Vrient med nytt villmarksenter ved Preikestolen

Eit villmarksenter ved Preikestolen krev løysingar som det ikkje finst tilsvarande andre stader i Norge, åtvarer sivilingeniør.

Det nye serviceanlegget blir planlagt i området ved Tjødnane. Fleire tomter er aktuelle. I første omgang skal det setjast opp ei nødhytte.
  • Tor Inge Jøssang
    Tor Inge Jøssang
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Stiftelsen Preikestolen planlegg eit servicebygg ved Tjødnane, dei to småvatna som ligg om lag halvvegs på vegen til Preikestolen. Tanken er å gje dei 300.000 besøkande tilbod om toaletter, mat og drikke på dette villmarksenteret.

– Dette er ikkje plankekjøring. Turisttrafikken er veldig stor. Samstundes manglar området både veg, vatn, kloakk og straum, seier Svein Kåre Langeland.

Sivilingeniøren med konsulentfirma på Jørpeland har planlagt det meste som finst av infrastruktur i Preikestol-området: Drikkevatn, parkeringsplassar, toalettbygg og stiutviding. Det neste prosjektet er ei langt større utfordring.

Tjødnane ligg cirka 2 kilometer frå Preikestolen parkering. Denne staden fjellheimen manglar all infrastruktur - og utfordringane med å drifte anlegget blir ikkje mindre om talet på fotturistar doblar seg i løpet av dei neste 10 åra, slik Stiftelsen Preikestolen tek høgde for.

– Det må gjerast val knytta til kva som akseptabel dokø på dagar med mykje folk. For sal av mat og drikke må ein sjå nøye på kva som ein ønsker å selja, også emballasje og avfall som følgje av sal langt inne i heia, heiter det i eit forstudium som er laga.

Komplisert

Straum: Det er neppe mogeleg å legga opp til full sanitærteknisk standard utan at det vert etablert fast straumforsyning. Den enklaste drifta med høg standard får ein med innlagt straum. Eit nytt luftspenn vil kosta 5–7 millionar kroner. Det er også mogeleg å bruka solceller, batteri og dieseldrivne straumaggregat. Til koking og kjøkkendrift kan det nyttast gass.

Vatn: Når det gjeld vatn, er det ikkje lett å få til brønnboring. Utstyret veg meir enn eit helikopter kan løfte. Ingen borefirma har sagt seg villige til å gjere jobben. Andre aktuelle vasskjelder er bekker og oppkommer, samt Tjødnane. Det vil vere svært viktig å nytte minst mogeleg vatn dersom det skal nyttast WC. Viss det ikkje er vatn til handvasken på toaletta, kan det brukast spritdispenser i staden.

Mat: Dersom Stiftelsen ser føre seg fullverdig kjøkken, drikkevatn og matservering er det same krav til ein kafé i fjellet som i sentrale strok. Mellom anna trygt vatn med to hygieniske barrierar. Langeland tilrår i staden ein kiosk med salet av varm mat blir begrensa til pølser, suppe, kaffi og vaffelkaker.

Kloakk: Det er ikkje klart korleis ein skal bli kvitt toalettslam. Skal det komposterast eller transporterast vekk med helikopter? Konsulenten trur det blir for komplisert med eit biogassanlegg inne i fjellheimen.

Utan veg

Helikopter: Fylkesdelplanen for Preikestolområdet forbyr motorisert ferdsel. Men det er uråd å drive villmarksenteret utan omfattande bruk av helikopter, ifølgje Langeland. På ein godt besøkt dag kan det godt tenkast at det vert selt 1000 plastflasker med brus i tillegg til turmat, sjokolade osb. Transportbehovet vert i tilfelle mellom 500 og 1000 kilo om dagen. Det kan altså bli mange turar med helikopter, som tek rundt 1 tonn per lass.

Då Ole Tom Guse var ordførar i Forsand i 2012, tok han til orde for å byggje veg for ATV fram til Tjødnane. Men det blei ingenting av.

Stiftelsen Preikestolen skal handsame saka på eit styremøte 6. mars. Tilrådinga er å lage opplegg for eit forprosjekt for å ta prosjektet eit skritt vidare.

– Det viktigaste er å seie kva ein vil gå vidare med. Drifta blir vesentleg vanskelegare enn bygginga. Viss ein har straum, så tenkjer ein på ein annan måte enn elles. Kva ønskjer ein av servering. Det er vesentleg enklare å handtere ein kiosk enn fullverdig kjøkken, påpeiker Svein Kåre Langeland.

Ny kai ved Lysefjorden

Før årets turistsesongen startar for fullt, skal det setjast opp ei nødhytte ved Tjødnane. Dette blir ein stad turistar kan søke nødly. I starten på Neverdalsura skal stien bli utbetra av nepalske sherpaer, frå den same landsbyen som har fiksa resten.

To slike nødhytter er planlagt langs stien. Den første skal setjast opp før sesongstart.

Stiftelsen Preikestolen skal dessutan ruste opp den øydelagde Refså kai ved Lysefjorden, slik at båtturistar kan gå til Preikestolen. Kaien kan rustast opp til bruk for ferdsel for båtar opp til 100 fot og skal kunne brukast av rutegåande og andre fartøy. Det er inngått avtale med Høllesli Sameige, som får 80.000 kroner i årleg kompensasjon. Utanom får dei cirka 550.000 kroner av fjorårets parkeringsinntekter. Like mykje får Stavanger turistforening og ein annan grunneigar. Viss besøket aukar i 2017, blir grunneigarkompensasjonen endå høgare.

Alle saker som er tagget "Preikestolen"Vil gjøre Preikestolen til pengemaskin– Undres over at dette går godt
Publisert:
  1. Preikestolen
  2. Ole Tom Guse
  3. Mat og drikke
  4. Jørpeland
  5. Forsand

Mest lest akkurat nå

  1. Den tidligere fotball­proffen kjører ti timer for å se datteren spille for Sand­viken

  2. Stavanger råd­hus renoveres: - Risiko­fylt å beholde lav­blokken

  3. Se hvor mye det har snødd i Sirdal

  4. Jostein (80) traff perfekt med nytt kraftverk, akkurat da strømprisene gikk til himmels

  5. FHI: – Flere bør ta 3. dose koronavaksine

  6. Alec Baldwin skjøt og drepte en filmfotograf ved et uhell