• Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa strålte som ei sol då ho opna "nye" riksveg 13 mellom Kilane og Osberg i Suldal onsdag føremiddag. Her er ho i lag med Maren Kilane og ordførar i Suldal, Torkel Myklebust. Heidi Hjorteland Wigestrand

17. mai på forskot i Suldal

Flagga gjekk til topps alt i dag i Erfjord, for onsdag opna samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa fem kilometer sikra og nyopprusta veg i Suldal.