Mr. Ålgård byggjer ut på Sola

Totalentreprenøren som har bygt «halve» Ålgård, har stadig nye oppdrag på Jæren. I dårlege tider byggjer Masiv Bygg 80 nye leilegheiter på Sola, og salet går så det suser.

Publisert: Publisert:

Magne Svendsen og Frank Skjæveland på tomta i Sola sentrum, som skal byggjast ut i fem trinn. Foto: Rune Vandvik

  • Snorre Standish Norheim
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

− Det har vore kanongodt sal stort sett heile tida. Status no er at me har selt 56 leilegheiter, for cirka 194 millionar. Og det er veldig bra med tanke på tidene som har vore, seier Frank Skjæveland, eigedomssjef i Masiv Eiendom.

Ei trekanttomt i sørenden av Solakrossen skal husa fem bygg, med totalt 160 bueiningar. Den grafiske modellen som presenterer prosjektet 40 Femti Sola på nett, er nesten heilt raud, og indikerer at dei fleste einingane i byggjetrinn 1 og 2, allereie er selde. Det gjev ein salsgrad på cirka 70 prosent på dei to første trinna. Trinn 1 skal stå ferdig sommaren 2018, trinn 2 før året omme.

− Når me sel så godt, så tyder det at dette er noko folk har venta på. Det er lenge sidan det har vore nokon prosjekt i sentrum på Sola, seier Skjæveland

Fem bygg over fem byggjetrinn, eigedomssjef Frank Skjæveland er nøgd med ein salsprosent på rundt 70 for dei to første byggjetrinna, etter vel sju månader på marknaden. Foto: Snorre Standish Norheim

Fornøgd med miksen av kjøparar

Storleikane på leilegheitene går frå 49 kvadratmeter til over 150 kvadratmeter. Prisane startar på litt under 3 millionar og endar på over 9 millionar, og det er dei største som går først.

Eigar og dagleg leiar i Masiv Bygg, Magne Svendsen, er godt fornøgd med mangfaldet i prosjektet. Han signerer sjølv kontraktane med kjøparane, som viser eit stort aldersspenn, og at mange av kjøparane soknar til Sola.

− Det gjeld å treffa med alt. Arkitektur er éin ting, men det er òg planløysingar, leveransar, storleikar og ikkje minst pris, som passar den enkelte kjøparen. Så me har treft veldig godt på målgruppene våre, torer me påstå: Førsteetablaren finn sin bustad, men òg dei som skal bu her resten av livet, i ein sein fase.

Samarbeidspartnar i Bergen

– Det var opphavleg Tomagruppen i Bergen som åtte på tomta, og så trong dei hjelp til å få det realisert. Dei er ikkje ein eigedomsutviklar, dei driv med reinhald og catering, og trong hjelp til å realisera prosjektet, seier Frank Skjæveland om utbygginga på Sola.

Saman med Masiv Eiendom (50 prosent) eig Tomagruppen (45 prosent) Sola Atrium AS, som står bak 40 Femti-utbygginga. Eigedomsdelen av Masiv Eigedom har ein drøss av større og mindre selskap under seg.

– Det er få av våre eigedomsporteføljer me eig 100 prosent. Me ønskjer å samarbeida med andre verksemder, seier Svendsen.

– Merkar at det er dårlegare tider

I toppåret 2013 omsette Masiv Bygg for 817 millionar. I 2015 omsette entreprenørselskapet i Masiv-konsernet for 730 millionar, medan det gjekk tyngre i 2016. Hausten 2015 vart det nedskjeringar i konsernet, som gjekk frå 52 til 43–44 tilsette. Inneverande budsjettår siktar Masiv Bygg mot ei omsetning på rundt 500 millionar.

– Me merkar jo at det er dårlegare tider, me er oljesmurte som andre entreprenørar i området. Så me merkar nedgangen i olja, og kontorbygg har me jo bygt ein heil del av, seier Svendsen, som likevel peikar på salet på Sola som eitt teikn på at den negative trenden kan vera i ferd med å snu.

