• Samferdselpolitikarane Eli Aga (t.v.) frå Høyre og Ellen Solheim (KrF) får ikkje eit klart råd frå Finnøy kommune om kva dei skal meina om bruplanane i Fisterøyane, når saka kjem opp i samferdselsutvalet i fylket neste veke. Fredrik Refvem

Finnøy splitta om bru

Formannskapet i Finnøy klarte ikkje å bli samde om framtida for bruene i Fisterøyane. Mindretalet vil at prosjektet nå skal skrinleggjast.