Å brenne lyngheiene kan hindre nye brannar

Brenning i kystlynghei var ifølgje Brannvesenet årsaka til brannen på Brusand. Kor naudsynt er eigentleg denne brenninga?

Brenning av kystlynghei på Ogna i Hå i 2014.Tor Arne Sundvor (t.v.) og Odd Rune Hølland.
  • Jørund Vatle Sandgren
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

– Rogaland er eit føregongsfylke når det gjeld å ta vare på kulturlandskap.

Mons Kvamme har halde kurs på Jæren i lyngheibrenning for eit par år tilbake. Han jobbar som fagkonsulent ved Lyngheisenteret på Lygra, som er ein del av Museumssenteret i Nordhordland. Han fortel at lyngheibrenninga er særs viktig for å ta vare på kulturlandskapa våre. Han seier òg at lyngheibrenning er viktig for å hindre større naturbrannar.

– Til dømes Flatangerbrannen i Trøndelag i 2014 blei så stor grunna at alt var så gjengrodd. Det vart tørt, og så var det berre eit par gneister frå ein straumledning som skulle til før alt tok fyr. Over seksti bygningar brann ned.

Vidare seier Kvammøy at det er viktig å vere forsiktig når ein driv med blant anna lyngheibrenning.

– Ein må vite kva ein gjer. Kursa våre går ut på ein teoretisk del, og så ein praktisk del der vi går ut og brenn, og lærer blant anna å lage skikkelege branngater på førehand. Desse kursa er i regi av Norsk landbruksrådgjeving Rogaland (NLA Rogaland).

Ragnvald Gramstad, her mens han undersøkjer ein kornåker i 2013, fortel at brenning av kystlynghei er med på å halde kystområda våre fine.

Viktig å halde kulturlandskapet fint

– Det er fleire grunnar til at vi brenn kystlyngheiene våre.

Ragnvald Gramstad er seniorrådgjevar i NLA Rogaland, og fortel at kystlyngheibrenning er vitkig for atlyngen skal verte friskare og meir vital for nytt beite neste år.

– Det renskar ugras og einer og slikt som ikkje beitedyra et. Det vert jo ein større verdi i kulturlandskapet denne skjøtselen, det set farge og lagar liv på kysten.

Vidare fortel Gramstad at det ikkje alltid er like naudsynt å brenne gras.

– Det hender berre unntaksvis, då beitedyra kan gjere ein like god jobb med å halde graset nede. Det er ikkje sikkert at oska vil gi betre gjødsling enn avføring frå dyra.

Han seier at lyngbrenning er ei gamal og tradisjonsrik kulturarv, og at brenning er fint

– Det er viktig å halde desse areala i god stand. Det er ein god del lyngheier nedover kystlina på Jæren. Sjølv om beite er god skjøtsel for å hindre at det gror igjen, er brenning fint gjere som ein kombinasjon med beite for det estetiske, då det som sagt fjernar bar og slikt. Det er viktig å halde kulturlandskapa våre fine også. Det er klare retningsliner for skjøtselen, og det gis i dag ein del støtte til dette frå Fylkesmannen i Rogaland.

Støtte for brenning

Monica Dahlmo i fylkesmannen i Rogaland fortel dei tilretteleggjar for skjøtsel av kulturlandskap.

– Brenning av blant anna kystlynghei er ein del av denne skjøtselen. Vi gjer tilskot til blant anna kursing i brenning gjennom Regionalt Miljøprogram (RMP), for å oppretthalde skjøtsel av kulturlandskapa.

Ho fortel og at det ikkje berre er brenning som er god skjøtsel for kulturlandskapa.

– Aktiv bruk av kulturlandskapa er ein god måte å hindre at det gror til på. Til dømes inneber dette at ein kan oppretthalde beitet i kulturlandskapa.

Les også

  1. Strenge krav for å tenne opp ild

  2. Brannhelikopter i full sving - sager hull i isen for å hente vann

  3. Brannsjefen ønsker seg brannhelikopter

Publisert:
  1. Brann
  2. Jæren
  3. Gjesdal
  4. Nordhordland

Mest lest akkurat nå

  1. Kjerkol om omi­kron-smitten: Regjeringen er klar til å innføre nye til­tak

  2. Torsdagens Oilers-storkamp utsatt: – Kom ut av ingenting

  3. Aftenbladet erfarer: Påbud om munnbind kan bli innført på Nord-Jæren

  4. Politiet tipset om at det ligger hånd­granater gjemt i skogs­område

  5. To spillere ferdige i Sandnes Ulf: – Vemodig

  6. FHI: Ytterligere to omi­kron-tilfeller bekreftet i Norge hos reisende fra Sør-Afrika