Søker om lausriving frå Nye Sandnes

Innbyggarane på nordsida av Lysefjorden har søkt Fylkesmannen om grenseendring, slik at Preikestolen og resten av området blir delt frå Nye Sandnes og lagt til Strand kommune.

I desember tok Forsand-ordførar Bjarte S. Dagestad, rådmann Søren Jensen mot krav om folkerøysting frå Fridtjov Thorsen Norland. Nå er det eit nytt initiativ om grenseendring.
  • Tor Inge Jøssang
    Tor Inge Jøssang
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

– Me meiner det er heilt unaturleg for oss å bli ein del av Sandnes kommune, så lenge me ligg tett opp til Strand kommune, uttaler Fridjov Thorsen Norland, tidlegare Forsand-ordførar og talsmann for initiativet.

Det er fleirtal på Stortinget for å slå saman Forsand og Sandnes frå 1. januar 2020. Vedtaket blir formelt gjort før sommaren.

– Det er eit folkeleg opprør mot Nye Sandnes i vårt nærområde. Folk engasjerer seg, er glad nokon tar dette initiativet. Det er veldig stor oppslutning og me har klart å få tak i dei fleste grunneigarane, seier Fridtjov Thorsen Norland som bur på Meling.

I desember 2016 var det eit innbyggjarinitiativ, kor folk i krinsen bad om ei folkerøysting om dette spørsmålet.

Fridtjov Thorsen Norland

– Me fekk på kort tid brei oppslutning blant folk, og samla over 60 underskrifter. Det same fleirtalet på ni i kommunestyret, som stemde for å gå til Sandnes, stemde også imot å gjennomføra røystinga. Difor går me nå vidare med denne saka, og brukar dei rettane som Inndelingslova gir oss, forklarer Thorsen Norland.

Ifølge lova kan søknad om at det skal setjast i gang utgreiing om grensejustering fremjast av innbyggjarar og grunneigarar i dei kommunane søknaden gjeld, av næringsdrivande som har sin registrerte forretningsstad der og av kommunestyret.

– Derfor er det denne gongen samla underskrifter frå store grunneigarar og verksemder i området, frå folk som har eigedom innan nærast alle gardsnummer frå gnr.1 Berge til gnr.11 Hengjane. Me finn det og naturleg å ta med den fråflytta garden Hengjane, sidan eigarane bur i Strand og berre kan nå eigedommen sin frå Strand kommune. Me har fått underskrifter frå grunneigarar innan dei fleste gardsnummer i området, men ikkje alle bruksnummer. Det har ikkje vore vanskeleg å få underskrifter. Folke er ivrige som bare det, held Thorsen Norland fram.

Initiativtakarane reknar med at Fylkesmannen i Rogaland kjem til å sende saka på høyring i kommunane Forsand, Sandnes og Strand.

– Sannsynligvis blir det folkerøyting i kretsen vår før departementet kan gjere endeleg vedtak. Me trur kommunen blir pålagt å gjere dette, sjølv om kommunestyret nekta dette sist. Då vil det reelle talet på dei som stiller seg bak dette kravet kome fram, seier Fridtjov Thorsen Norland.

– Mest felles med Strand

Han påpeiker at vegen mellom Jørpeland og Oanes opna i 1962. Fram til Lysefjordbrua kom i 1997, hadde grendene på nordsida av Lysefjorden mykje nærare kontakt med Strand på alle plan, enn resten av Forsand.

– Denne kontakten har ikkje blitt mindre etter bru og ny veg over Botsheia kom. Me har i dag eit breidt samarbeid med Strand, og det er dette me finn det naturleg å byggja vidare på i ein felles kommune, seier Thorsen Norland, som nemner

  • felles handels-, arbeids- og buområde
  • felles politidistrikt
  • felles kyrkjesokn
  • felles lokalavis
  • felles arena for kulturtilbod og kulturformidling
  • felles legevakt fram til 2016. Ei legevakt som fungerte godt for oss på vår side av fjorden. Ei legevakt saman med Sandnes fører til mykje lengre reisetid.
  • felles tannlegeteneste når den i framtida blir lagd til kommunane.

– Ved å gå inn i Strand vil folk i vårt område få mykje kortare veg til kommunesenteret og dei kommunale tenestene, konkluderer Thorsen Norland i brevet som er sendt til Fylkesmannen.

Køyre gjennom to kommunar?

I tillegg peiker han på Ryfast-vedtaket i Stortinget som har sagt at ferjedrifta på Høgsfjorden skal leggjast ned.

– Viss det skjer, vil folk i Forsand måtta reisa gjennom to andre kommunar, for å koma til kommunesenteret. Det finn me både unødvendig og unaturleg, så lenge me ligg tett opp til ein vel fungerande nabokommune i Ryfylke. Me vil vera ein del av Ryfylke i framtida, og i ein distriktskommune har me felles interesser og utfordringar. Her vil me lettare få innflytelse politisk og vera med å forma framtida for lokalsamfunnet vårt, oppsummerer Fridtjov Thorsen Norland.

Stortinget: Ja til Nye SandnesNei til Nye Sandnes-frieri

Han er skuffa over måten Nye Sandnes-tilhengjarane har behandle mindretalet på.

– På Forsand er det bare eit syn som er lov å forfekte. Måten dei behandlar folk på er med på å puffe på. Det fremjer ikkje deira sak når dei ikkje har argument for å slå seg saman med Sandnes, men bare skal ta oss som meiner noko anna, seier gamleordføraren.

Forsand-ordfører Bjarte S. Dagestad (H) har vore pådrivar for samanslåing med Sandnes. Han er ikkje overraska over at utspelet kjem.

– Dette er ein demokratisk rett som alle innbyggarane i Noreg har. Eg er jo litt spent på om fylkesmannen vil få fleire krav frå andre innbyggarar som vil ha andre grenser flytta. Det kan bli mykje å halde styr på. Inndelingslova stiller klare krav til slike innspill. Ikkje alle innspill kjem til videre behandling på nivået over, kommenterer Dagestad.

På andre sida av kommunegrensa, tar Strand-ordførar Irene Heng Lauvsnes (H) positivt mot initiativet. Kommunestyret har vedteke at det ønskjer ei slik grensejustering.

– Eg har forståing for dette initiativet. Innbyggarar er opptekne av nærleik til tenestene og dei ønskjer å ta vare på Ryfylke-identiteten. Eg er einig i at me naturleg høyrer saman. Strand Kommune vil ønskje dei hjertelig velkommen til oss, kommenterer ho.

Kommentaren frå Fylkesmannen i Rogaland er kort:

– Me vil behandle søknaden etter reglane i inndelingslov, som mellom anna forutset involvering av dei aktuelle kommunane, uttaler Anfinn Rosnes.

Publisert:
  1. Sandnes
  2. Strand kommune
  3. Forsand
  4. Ryfylke
  5. Lysefjorden

Mest lest akkurat nå

  1. Se hvor mye det har snødd i Sirdal

  2. Alec Baldwin skjøt og drepte en filmfotograf ved et uhell

  3. Nominert til gjev pris

  4. FHI: – Flere bør ta 3. dose koronavaksine

  5. Storbritannias dronning på sykehus

  6. Ble tobarnsmor med 18 års mellomrom: – Jeg er ikke lenger så skråsikker