19 store oppdrettsanlegg utanfor stovedøra - kva meiner folk i Finnøy om fiskeoppdrett?

Kva meiner folk i Finnøy om fiskeoppdrett? Det lurar forskarar på og inviterer til folkemøte.

Publisert: Publisert:

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

  • Tor Inge Jøssang
    Journalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Det svømmer oppdrettsfisk rundt i merder ved Brennevinsgrunnen og 18 andre lokaliteter i Finnøy kommune. Og på Sjernarøy har Grieg Seafood lakseslakteri.

Nå skal forskingsinstituttet IRIS studere haldningane til folk som lever tett på oppdrettsnæringa. I samband med studien inviterer forskarane til folkemøte i biblioteket på Judaberg tirsdag 21. februar.

– Det er ei næring som er omdiskutert og meiningane er sterke, både for og imot. IRIS vil studera kva for sider ved oppdrettsnæringa folk er opptatt av, og korleis fordelar og ulemper blir vege opp mot kvarandre, opplyser seniorforskar Brita Gjerstad.

Diskusjonen er kjend: Problem med lakselus, fiskesjukdomar, rømningar og millardar som blir tatt ut av oppdrettarane. Versus lokale arbeidsplassar og positive ringverknader i næringslivet, til dømes dykkarfirma og brønnbåtar.

I fjor gjennomførte IRIS ei landsdekkande spørjeundersøking. Denne gongen vil forskingsinstituttet sjå nærare på haldningane til folk som lever tett på næringa. Det overordna målet er å skaffe meir innsikt i folks haldningar til oppdrettsnæringer og utvikla eit verktøy for å handtera eventuelle interessekonflikter.

– Folk som bur og arbeider i Finnøy har førstehands kjennskap til korleis det er å leva i lokalsamfunn der havbruk er ein del av næringsgrunnlaget, og kan derfor bidra til å utvikla kunnskap om korleis ein betre kan forstå haldningar og gjera lakseoppdrettsnæringa berekraftig, meiner Gjerstad.

Ikkje arealavgift

Finnøy er ein av 57 kystkommunar som er med i Nettverk fjord- og kystkommuner (NFKK). Mange kommunar opplever at oppdrettarane sentraliserer verksemnda. Arbeidsplassar på land forsvinn. Kommunane sit igjen med sakshandsaming og merder i sjøen, medan oppdrettarane tener milliardar, og skattekronene endar ein annan stad. Dei har derfor gått inn for å innføre ein kommunal arealavgift for oppdrettsanlegg. Dette fekk dei ikkje gjennomslag for då Stortinget handsama havbruksmeldinga i fjor.

I januar bestemte Nærings- og fiskeridepartementet dessutan at oppdrettarane skal kunne drive i to produksjonsområde.

«Slik vi forstår dette betyr det at kommunen må avstå mer av tilrettelagt areal uten betaling og uten at kommunene får reell medvirkning på om det skal gis, i hvilket omfang og til hvem. Det er for NFKK uakseptabelt», skreiv organisasjonen i ein høyringsuttale i januar.

5 millionar?

Ap-politiker Jon Olav Runestad peiker på at Stortinget vedtok i 2015 å opprette eit havbruksfond i staden for arealavgift. Inntekter frå sal av nye konsesjonar til oppdrettsnæringen skal gå inn i fondet, og inntektene vil bli fordelte etter ein fordelingsnøkkel der 70 prosent går til kommunane.

– Eg trur det blir ei tåleg bra løysing. Me Finnøy brukt opp arealet vårt, alt er opptatt, men viss det blir seld nye konsesjonar, så får me likevel ein del pengar. I teorien vil me få 5 millionar kroner i inntekt dei neste åra. Det må me vere nøgde me. Det er ikkje berre plussar med oppdrett, men eg høyrer med blant dei som er positive, meiner Runestad.

Frykter oppdrett i Lysefjorden vil føre til utslipp
Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Stor uenighet. Politisk hastverk. «Fem personer»-regelen kom på tvers av råd

  2. Beboer på Lervig sykehjem har testet positivt for korona: – Spesiell og uavklart situasjon

  3. Vil legge ned 180 barne­hage­plasser neste år: Disse kommune­delene blir rammet

  4. - Litt blonder er tydeligvis alt som skal til

  5. Venninnene kjøpte 800.000 over pris­antydning. Dette er grepene som kan gi heftige bud­runder

  6. Eg er stolt når til­sette ved universi­tetet er med i opp­lyst og høveleg meinings­bryting

  1. Ryfylke
  2. Finnøy
  3. Nærings- og fiskeridepartementet
  4. Grieg Seafood
  5. Finnøy kommune