befolkningsvekst er rekna for å vere den lågaste fram til 2040 blant dei mest befolka kommunane i Noreg, ifølge framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå.

Bakken meiner at skulen kan hjelpe å byggje opp eit nettverk av unge menneske, som kan bidra til å danne nye og andre næringar enn berre olja.

Foto: Jan Inge Haga

Seks nye folkehøgskular siste åra

Dagleg leiar for Folkehøgskolerådet, Christian Tynning Bjørnø, fortel at sidan 2018 har regjeringa innvigla middel til oppstart og planlegging av totalt seks nye folkehøgskular. To er allereie i full drift, medan dei fire andre planlegg for oppstart i løpet av dei to neste åra. Derfor har Folkehøgskolerådet anbefalt å satse på utviding av elevtal ved eksisterande skular.

– Det er allereie 83 folkehøgskular i Noreg, som ønsker å utvide plasstilbodet sitt, og derfor meiner me det også burde prioriterast i statsbudsjettet.

For å få løyvet til å opprette ein ny folkehøgskule, fortel Bjørnø at det har blitt viktigare og viktigare med politisk innflytelse.

– Det ligg ikkje ein pott med pengar som ventar på nye søknadar. Nye skular må bli innvigd med friske midlar i statsbudsjettet. Det har vist seg at dei søkjarane som driv god lobbying og engasjerer sine lokale og sentrale politikarar har best sjanse for å få oppretta folkehøgskulen sin.

Stortingsrepresentant Torstein Tvedt Solberg i utdannings- og forskingskomitéen meiner det både er eit spanande og unikt tilbod blant utvalet av norske folkehøgskular.

– Skulen vil både kunne bidra til noko nytt i folkehøgskule-tilbodet, og vil gje fleire moglegheita til å oppdage Stavanger, seier han.

Det er ingen enkel prosess å starte ein folkehøgskule, men Tvedt Solberg håper at stortingspolitikarane frå Rogaland kan samle seg for å få dette til.

– Interessa for folkehøgskular har auka, og det er derfor eit høve for fleire plassar. Eg har lyst å kjempe for at denne skulen får innvigd pengar slik at dei kan opprette skulen, men arbeidet med å opprette ein folkehøgskule er eit langsiktig arbeid som vil ta tid.

Etter Bakken si meining, vil opprettinga av StUF vise at Stavanger er ein by som tek klimaendringane på alvor.

– Skulen vil bidra til å gjere Stavanger meir attraktiv for unge. Eg forsøker å få til ei «Let’s make Stavanger attraktivt again for dei unge»-rørsle, smiler Bakken.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Slik blir Bussveien fra sentrum til Mosvatnet

  2. Politiet dro inn 231.000 kroner for ulovlig kjøring i Lindeveien

  3. SUS og Sandnes kommune begikk en rekke lovbrudd da pasient døde

  4. Tenkte først «her kan vi jo ikke bo»: – Dette stedet, altså. Her har jeg funnet roen.

  5. Knalltøffe tak for økonomien i Sandnes - fredag blir det alvor

  6. Er det eit offentleg ansvar å gi Kurt Nilsen millionlønn til jul?

  1. Miljø
  2. Torstein Tvedt Solberg
  3. Christian Tynning Bjørnø
  4. Stavanger
  5. Byutvikling