Jonas Skrettingland i nyttårstalen i Hå: - Årsskiftet er ikkje eit vegskille. Det er eit steg på same vegen

Ordfører i Hå, Jonas Skrettinglands tale på nyttårsmotakelsen 1. januar 2020.

Publisert: Publisert:

Jonas Skrettingland. Foto: Torstein Lillevik

Godt nytt år!

Nyttår er tid for ettertanke, og tid for å tenkja litt framover.  Slik skal og denne nyttårstalen vera. Ikkje ein årsrapport over alt som hende i Hå i 2019, men nokre tankar om kor vi er, og kor vi vil hen. Hendingar i 2019 vil sjølvsagt vera viktige for både kor vi er og kor vi går hen.

Først må det seiast at eg er glad for at eg skal få lov til å halda denne nyttårstalen nok ein gong. 2019 var valgår, og sjølv om eg hadde mine tankar om korleis dette burde gå, var det jo andre som tenkte annleis. Uansett tenkjer eg at vi i det politiske arbeidet skal leva opp til visjonen for Hå kommune; vi skal løfta i lag. Det skal vi gjera til beste for folket som bur i kommunen, og som har valgt oss til å styra kommunen.

Det vart fleire Hå-buar i 2019. Dersom folketalsutviklinga har halde fram som tidlegare i året, bør vi runda 19000 innbyggjarar no i starten av 2020. Vi er på langt nær tilbake til optimismen før 2015, og det er heller ikkje sikkert at vi skal ønska oss det.

Kva vil vi så for Hå kommune?

Vi er ein landbrukskommune

Det er nasjonale styresmakter som set ramane for landbruket. Det har vi fått merka til fulle når det gjeld pelsdyrnæringa. Kommunen har uttalt seg fleire gonger, kommunepolitikarar har engasjert seg, både i medier og i møter med stortingspolitikarar og ministrar utan at vi opplever å ha nådd fram.

Eksportstøtte til Jarlsbergosten vert teken bort, og plutseleg har vi altfor mykje mjølk. Det vert framleis arbeidd med ny gjødselvareforskrift som kan endra ramevilkåra for jærlandbruket radikalt. Kommunen styrer kan hende ikkje så mykje av landbrukspolitikken, men vi har eit landbrukskontor som forvaltar den nasjonale landbrukspolitikken i møte med bøndene. Dette har vorte styrka, og vert opplevd å stå på lag med bonden. Det er viktig.

På siste kommunestyremøte vart planprogram for ein landbruksplan vedteke, og eg tenkjer at vi skal bruka mykje tid på denne landbruksplanen i 2020. I lag med landbruksnæringa må vi tenkja gjennom og laga ein plan for korleis vi skal bruka denne avgrensa ressursen som dyrka og dyrkbar jord er. Vi må sjå på korleis bonden sin iver etter å produsera mest mogeleg mat går saman med samfunnet sin vilje til å ta vare på biologisk mangfald og kulturminner. Landbruksnæringa vil møta nye miljøkrav, og i kommunen sitt arbeid med ein klima- og energiplan må vi sjå på korleis landbrukskommunen Hå kan verta verande ein stor og viktig landbrukskommune med endra krav til utslepp av både det eine og det andre. 

Kommunalt planarbeid er viktigare enn bonden kanskje tenkjer når ho eller han går på fjøsgangen og irriterer seg over alle som vil leggja seg borti livet på garden.

Hå vil vera attraktiv for anna næringsliv

Vi har anna næringsliv enn landbruk. Difor har vi og lagt til rette areal for bedrifter. Det er ledig næringsareal i alle delane av kommunen, og det har vorte selt tomter og har kome opp nye næringsbygg både i nord og i sør det siste året. Ikkje minst mot slutten av året har det vorte vist interesse for næringstomter. Vi får ta det som eit godt teikn, og vi skal og i året som kjem ta godt imot bedrifter som vi vera etablert i Hå.

Det siste året har vi arbeidd med reiseliv på Jæren. Auka reiseliv er også næringsliv. Det er spennande å sjå korleis aktørar satsar på både mat, opplevingar og overnattingstilbod. Reiseliv er ei av dei sterkast veksande næringane i regionen, og mykje ligg til rette for at vår vakre kommune kan ta sin del av denne veksten.

Sirevåg har vorte sett på kartet kvart år dei siste åra. Dei store seilskipa har funne Sirevåg som ei triveleg hamn, og kommunen har saman med frivillige  i lag og foreiningar lagt til rette for Tall ship, ein folkefest, midt på sommaren. Vi kan ikkje laga slike folkefestar kvar sommar, men vi ser med ein viss stolthet at det betyr noko både for kommunen og regionen. Vi tek gjerne imot besøk, enten det er nokre få turistar eller det er større arrangement. Vi tek det med under overskrifta næringsliv.

