Denne dama laga ei heilt spesiell julegåveliste

Ingrid Glette- Iversen har laga ei julegåveliste med ting ho vil gi foreldre med trang lommebok. Etter ho la ut annonse, har mange bedt om hjelp.

Publisert: Publisert:

– Folk gir fine gåver til sine nærmaste, men lite til andre som kanskje treng det meir, seier Ingrid Glette- Iversen. Det ville ho gjere noko med. Foto: Fredrik Refvem

  • Birgitte Flote
    Journalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Tobarnsmora la torsdags føremiddag ut ei annonse på finn.no der ho ba folk ta kontakt om dei trengde hjelp med julegåver.

To timar seinare hadde ho blitt kontakta av åtte personar. Når Aftenbladet snakkar med henne torsdag ettermiddag, ligg ti pakkar klare til å sendast i posten.

– Eg har vore nøydd å seie nei til mange. Eg har valt å prioritere foreldre som ikkje får kjøpt gåve til borna sine. Difor har eg til dømes sagt nei til folk som ikkje har råd til gåve til kjærasten si familie, seier ho.

Ho laga ei julegåveliste med 15 ting ho kunne tenke seg å gi vekk. Ti av dei hadde ho liggande, resten har ho kjøpt i ettertid.

Ingrid Glette- Iversen er klar til å sende julegåver til folk som har bedt om hjelp. Foto: Fredrik Refvem

Slik blir førjulstiden i Stavanger sentrumSnart frist for å bake til Pepperkakebyen: - Jeg bruker gjerne 3-4 uker på et pepperkakehus

Prøvde først å selle

Det heile starta med at ho skulle kvitte seg med ting ho ikkje trengte: Ubrukt kosmetikk, bøker, brettspel og liknande som ho hadde liggande i eit gåvelager.

Først prøvde ho å selle det gjennom ei «kjøpes, selges, gis-bort»-gruppe på Facebook, men fann ut at det var betre å gi det til foreldre med trang økonomi.

– Dei fleste som tek kontakt, skriv at dei ikkje treng så mykje. Det handlar om at dei vil ha noko å gi ungane, utan at det treng å vere så stort.

Disse julekalenderne er billige eller helt gratis

– Foreldre må lære borna å gi

– Det er mykje snakk om alle tinga ein får til jul, og i reklamene verkar det som det einaste som gjeld er PC og Ipad. Har eg tusen kroner å kjøpe gåve til ungane for, brukar eg 300 og gir resten til veldedig formål, seier ho.

Ho er mor til ein gut på fire år og ei jente på eitt år, og har allereie snakka mykje med dei om fattigdom.

– Folk gir fine gåver til sine nærmaste, men lite til andre som kanskje treng det meir. Ungane lærer av å sjå at ein gir. Det er noko av det viktigaste vi lærer dei.

– Mindre tabu å be om hjelp

«Vil du feire jul med oss?», «Trenger du en julegave?» og «Ønsker å hjelpe til jul» er namn på annonser lagt ut på finn.no.

– Jula er ei veldig dyr høgtid, og som aleinemor veit eg at det ikkje alltid er så lett. Det at eg sjølv ikkje stiller så sterkt økonomisk gjer at eg ikkje kan bidra så mykje, men litt er vel betre enn ingenting, skriv ei dame frå Sandnes i ei av annonsene.

Onsdag skreiv Rogalands Avis at organisasjonen «Hjelp oss å hjelpe Rogaland» merkar at pågangen aukar for kvart år.

Trine Langeland som leier den frivillige organisasjonen, seier til avisa at dei opplever at det er mindre tabu å be om hjelp.

På si heimeside skriv organisasjonen at dei mellom anna tek imot kle, mat, leiker, møblar, hygieneartiklar, kjøkkenting, og julegåver i sitt lager i Havnegata i Sandnes.

– Spesielt julegåver til born er høgt ynskja frå mange som kontaktar organisasjonen, skriv dei på nettsida.

Norwegian Outlet forventer fullstendig Black Friday-kaosDugnadsånd redder festen på Bryne
Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Folk på byen har allerede endret drikkevaner

  2. Gunnar Eiterjord slutter som sjef for Rogfast

  3. Her blir det nytt kjøpesenter og sykehus

  4. Leteaksjon etter mann (63)

  5. Mann koronasmittet i Sola

  6. Nattklubbene i Stavanger og Sandnes får åpne klokken 20

  1. Jul
  2. Fattigdom
  3. Barn og unge
  4. Facebook
  5. Julegaver