– I dag har vi tenkt mykje på folk vi kjenner i Manchester

I eit cruiseskip satt britiske Carole Woodget og Catherine Bunyan uvitande om terror- angrepet som hende like ved heimstaden deira.

Carole Woodget (til venstre) er glad det går bra med barnebarnet som studerer i Manchester. - I dag har vi tenkt mykje på folk vi kjenner der, seier ho.
  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

– Det går bra med meg, skreiv barnebarnet mitt i ein sms. Ho studerer i Manchester. Vi visste ingenting om kva som hadde hendt før vi gjekk av cruiseskipet i dag tidleg, seier britiske Carole Woodget.

Woodget og venninna Catherine Bunyan står utanfor Sølvberget og ser seg om etter ein kafé. Cruiseturistane er begge busett om lag førti minutt frå Manchester og kjenner mange i byen. Dagens opphald i Stavanger har vore spesielt.

– Eg er sjokka. I dag har vi tenkt mykje på folk vi kjenner, seier Woodget.

– Det er så trist, spesielt fordi så mange unge blei ramma. Men vi må ikkje la dei vinne, vi kan ikkje bli redde på grunn av dette, seier Bunyan.

22 personer er no bekrefta drept og 59 skada etter ein eksplosjon i forbindelse med ein Ariana Grande-konsert i Manchester. På arenaen var det 21.000 tilskodarar, veldig mange unge ettersom artisten appellerer spesielt til eit ungt publikum.

Ein sjølvmordsbombar som handla aleine, skal ha utløyst eksplosjonen då konserten nærma seg slutten og folk var på veg ut.

Visste ikkje

Diane Hodge frå Scotland sperrar opp auga når Aftenbladet spørr om terroren i Manchester. I eit cruiseskip utan dekning har ho vore uvitande om hendinga.

– Eg lurer på kvar det skjer neste gang, seier ho.

– Eg skal til Manchester om eit par veker for å sjå eit show. Men ein kan jo ikkje gå rundt å vere redd, seier britiske Patt Webb.

Webb seier gjerningspersonen burde blitt kasta ut av landet.

– Skal du bu i landet må du leve etter lova, lære deg språket og kulturen, seier ho.

Tysdag ettermiddag er det vel å merke framleis uvisst om gjerningsmannen var knytt til ei gruppe og kva som var motivet for handlinga:

Les også

DIREKTEBLOGG: Siste nytt om terrorangrepet i Manchester

Dette vet vi, og dette vet vi ikke om eksplosjonen i Manchester
– Vi har ikkje lest så mykje om angrepet. Vi kjem frå sør i England, så det er stor avstand til Manchester, seier Trevor Wright.

– Eg har høyrt at det var eit angrep, sjølvmord eller noko, seier britiske Jane Gadd. Ho står og ser på eit kart som mannen hennar Trevor Wright held.

– Vi har ikkje lest så mykje om angrepet. Vi kjem frå sør i England, så det er stor avstand til Manchester, seier Wright.

– Det er ikkje så mykje å gjere for å beskytte seg mot terror. Ellers kan ein ikkje leve, seier han.

Ei gruppe frå Nord- Irland som ikkje ynskjer å oppgi namn, seier dei er vande med terror. Landet var i fleire tiår i ei fastlåst valdeleg konflikt.

– Kanskje ikkje no, men tidlegare har vi vore vand med å forholde oss til at det kan skje når som helst. Du kan ikkje gå rundt å tenke på det, seier dei.

Publisert:

Manchester-angrepet

  1. Alle mistenkte løslatt etter Manchester-terror

  2. Ytterligere tre løslatt etter selvmordsbomben i Manchester

  3. Ariana Grande besøkte bombeofre i Manchester

  4. Politiet i Manchester: Bombemannen kjøpte ingrediensene selv

  5. Ariana Grande med minnekonsert for terrorofre i Manchester

  6. «Terrorister dreper barn. Det gjør vi i Vesten også.»

  1. Manchester-angrepet
  2. Manchester
  3. Terror
  4. Cruiseskip
  5. Stavanger