Vi vil vera ein kommune med gode oppvekstvilkår

Skule og barnehage får alltid mykje politisk oppmerksomhet. I 2019 har vi ikkje teke i bruk ny skule eller ny barnehage. Vi har starta ei betydeleg rehabilitering av Varhaug skule, men elevane må nok belaga seg på brakketilværelse eit år til. Viktigare enn bygga, er det som føregår inne i bygga. Innanfor ramen av Jærskulen har det vorte arbeidd mykje med læringsutbytte og kvalitet. Vi har og dratt nytte av ei vegleiargruppe med støtte frå Fylkesmannen. Arbeidet med kvalitet i skule og barnehage vil halda fram i 2020. 

Kulturskulen må og nemnast når det gjeld gode oppvekstvilkår. «Lesa og skriva og rekna er bra», song vi på barneskulen, «men å få syngja litt, det gjer oss glad». Musikalen High School Musical var eit høgdepunkt i kulturskulen sitt program, og høgdepunkta er viktige. Det er likevel det daglege arbeidet med å læra å spela eit instrument, læra å dansa, læra å syngja som er med på å gjera dagane rikare og livet betre for den oppveksande generasjonen.

Vi kan heller ikkje snakka om oppvekstmiljø utan å nemna det frivillige arbeidet. Det gjeld både i dei store og veldrivne idrettslaga og på Misjonshus og andre kulturbygg. Den flotte aktivitetsparken eg fekk opna for idrettslaget på Varhaug er eit eksempel på den iveren frivillige lag og organisasjonar viser for å leggja til rette for byggjande aktivitet for barn.

Hå vil vera ein kommune med trygge ramar

Trygge ramar kan dreia seg om å vita at kommunen sitt avløpsnett kan ta imot regnet som til tider strøymer ned. Opplevinga på Vigrestad for fem år sidan vil vi ikkje ha igjen. Husa i Brattlandshagen skal og sleppa vatn i kjellarane slik dei gjentatte gonger har opplevd. Det er lagd ned mange og store røyr, både på Nærbø, Varhaug, Vigrestad og Brusand dei siste par åra. Røyra vi grev ned på Vigrestad i desse dagar har ein indre diameter som tilsvarar etasjehøgda i eit nytt hus. Og skulle ikkje det vera tilstrekkeleg, vert gata konstruert som overløp for flaumvatn. Det vert lagt merke til at Hå ikkje berre set og ventar på nasjonale pengar til flaumsikring, så i august vart eg invitert til eit lite seminar på Arendalsveka for å snakka om klimatilpasning i Hå. Vi kjem til å halda fram med flaumsikring. Vi reknar og med at vi skal forsyna oss av nasjonale flaumsikringspengar slik vi har gjort. Vi skal alltid ha ferdige planar, slik at vi står klar når det skal tildelast statleg støtte.

Trygge ramar kan og dreia seg om blålys, eller å ha blålysetatane i nærheten. Vi er stolte av vårt eige brannvesen. Dei er raskt på pletten om noko hender. Nytt av året er måten vi samarbeider med politiet på. Slett ikkje alle er glade for nærpolitireformen. For oss i Hå, har endringane faktisk betydd eit politi som opplevest nærmare. Politikontakten brukar å vera på kommunehuset kvar veke, og dei som arbeider med ungdommane i kommunen opplever nærare samarbeid med politiet enn før. Har vi signalisert ønske om meir synleg politi ein periode, har vi og fått det. Så får vi håpa at det kan halda fram slik.

Like før sommaren hadde vi og saman med politiet ein kveld då vi på ny sette lys på temaet ungdom og rus. Ein skulle kanskje tru at rusproblem skulle vera fråverande med alle dei gode tilbod kommune og frivillige har for ungdommane våre, men slik er det dessverre ikkje. Og følgene av rusmisbruk har vist seg å vera katastrofale i enkelte tilfelle. Nært politi er viktig, men endå viktigare for ungdommane er nok nære foreldre, nære vaksne. 

Hå vil ha levande stasjonsbyar

Det er mange ting som samlast i ønsket om å ha levande stasjonsbyar i kommunen. Vi vert fleire folk i kommunen, og vi skal bu tettare. Då er det viktig at vi lagar planar for stasjonsbyane våre som gjer det triveleg å bu og leva der. Like før sist nyttår vart planen for Nærbø sentrum vedteken. Den er no førande for dei grep vi gjer der. Det begynner med så grunnleggjande ting som avløp og tilrettelegging for framtidige bygg i sentrum

På Varhaug har folk vorte engasjerte, skisser har vorte diskuterte, og i løpet av dette året reknar vi med å få planen på plass. Det er lange prosessar, og det er lang tid mellom plan og realitet. Planarbeidet er likevel viktig, for planane gir oss retningen vi vil gå.

Difor er det også viktig å koma i gang på Vigrestad.  

