Kirkens Bymisjon opnar kafé med «søppelmat»

Maggi Hatløy, dagleg leiar i Kirkens Bymisjon Stavanger, seier målgruppa er dei med mykje tid, ikkje nødvendigvis dei med mykje pengar.
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Kirkens Bymisjon får 2,1 millioner kroner frå ExtraStiftelsen til å starte kafé på Sola. Heilt ordinær blir den på ingen måte.

– Mest mogleg av maten skal lagast med mat som elles ville blitt kasta i søpla. Så vil vi lage ein kreativ meny med utgangspunkt i maten vi får inn, seier Maggi Hatløy, dagleg leiar i Kirkens Bymisjon Stavanger.

– Målgruppa vår er dei med mykje tid, ikkje nødvendigvis dei med mykje pengar. At vi baserer oss på overskotsmat, er truleg med på å gjere det enklare å selje til rimelege prisar.

Matsentralen

Kafeen har inngått ein avtale med den nyoppstarta Matsentralen Rogaland. Aftenbladet skreiv i desember om matsentralen som skal forsyne organisasjonar med overskotsmat. Evangeliesenteret, Frelsesarmeen, Stavanger kommune, Hjerte for Sandnes/ Pinsemenigheten Klippen og IVAR hadde då gått saman om å kartlegge behovet.

– Vi har funne ut at behovet er om lag 200 tonn mat i året, sa styreleiar Vidar Solevåg.

Matsentralen vil halde til i Hoveveien i Sandnes og startar opp i løpet av hausten.

SOLA: Kirkens Bymisjon opnar ein kafé med mat som normalt ville gått i søpla. Det gir ein kreativ meny.

Publisert: Publisert:

Les hele saken med abonnement