Køyrte frå Tyskland for å delta på Fjordsteam

Ekteparet Anke og Hubert Paulus (72) køyrte frå Kiel til Stavanger med bil med den vesle dampbåten «Pauline» på tilhengaren. Det er Hubert sjølve som har laga den.

Hubert og Anke Paulus blei invitert til Fjordsteam av folka på «MS Sandnes» tidlegare i sommar.
  • Ragnhild Sofie Selstø
    Ragnhild Sofie Selstø
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

– Botnen blei laga i Gøteborg og køyrt til oss i Kiel med bil. Så fann eg ein heimelaga dampmotor på internett som hadde stått halvferdig i ein kjellar i 15 år. Eg kjøpte den, bygde den ferdig og sette den i båten, fortel Hubert. Han er pensjonert rektor, mens kona Anke jobba tidlegare som lærar.

– Mennene startar med små båt modellar, så blir dei berre større og større, ler Anke. Sjølv om båtar ikkje er hennar hobby, er ho med ektemannen på festivalar. Ho har også lært seg å styre båten.

– Man må vera to for å gå med båten. Eg passar for eksempel på temperaturen i motoren mens Hubert styrar, seier ho.

Hubert og Anke Paulus.

For eit par veker sidan deltok Hubert og Anke på ein festival for dampdrivne maskinar i Flensburg i Tyskland med namnet Dampf Rundum. Der var også «MS Sandnes». Folka om bord Sandnes-båten inviterte ekteparet og deira båt på årets Fjordsteam. Ekteparet er i Stavanger fram til måndag, og får sove i «MS Sandnes» under opphaldet.

«Pauline» er ingen veteranbåt, men bygd etter småbåtar som gjekk på Themsen på 1890-talet.

– Det er mange som er nysgjerrige på båten vår. Dei fleste smilar og nokon vinkar når me går forbi, fortel Anke.

Les meir om Fjordsteam-programmet og om båtane som kjem her.

Gammal fiskebåt

Ulf Tørressen er kaptein på båten «Rapp» som blei bygd i 1913.

– Det er opprinneleg ein fiskebåt. Den var stor for si tid, og blei brukt til å frakte store mengder sild. I 1959 blei den solgt til Bergen kor den fungerte som lastebåt mellom Askøy og Bergen, fortel Tørressen. Han kjøpte «Rapp» i 2008 og tilbyr no fisketurar for turistar i Stavanger.

I sommar har han hatt Christian Øie som lærling på båten. Øie slutta i butikkjobben for å realisere draumen sin om å kjøpe båt. No har han kjøpt båten «Herborg» saman med ein kamerat, og lærar om yrket frå Tørressen.

På «Rapp» sitt gjestene Jahn Fauskanger (bakerst) og Oskar Mikkelsen (lys jakke) som har køyrt heilt frå Bergensområdet for å få med seg veteranbåtane på Fjordsteam. Kaptein Ulf Tørressen sit på rekkverket til venstre og Christian Øie står høgre i biletet.

– «Herborg» er ei strøken dame på 75 år som me skal gå seglturar og harbour-cruising med saman med turistar. På sikt skal me kanskje ha dykking også, fortel Øie.

Bevarar tradisjonar

Under ein presenning som beskyttar mot dei kraftige regnbyene på losbåten «Tananger» sit ei gruppe med menneskje i kler frå førre hundreår. Dei kjem frå Tananger Kystkultursamling.

Kaptein på «Tananger», Tore Kristiansen (bakerst til venstre) kokar opp kraft til kveldens middag; fiskesuppe. Liv Kristiansen og Brynjylf Kristiansen hjelper til.

– I 1930 blei «Tananger» kjøpt av tre herremenn som brukte den som losbåt i Tananger, fortel Kjell Kristiansen, som sit ved spisebordet under dekk. Ein av dei tre mennene var onkelen hans.

Før i tida hadde båtane kompass, men ingen kart over grunner i farvatnet. Det hadde dei lokale losbåtar til, som var kjent i området og kunne leie båtane inn utan å gå på grunne.

Tananger Kystkultursamling stillar ut bruksgjenstandar og bygningar frå 1800- og 1900-tallets kystkultur.

– Me bevarar tradisjonar. Det er difor me har kledd oss som me har, fortel Kjell Kristiansen.

Båtane i Vågen tuter om kapp under Han Innantes sang på åpningsseromonien. May-Rita Sel representerar «Tananger» med å ringe i bjella.

Bob van Loon og Kenneth Haynes frå Fort Worth i Texas er i Stavanger med jobben, og tilbragte deira andre kveld i byen på Fjordsteam.

– Eg har sjølv båt heime, fortel van Loon. – Og det beste eg veit er å seile i Karibien.

Han tar bilete av dei ulike veteranbåtane mens kollega Kennet Haynes berre nyt synet utan å forevige det.

– Båtar interesserar meg ikkje så mykje, men det er nydelig utsikt, seier Haynes.

Kenneth Haynes til venstre og Bob van Loon til høgre.

FÅ OGSÅ MED DEG:

Les også

  1. «Ekspressen» flyr over fjorden i Stavanger igjen

  2. Nå kan du se Stavanger-båten i storfilm: – «Dunkirk» var en velsignelse for M/S «Rogaland»

Publisert:
  1. Vågen i Stavanger
  2. Festival

Mest lest akkurat nå

  1. To drept og minst 19 skadd i masseskyting i Oslo sentrum

  2. Omkom i druknings­ulykke på Sande­stranden

  3. Jordmor på SUS: – Har aldri vært så bekymret som jeg er nå

  4. Eierne av Martinique-huset protesterer mot planer om ute­sted på nabo­eiendommen

  5. Hun trodde hun var trygg på boinstitusjonen. Så tok nattevakten kontakt på Messenger

  6. Sauda nest varmest i landet