Magne Svendsen kjøpte 51 prosent av aksjane i Lothe Bygg, i 2009, og overtok resten i 2014. Då fekk selskapet sitt nye namn, Masiv Bygg. For første gong i selskapets historie, som eit svar på oljeutfordringa, skal entreprenørane no kryssa fylkesgrensa: eitt nybygg skal reisast i Narvik, og eit anna i Sogndal.

Ein kuriositet som gav opphav til namnet Masiv, er kombinasjonen av Magne og Siv. Ektefellane Magne Svendsen og Siv Karin Fosse Svendsen eig 20 prosent kvar i Masiv AS. Sonen og dottera eig 30 prosent kvar. Foto: Rune Vandvik

Ein finger med i det meste

Svendsen kom til Bryne som gymnasiast og fotballspelar, i 1973. Etter nokre år på heimstaden Etne, vart det spel for a-laget til Bryne og Frøyland, før fotballklubben vart Ålgård. Samstundes såg kona hans, Siv Karin Fosse Svendsen, etter ein stad å opna frisørsalong.

– Så det var fotball og kona mi sitt yrke som frisør, som drog oss til Ålgård. Me flytta dit i 1981, og har halde oss der sidan.

På banen vart det 222 kampar og 2 mål for Ålgård – utanfor banen vart det 36 mål med utleigeareal, gjennom Ålgård Sentrum AS, som Masiv eig ein tredel av, saman med Coop. Dette inkluderer ein handelspark på 12 000 kvadratmeter, Amfi-senteret som er like stort og har bustader oppå, og endå 12 000 kvadratmeter, som mellom anna Norwegian Outlet leiger.

Norwegian Outlet skal utvida, noko Masiv Bygg skal ta seg av. I tillegg er det planlagt 150 bueiningar ved Jæderfabrikken, og 1. september blir det servering av kjøtkaker på Lura Turistheim, i den gamle Lokhallen.

– Og dette er berre på Ålgård, presiserer Svendsen, og svarer dermed stadfestande på påstanden om at han er ein travel mann.

Mannekengar frå fotballklubbane Sandnes, Bryne, Randaberg, Ålgård og Frøyland prydar møterommet til Masiv Bygg, som blir leia av Magne Svendsen. Sonen, Adrian Fosse Svendsen, sit også i styret. Foto: Snorre Standish Norheim

Svendsen jobba som anleggsarbeidar før han utdanna seg til byggingeniør og bedriftsøkonom. Han har arbeidd med byutvikling i Stavanger og Sandnes, i fleire tiår, men utbyggjaren planla aldri å erobra Ålgård.

– Det er ikkje lett å bli profet i eigen by, er det eit ordtak som heiter, og det forsøkte eg å forhalda meg til. Men så var det ei moglegheit som dukka opp, eg såg eit stort potensial for å vidareutvikla Ålgård. Så i 2010 gjekk eg inn i ein sentral eigedom, og sidan har det berre utvikla seg vidare.

Mr. Ålgård driv familiebusiness

Ei nyleg endring i holdingselskapet som eig eigedoms- og byggjeselskapa, inneber at ungane til Magne Svendsen no eig 30 prosent kvar i Masiv AS.

– Me skal alle fara her i frå, og eg reknar ikkje med at eg kjem ned, men opp. Og viss eg kan sitja på ei kvit sky der oppe, og sjå ned på at verksemdene våre blir drivne av neste generasjon, ville det ha varma meg om hjartet.

– Du gløymde ein setning der! skyt sonen inn.

– «Men ikkje noko press, altså», plar han alltid seia.

Adrian Fosse Svendsen (31) er utdanna idrettslærar og har master i leiing ved BI i Stavanger. Dei siste fem åra har han gått gradene, i roller som montør av betongelement, byggjeplassleiar, prosjektleiar og trainee, både i entreprenør- og eigedomsdelen av Masiv.

– Eg kjenner ikkje på noko press. Det er veldig lærerikt, og eg er glad for den moglegheita eg får til å vera med på dette, seier Fosse Svendsen.

Publisert:
  1. Norwegian Outlet
  2. Ålgård
  3. Byutvikling
  4. Næringsliv
  5. Lura Turistheim