Tre arkitektfirma leverte seint i haust skisser for korleis dei ser føre seg at Stokkalandsmarka sentrum kan sjå ut. Desse skissene vil vi arbeida vidare med, i lag med dei som bur i Stokkalandsmarka. Eg fekk opna ei flott grillhytte øvst i feltet i november, eit synleg bevis på at dei som bur i marka er engasjerte i bumiljøet sitt.

Det vert arbeidd med regionalplan for Jæren. I den samanhengen er og stasjonsbyane heilt avgjerande. Der vert det snakka om å byggja rundt kollektivknutepunkt. Det vert snakka om utslepp av klimagassar og nødvendighet for å redusera behovet for biltransport. Hå er ein del av det. Klimatilpasning i Hå vil måtta vera meir enn flaumsikring i åra framover. Vi må gjera vårt for å hindra klimaet i å utvikla seg i negativ retning. Det er viktig i den samanhengen også at vi greier å gjera stasjonsbyane våre levande og attraktive.

Skal stasjonsbyane vera levande, må det tenkjast på bumiljø med både handel, møtepunkt og kulturtilbod. Vi kan vera stolte av Hå gamle prestegard. Vi kan gle oss over Jærmuseet. Men vi treng og møtepunkta like utanfor døra der naboar møtest og kvardagslivet vert levd.

Stasjonsbyane er viktige både av hensyn til jordvern og av hensyn til transport. Mest viktig er det likevel fordi vi vil at folk skal ha det triveleg i Hå, og at ungdommane våre skal veksa opp til gagns menneske.

Vi seier ofte at det skal vera godt å verta gammal i Hå

Så må eg nok innrømma at eg får ulike tilbakemeldingar frå folk. Eg møter folk som er fulle av lovord over måten dei sjølv eller deira eldre er møtt på av kommunen. Kan hende mest slike. Men eg får og høyra om folk som ikkje får det tilbodet dei meiner dei burde få frå Hå kommune. Då politikarane skulle vedta budsjett for dette året og økonomiplan for åra framover, var det nettopp sjukeheimsplassar og eldresenter som var det spørsmålet som fekk mest oppmerksomhet. Skal sjukeheimsplassar eller heimetenester prioriterast innanfor dei økonomiske ramane vi har? Vi var ikkje enige om vegen, men at desse sakene vart viktigast, viser at politikarane er opptekne av at eldre menneske skal ha gode tenester i Hå. Det er jo eit godt utgangspunkt. Med stadig fleire eldre, vil spørsmålet om tenestetilbod til eldre vera sentralt for politikarane og i det komande året. Eldrepolitikken vil nok i Hå som i andre kommunar dreia seg om meir enn antal sjukeheimsplassar. Og det er jo slik at ettersom åra går, vert dette spørsmålet stadig meir personleg og ….

Vi vil vera ein service-kommune

Folk seier at det er triveleg å koma inn på rådhuset. Dei seier at dei vert godt møtt av dyktige tilsette på servicetorget. Det er slik det skal vera. Hå kommune leverer tenester til innbyggjarane i Hå. Det er det som er heile hensikten med kommunen. Det veit dei som arbeider i kommunen. Dei veit det, og dei leverer. Det skal dei ha takk for. Føreåret vart det laga ein filmsnutt som viser litt av det arbeidet som vert gjort av tilsette i kommunen. Kvardagsheltar, var tittelen. Det er mange kvardagsheltar i Hå kommune.

For å gjera møtet med kommunen endå betre, vert det arbeidd med språket i den kommunale forvaltninga. Det var «bøse» å møta kommunalministeren i Oslo og ta imot klarspråkprisen sist vår. Det er kjekt å sjå at det arbeidet kommunalt tilsette gjer, vert lagt merke til og sett pris på også nasjonalt.

Årsskiftet er ikkje eit vegskille. Det er eit steg på same vegen. Eg har nemnt viktige planar politikarane arbeider med. Eg har nemnt budsjett og økonomiplan, landbruksplan, klima- og energiplan og sentrumsplanar. Alt dette samlast i arbeidet med ny kommuneplan. Det er fem år sidan vi vedtok gjeldande kommuneplan. Då peika alle piler oppover. Mykje har hendt etterpå, så det er tid for å sjå på kva den endra vekstfarten skal ha å bety for kommunen. 

Løftar vi i lag; landbruk, næringsliv, frivillige lag og organisasjonar, kommunalt tilsette og politikarar, kjenner eg meg rimeleg trygg på at Hå og i åra framover skal vera ein god kommune å bu i, arbeida og leva i.

Eg har teke fram nokre av mine tankar for Hå kommune. Mest av alt er Hå kommune menneske. Folk som har budd her i generasjonar, og folk som nyleg har flytta hit. Det er vi i lag som er Hå kommune. La oss gjera 2020 til eit år då vert endå flinkare til å sjå kvarandre og bry oss om kvarandre. 

Ha eit godt år!

Publisert: