– På tide å snakke fjellvett til borna

For eit år sidan vart fjellvettreglane endra. No meiner Turistforeininga det er på tide å gjere ungane i stand til å passe på at foreldra har fjellvettet i behald.

– Det handlar om å inkludere borna når ein skal på tur, seier Henriette Gill, kommunikasjonsrådgjevar i Turistforeininga. Her er ho saman med sonen Hugo Gabart Gill og Gustav Hoddell Waldeland.
  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Etter over 60 år med fjellvettreglar, meiner Turistforeininga det er på tide å inkludere borna. Og når reglane attpåtil vart fornya for eit år sidan, kan både store og små trenge ei oppfrisking.

Stylter og rokkeringar, pølser og marshmallows. I Byparken i Stavanger var det livleg då Turistforeininga arrangerer fjellvettsamling laurdag føremiddag.

– Vi har aldri snakka om fjellvettreglane direkte til borna og ynskja å inkludere dei meir. Det er viktig at ungane får lære om dette direkte frå oss, seier kommunikasjonsrådgjevar Henriette Gill i Stavanger turistforening.

Byparken laurdag.

Inkludere dei minste

– Foreldra kan gløyme, til dømes når ein pakkar til tur, og då hjelp det å ha nokon som kan passe på, seier Gill.

Arrangementet er knytt opp til førpremiere av filmen ”Karsten og Petra på tur». Dette er den femte filmen basert på Tor Åge Bringsværd sin bokserie om dei to bestevenane.

Liknande samlingar vert halde 80 ulike stadar i landet i vekene framover. I Stavanger har arrangementet på førehand solgt over 350 billettar.

(Artikkelen fortset under bileta)

Elvira Handeland (4).
Stavanger Turistforening hadde i førekant selt 350 billettar til arrangementet.
Leah Viste Madsen (4) har tatt med seg kaninbamse lik den Petra frå «Karsten og Petra» har.

Susann Viste (14), Leah Viste Madsen (4) og Tuva Viste Madsen (8) grillar marshmallows i ei diger gryte.

Mor Therese Madsen hadde i nyttårsfortsett å ta borna med på tur, og då var fjellvett ein sjølvsagt del av dette.

– Vi har ikkje gått så mykje i fjellet før, så mykje er nytt for oss. Vi har kome oss mykje ut i år, men har starta med enkle turar. Dette er eit fint arrangement for oss som vil lære meir.

Malene Espedal Halvorsen (6) balanserer på høge stylter med mormor Vigdis Espedal like bak. Familien har hytte på fjellet, og seksåringen har brukt vinterferien til ski.

Nye fjellvettreglar

Med nye turvanar kom behovet for omskriving, og fjellvettreglene vart difor fornya for eit år sidan. Det er Turistforeinigna og Røde Kors som har utforma fjellvettreglane.

Etter endringane har mellom anna skredfare fått plass, med bakgrunn i at stadig fleire oppsøker bratt terreng på ski. Dei siste åra har det dessutan vore auking i talet redningsaksjonar, og i utforminga har difor turførebuinga blitt formulert tydelegare.

Røde Kors: Økning i antall redningsaksjonerRøde Kors måtte si nei til turfølge ved Trolltunga

Dette er dei nye fjellvettreglande:

  • Planlegg turen og meld fra hvor du går.
  • Tilpass turen etter evne og forhold.
  • Ta hensyn til vær— og skredvarsel.
  • Vær forberedt på uvær og kulde, selv på korte turer.
  • Ta med nødvendig utstyr for å kunne hjelpe deg selv og andre.
  • Ta trygge veivalg. Gjenkjenn skredfarlig terreng og usikker is.
  • Bruk kart og kompass, vit alltid hvor du er.
  • Vend i tide, det er ingen skam å snu.
  • Spar på kreftene, og søk ly om nødvendig.

Fjellvettreglane frå 1952 var formulert slik:

  • Legg ikke ut på langtur uten trening.
  • Meld fra hvor du går.
  • Vis respekt for været og værmeldingene.
  • Vær rustet mot uvær og kulde, selv på korte turer. Ta alltid med ryggsekk og det utstyret fjellet krever.
  • Lytt til erfarne fjellfolk.
  • Bruk kart og kompass.
  • Gå ikke alene.
  • Vend i tide, det er ingen skam å snu.
  • Spar på kreftene og grav deg inn i snøen om nødvendig.
Turistforeningen gir bort 50 plasser på skiskolenStavanger Turistforening økte med 7,5 prosentBlind på Dalsnuten
Publisert:
  1. Den norske turistforening
  2. Barn og unge
  3. Friluftsliv
  4. Stavanger

Mest lest akkurat nå

  1. På bursdagen sin fikk Camilla Finnesand en telefon: «Du må komme inn på sykehuset»

  2. Tannlegeinngrep var hevn fra svigerfamilie, mener fornærmet kvinne

  3. Silje trudde ho var gravid med sitt fjerde barn då smertene kom. Ein blodprøve gav svar.

  4. Ekspertene har sett på hvor sunne vegetarburgere egentlig er

  5. Amerikanere frarådes å reise til Norge

  6. Drapsforsøket i Sandnes: Siktede har tidligere truet sin kone på livet