Her er nyttårstalen til ordføraren i Time

Det at farsen blir mindre, men prisen aukar eller er lik er eit av temaa i nyttårstalen til Time-ordførar Andreas Vollsund (H).

Andreas Vollsund, ordfører i Time kommune er glad for at tida med teamsmøte er over.
  • Aftenbladet
Publisert: Publisert:

Kjære alle saman!

Hjarteleg velkomen til nyttårsmottaking! Endeleg. Ja, eg seiar «endeleg» fordi dette er
faktisk første gong sidan 2020 at me kan samlast til dette arrangementet på 1. nyttårsdag. Det gjer me utan å måtta forhalda oss til meteren eller dela oss inn i kohortar. Me kan til og med ta kvarandre i hendene. Og i kveld skal ingen nemna ordet Teams. Digitale møte det har det blitt litt for mykje av for min smak.

Ei historisk tid

For det er nokre svært spesielle år me legg bak oss. Ein verdsomspennande pandemi som kjem til å gå ned i historiebøkene har lagt begrensningar på samfunnet, og store ressursar har vore nytta for å redusera skadeverknadane av den. I generasjonar fram over kjem ein til å fortelja barn og barnebarn om den gongen ein kunne bli bøtlagt dersom ein var fleire enn ti samla på julaftan, at sivilforsvaret gjekk rundt og sjekka om du hadde tatt ein ulovleg tur på hytta, og det skapte overskrifter i media at ein helseminister hadde prøvd å ta nokon i handa. Og når me ende opp på Bryneheimen så kjem me til å minnast forbudstida når det ikkje var lov å skjenka alkohol på restaurantar, det var tomt for do-papir og mjøl på butikken og eit host kunne tømme et rom for folk raskare enn en brannalarm.

Det eg håpar at me òg minnes den gongen er korleis naboar, tettstadar, ja storsamfunnet, gjekk saman for å hjelpa kvarandre. Me ofra friheit for at risikogruppene skulle skjermast, og pensjonistar og frivillige organisasjonar stilte opp og gjorde det mogleg å vaksinera innbyggarane i fleire omgangar. Heldigvis ser dette ut til å vera eit avslutta kapittel, og takk og pris for det. Samtidig skal me ta med oss det positive og lære av det me kunne gjort betre.

Men på same måte som eg aldri hadde trudd at ordet kohort kunne bli ein del av
daglegtalen til barneskuleelevar, så var det nokre samtaletema som blei litt meir populære i 2022 enn ein kunne spådd på førehand:

  • Kor mange kilowatt straum brukar du i månaden?
  • Skrur de av julelysene på natta?
  • Var du òg oppe klokka tre i natt og satt på vaskemaskinen?

Språkrådet kåra «krympflasjon» til årets ord 2022. Det var eit nytt ord som eg lærte kva
betydde i fjor. For å seia det på godt Jærsk: Krympflasjon er når farsen blir mindre, men prisen aukar eller er lik. Språkrådet meinte ordet godt oppsummerte den sterke prisauken ein har sett den siste tida. For ja, ALT har blitt dyrare. Straum, drivstoff, rentene, maten – lista er lang. For ein stor del av oss gir prisveksten eit mindre økonomiske handlingsrom i kvardagen. Me tenkar meir over kva som er nødvendig innkjøp og kuttar ned ting me før «unna oss».

Ordføraren takkar alle som gjer ein innsats for at Time skal bli ein betre kommune å bu i.

Men for nokon er prisveksten dropen som får begeret til å renna over. Ein klarte akkurat å få økonomien til å gå rundt, men så stig kostnadane med 20 %. Ein klarar det ikkje lengre. I alle fall ikkje åleine. Det er ofte dei med minst frå før, som blir hardast råka av ei ny krise. I adventstida var eg med Frelsesarmeen å delte ut gratis mat til dei som treng det. Det gjorde eit stort inntrykk på meg å sjå kor mange det var i min eigen kommune. Eg reflekterte òg over korleis det ville vore for meg å vore i andre enden av den hjelpa. Hadde eg kjent på skam eller tabu over å måtte få gratis mat? Alle treng me hjelp av andre i løpet av livet. Det er ein del av å vera menneske og ein del av å leva. Eit godt samfunn er eit samfunn som tek vare på dei som treng litt ekstra hjelp og omsorg i ein kortare eller lengre periode. Eit sånn samfunn skal me ha i Time og eg håpar du som treng litt ekstra hjelp i ein vanskeleg perioden ikkje kjennar på noko anna enn at det er heilt rett at samfunnet, det offentlege eller frivillige, stillar opp for deg.

