Høg mann slo ned taxisjåfør i Sandnes

Ein over 1,90 høg mann og ei jente tok taxi, utan å villa betala. Då sjåføren gjekk etter for å be om pengane, slo mannen til.

  • Snorre Standish Norheim
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Like før klokka åtte torsdag kveld, melde ein taxisjåfør til politiet at han var blitt slegen av ein passasjer, som ikkje hadde tenkt å betala.

Slaget fall ved parkeringsplassen mellom Aspervika skole og Asperholen barnehage, på Sandnes, der mannen og jenta gjekk av.

Politiet operasjonssentral oppgjev følgjande, grove kjenneteikn, i tilfelle publikum skulle ha sett noko i Aspervika-området:

  • Høg, over 1,90
  • Svart jakke, svart hue og dongeribukse
  • Bart og skjegg i delar av ansiktet
  • Mørk i huda og rogalandsdialekt

Taxisjåføren er berre lettare skadd. Forholdet er meldt til politiet.

– Ikkje greitt at det går over i vald

Taxituren gjekk frå området rundt Kvadrat, og det er truleg ikkje snakk om mange hundrelappar for skyssen.

Tor Helge Stavik i politiet seier at dei aldri driv innkrevjing av pengar for taxisjåførarar, men at det blir annleis når unnasluntringa er gått over i vald.

– Er det vanleg at slike episodar går over i vald?

– Nei, vanleg er det ikkje, men det hender frå tid til annan. Det er dumt at det skal bli krangel om bagatellar, ofte er det småbeløp, og at folk kranglar om at sjåføren ikkje har teke kortaste veg, seier Stavik.

Publisert:
  1. Drosjenæringen
  2. Vold
  3. Sandnes

Mest lest akkurat nå

  1. 89-åring ved sykehjem ble ikke lagt om kvelden. Satt i stolen hele natten

  2. Solabuen vant dataspill-VM og rundt fem millioner kroner

  3. Over en million tv-seere så huset deres i beste sendetid

  4. Leggingen måtte utsettes da påfuglen dukket opp i hagen til småbarnsfamilien på Eiganes

  5. Skuffet Viking-trener: – Skal være gode nok til å holde unna

  6. Da hun ble gravid med sin homofile venn, ringte Anniken Huitfeldt for å spørre om det alle lurte på