Ap i sjølvgransking etter katastrofeval

VAL: Arbeiderpartiet leitar etter seg sjølv etter katastrofeval. – Vi må bli tydelegare, meiner toppolitikarane, men er ikkje heilt samde i retninga.

Publisert: Publisert:

Bodskapen drukna og veljarane gjekk til partia som tydeleg sa kva dei meinte. Det seier leiar i Rogaland Ap, Stanley Wirak, om veljarane som forsvann. Foto: Fredrik Refvem

  1. Leserne mener

På landsbasis fekk Jonas Gahr Støre og Ap 27,4 prosent av stemmene. Det gjer valet til det dårlegaste på 16 år, og det dårlegaste valet dei har hatt som opposisjonsparti på over 90 år.

Les også

Støre blir neppe kastet etter katastrofevalget

– Vi fortalde ei forteljing som folk ikkje kjenner seg att i. Å snakke om arbeidsløyse har nok meir for seg her enn i resten av landet. Bodskapen vår drukna dessutan i meiningsmålingar og hardkjøret i Oslo mot ein leiar med mykje pengar, seier Stanley Wirak, leiar i Rogaland Ap og ordførar i Sandnes.

Han meiner partiet famna alt for breidt ved å opne får både Venstre og KrF.

– Vi skal famne breidt, men drar vi det for langt blir det uklart kva vi vil. Vi må stå tydeleg på venstresida. Stemmene lakk til dei som var tydelege, nemleg SV og Sp.

Fleire meiner eit utydeleg Ap kasta veljarane i armane på Audun Lysbakken(SV) og Trygve Slagsvold Vedum (Sp). Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Kritisk til frieri

Der får han støtte av Øystein Langholm Hansen, som blir partiets nykomling på Stortinget.

– Flørten med Venstre og KrF har neppe bidratt positivt. Tvert imot trur eg det har jaga stemmer til SV og Raudt. Eg meiner Rogaland demonstrerer dette fordi situasjonen var motsett her. Her hamna SV under sperregrensa samtidig som fylket er landets beste for Ap.

Les også

Her innser Ap-politikaren at han skal på Stortinget

Øystein Langholm Hansen under valvaka mandag kveld. Skuffelsen var stor då han ikkje kom inn på Stortinget. Etter ytterlegare stemmetelling tysdag, var han likevel inne. Foto: Anders Minge

SV gjekk på landsbasis fram med 1,9 prosent frå forrige val, medan Raudt gjekk fram med 1,3 prosent og får for første gang eit mandat på Stortinget. I Rogaland er framgangen mindre, med 0,7 prosent for begge.

I Rogaland fekk Ap 22,4 prosent. I fleire fylke får partiet større prosentandel av stemmene, men tilbakegangen frå forrige Stortingsval er minst i Rogaland. Også her går dei tilbake, men berre med 0,2 prosent.

Hege Haukeland Liadal er ikkje samd i at løysinga er å lukke dørene for fleire parti. Tvert imot meiner ho partiet bør kunne samarbeide med alle andre enn Høgre og Frp. Foto: Geir Søndeland

Står bak Støre

Stortingsrepresentant Hege Haukeland Liadal meiner tvert imot at dei bør gå enda breiare ut.

– Høgre og Frp bør vere dei einaste vi seier tydeleg nei til. Vi skal vere landets største parti og då må vi også evne å samarbeide med parti som ikkje liknar oss. Det som var krevande denne gongen, var at Raudt og MDG stilte så ekstremt harde krav og då kunne vi vanskeleg gjere anna enn å lukke døra.

– I valkampen har Frp vore i fri galopp samtidig som dei fører ein langt meir ansvarleg politikk i regjering. Dei har to andlet og det var vi ikkje godt nok førebudd på. Samtidig har vi vore utydelege. Der vi burde snakka om å auke velferden, har vi snakka om å auke skattar. Vi har ikkje vore konkrete på kva vi vil.

Sidan valnatta har mange spekulert i om Jonas Gahr Støre si rolle som leiar heng i ein tynn tråd.

– Han er den fremste og sterkaste leiaren, både på gode og dårlege dagar. Internt i partiet er det ikkje diskusjon om dette, seier Liadal.

Wirak på sidelinja

– Støre sin posisjon som leiar er ikkje det vi diskuterer no. Vi må alle ta kritikk for at det gjekk slik, det har ikkje med leiinga å gjere. Det einaste som er heilt sikkert no, er at vi kjem tilbake, seier Wirak.

Sjølv har Wirak, som til vanleg er ganske synleg i politikken, stått på sidelinja gjennom heile valkampen.

– Det er heilt bevisst. Mi rolle har vore administrativ, og slik må det også vere. Det er stortingsrepresentantane ein skal fronte i valkampen, seier han.

Les også

– For fyrste gong på 36 år røysta eg ikkje på Ap

Publisert: