- Me er einige med Høien

— Rogaland Frp har vore og er einig med Torgeir Høien, seier Frp-veteranen Ola Ingvaldstad til Aftenbladet.

  • Margunn Ueland
    Margunn Ueland
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over 17 år gammel

VANSKELEG: Ingvaldstad minner om at heile Rogalandsdelegasjonen var samd med Torgeir Høien då han på landsmøtet i fjor sterkt kritiserte forslaget frå partiformann Carl I. Hagen om statlege strukturfond.

— Koss har denne usemja med partileiinga kome til uttrykk det siste året?

— Torgeir Høien har stått i spissen for denne diskusjonen sidan han har vore med i sentralstyret og sidan dette er hans fagfelt. Problemet er at me har innretta oss slik i Norge at kapitalen har hopa seg opp på offentlege hender. Kombinert med eit høgt skattenivå gjer dette at me tappar privat sektor for kapital. Derfor burde me senka skattenivået. Men når me ikkje når fram med det, har partileiinga kome med andre framlegg. Det er eit vanskeleg dilemma, vedgår Ingvaldstad.

Fylkesformann Solveig Horne Kolnes vil ikkje «spekulera i om partiet har teke et feil vegval her og nå». Ho viser til at programdebatten er starta i partiet og at Rogaland Frp har ein jobb å gjera der.

Støttar Hagen Ho vil ikkje gå med på at det er dårleg gjort av partileiinga å vri seg unna Høien sin kritikk av partiet sin politikk ved å forklara utmeldinga hans med at han går til ein ny jobb som finansrågivar i ein stor bank.

— Torgeir Høien informerte oss i Rogaland om at partiet si linje i næringspolitikken ikkje er foreinleg med hans nye jobb, seier Kolnes.

— Altså er det snakk om ein kombinasjon av politisk usemje og ny jobb, legg Ingvaldstad til.

Var stolte av Høien Horne Kolnes medgir at Høien kunne ha fått ein plass høgt oppe på Stortingslista dersom han hadde vore interessert. Ho seier seg lei for å ha mista ein så dyktig og profilert politikar. - Me var stolte av hans innsats og vil sakna kompetansen hans. Utover det betyr ikkje utmeldinga hans noko. Me i Rogaland Frp er eit stort og aktivt parti og var det også før Høien kom inn, seier Kolnes.

— Det mest uheldige med dette er at Frp mistar ein god mann, legg Ingvaldstad til.

- Stikk djupt Leiaren av Rogaland Arbeiderparti, Frode Berge, meiner Høien si utmelding synleggjer latente politiske og ideologiske konfliktar som har eksistert i Frp dei siste 20 åra. Han ser tidlegare utbrytarar som Ellen Wibe, Tor Mikkel Wara og Pål Atle Skjervengen som eksponentar for den same prinsipielle, klare, liberalistiske linja som Høien står for.

— Hagen har stramma grepet den siste tida, slik at denne fløyen ikkje har vore så synleg. Men heile tida har det ulma under overflata. At sentralstyremedlem Høien, som har representert landets nest største fylkeslag, melder seg ut, er dramatisk og viser at partiet har eit stort problem. Her er det snakk om ideologiske skiljelinjer som stikk djupt, seier Berge til Aftenbladet.

Ingvaldstad går på ingen måte med på å setja Høien i bås med Ellen Wibe & Co. - Ho ville gjera Frp til eit anna parti enn det nokon gong har vore. Hugs at reinhekla liberalisme i sin ytterste konsekvens er anarkisme, seier han.

- Velkomen til Høgre! Nestleiar i Rogaland Høgre Inger M. Bjerkreim meiner det er tydeleg at Frp dei siste åra har vridd seg mot venstre, slik som Høien hevdar. - Frp går av og til lenger enn SV i å ropa på at staten må betala for alt. Lysten i partiet er også stor til å bruka oljepengar. Eg skjønar godt at Høien reagerer på dette og ynskjer han velkomen i Høgre.

— Du meiner ein mann som finn Frp for venstrevridd, passar betre i Høgre?

— Me er mange i Høgre som synes Høien er ein fornuftig mann. Attpåtil har han veljartekke, smiler Bjerkreim, som trur Frp vil tapa veljarar på at Høien meldte seg ut.

margunn.ueland@ aftenbladet.no

Publisert:
  1. Politikk

Mest lest akkurat nå

  1. De fleste ungene ble skremt og sprang bort, men fire ble med den fremmede mannen

  2. Ny direkterute fra Sola

  3. Vinden skaper trøbbel – ferjer ble omdirigert til Hanasand

  4. Cruise-film fra Stavanger skal ut i hele verden

  5. Gladmelding til Bryne-fansen: – En av de beste i ligaen

  6. Spotify fjerner Neil Youngs musikk