Så vil eg òg nytta anledninga til å takka alle dei frivillige som står på for Timesamfunnet. Takk vere kvar og ein av dykk vert kommunen vår ein litt betre plass å bu og leva.

Valdagen som kjem

Dette er min andre nyttårsmottaking som ordførar. Eg tok jo over ordførarkjede frå Reinert Kverneland i 2020, og har grugleda meg litt til å stå her i kveld. Fordi i år er det jo i kommuneval, og kommunestyret skal få ei ny samansetting. Derfor kan dette faktisk bli mi siste nyttårsmottaking som ordførar.
Derfor tenkte eg at eg berre kjapt skulle nemna 10 gode grunna til å stemma Høgre i år… Neidå, det skal eg absolutt ikkje gjera. Men eg skal koma med ei lita oppmoding til dykk. For eg er faktisk ekstremt glad i val. Ikkje berre val der eg sjølv står på vallista, eller der mitt parti har moglegheit til å få gjennomslag for politikk, men val sånn heilt generelt. Det at me som politikare kjempar om å ha dei beste løysingane. Kjempar om å få veljarane sin stemme.

For ikkje å snakka om valdagen der alle får lov til å legga to stemmar kvar – ei til
kommunevalet og ei til fylkestingsvalet – for å påverka kva politikk som vert ført i
kommunen vår og fylket vår. To stemmar kvar – uansett om du er direktør eller
arbeidssøkar. I Time kommune var det ved sist kommunestyreval 14 227 stemmeberettiga. Av dei var det 9 937 som valde å gå og stemma. For dei av dykk som er betre i hovudrekning enn meg sit de kanskje nå med prosenttala for valdeltakinga i hovudet. Eg sikra meg med å bruka kalkulatoren heime og kom då fram til 69,6 %.
Det er ikkje eit dårleg tal. Det er betre enn nabokommunane – og det er jo aldri feil å slå Hå og Klepp i noko – og betre enn snittet i landet.

Samtidig betyr talet at det var 4 290
timebuarar som ikkje nytta seg av stemmeretten sin i 2019. Det kan det vera mange grunnar til, både gode og sikkert nokre ikkje fullt så gode. Som ordførar betyr det talet at me ennå har eit stort potensiale for å få ennå fleire av innbyggarane til å delta i valet. For sjølv kor ueinige me som folkevalde er i einskilde saker. Så er me alltid hjartans einige om viktigheita av at flest mogleg brukar stemmeretten sin. Om du tenkar å stemma på parti til venstre eller til høgre – eller om du tenkjer å stemma blankt – flott! Køyr på! Berre bruk stemmeretten 11. september!

Nye innbyggjarar i Time

I dag, på 1. nyttårsdag, ligg heile 2023 føre oss. Me lukka i går kapittelet for 2022 og skal ta fatt på eit nytt år. Det er ikkje unaturleg på denne dagen og tenka litt over både året som har gått, og det som kjem.

2022 vil nok mange av oss forbinda med det året me igjen måtte oppleva krig på vårt eige kontinent. Eit av våre eigne naboland gjekk til eit brutalt, uprovosert og folkerettsstridig angrep på eit av sine andre naboland. Invasjonen av Ukraina har prega året og det har nå gått over 300 dagar sidan russiske styrkar gjekk over grensa. Det er for ukrainarar 300 dagar med bombing og skyting, redsel for eige og andre sitt liv, mangel på naudsynte forsyningar, usikkerheit for framtida, og flukt.
Eg kjennar både på ei djup medkjensle med det ukrainske folk og, skal ærleg innrømma det, ein kraftig provokasjon mot Putins Russland. Sjølv om me skriv år 2023 nå, så minar bileta frå Ukraina meir om 1940. Det er skyttargraver og utbomba bustadhus. Det er brutalt og det er barbarisk. I det første kommestyret kvart år så behandlar me staten si oppmoding til kommunen om kor mange flyktningar me skal ta i mot. For 2022 fekk me i utgangspunktet ein førespurnad om å ta i mot 30 flyktningar. Det var litt meir enn nivået me hadde tatt i mot åra før, men blei vedtatt med stort fleirtal.

Knudaheio der den kjende Time-forfattaren Arne Garborg hadde skrivestova si.

Så invaderte Russland Ukraina. Europa fekk den største flyktningstraumen på 80 år.
I kommunestyremøtet i mars, altså rundt ein månad etter me hadde vedtatt å ta i mot 30 flyktningar, kom ein ny førespurnad frå staten. Kan Time ta i mot 165 flyktningar?
Eit slikt tal hadde me aldri tatt i mot før. Ikkje i nærleiken ein gong. Kommunestyret var ikkje i tvil. Dette måtte me gjera. Det var ein måte me i vår kommune kunne bidra til å hjelpa eit folk i naud. Før jul fekk eg vera med på juletrefest i Bryne kyrkje der ukrainarar frå både Time, Hå, Klepp og Gjesdal var samla etter initiativ frå Kjell Haaland og Øyvind Nordsletten. Det var fullt hus og ei utruleg bra samling med kjekke folk.
Samtidig var det ei sørgjeleg påminning. For i salen var det eit fleirtal av kvinner og barn. Ukrainske menn i alderen 18 til 60 år får i hovudsak ikkje lov å reise ut av landet. Dei må bli igjen å bidra til forsvaret av landet. Det er vanskeleg for oss i trygge Norge å setta oss inn i den situasjonen som har utspunne seg på den ukrainske grensa. Fedrar som må skiljast frå barna sine for å få familien i tryggleik. Jenter og gutar som må sjå faren sin reisa vekk frå dei, og mot usikkerheit og utryggleik.

I første kommunestyremøte i år skal me på ny vedta kor mange flyktningar me skal ta i mot i løpet av året. Denne gongen er førespurnaden på 170. Behovet er stort. Ein ordførar skal alltid vakta seg for å forskottera ei behandling, men eg kjenner meg trygg på resultatet. Me skal klara 170. Det er vårt bidrag. Det skulle eigentleg berre mangla.

Ting på gang i 2023

I løpet av 2023 er det mogleg at me passerer 20 000 innbyggarar i Time kommune. Det er ein milepel. For oss som sit i kommunestyret er målet å skapa ein best mogleg kommune. Med folketalsvekst og låg arbeidsledigheit har det vore mogleg å styrka nokre tenester i budsjettet og ha rom for store investeringar. Eg vil på tampen nemna nokre av dei 94 sakene me har behandla i kommunestyret i 2022: Vedtak om å byggja ny dobbel idrettshall. Verskommuneavtale med Klepp og Hå om Jæren legevakt
Næringsareal på Kalberg har me diskutert og diskutert. Me har vedtatt og me har anka. Ei stor og viktig sak som engasjerer, på godt og vondt. Lokal straumstøtte til lag og organisasjonar. Lys rundt «Tjødnå». Heiltidsstrategi for Time kommune
Ny avtale med idrettsrådet og nytt musikkråd Økonomiplan med mellom anna ny ATO avdeling og ein ny symjehall i fireårsperioden.

Eg vil takka alle kommunestyrerepresentantane for jobben dei har gjort i 2022 og innsatsen dei legg ned, på tvers av alle parti, til det beste for kommunen vår. Ein ting som òg var eit høgdepunkt i 2022 var at Bryne blei ein av finalistane i «Attraktiv By»-kåringa. Me vann ikkje, men spør du meg er det å vera blant dei siste tre byane i finalen ein stor siger. Tenk at regionsenteret Bryne klarer å utmarka seg på nasjonalt nivå. Takk til alle som i mange år har bidratt til å bygga og utvikla byen, stein på stein. Næringsliv, privatpersonar og kommunen. Samarbeidet og summen av innsatsen har gjort byen til den han er i dag, og som heile Jæren kan kalla SIN by.

Eg vil avslutta med å ønska dykk alle eit godt nytt år. Eg håpar 2023 blir eit år fylt med nyeopplevingar, spennande oppgåver og ikkje minst eit år me tek godt vare på kvarande.

Takk for meg og takk for det gamle.

Publisert: