– Vi skal ha ein kickstart med aktivitetar når Sandnes er klar for det

Sandnes kommune tar to millionar frå næringsfond for å få meir aktivitet i sentrum.

Mange av butikkane i Langgata har valt å stenge dørene under koronakrisen.
  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er 587 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt direktestudio for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til direktestudio

Det vedtok fleirtalet i kommunestyret måndag.

– Vi skal ha ein kickstart med aktivitetar når byen er klar for det, sa varaordførar Pål Morten Borgli (Frp) då saka blei behandla.

I saksframlegget står det at pengane skal gå til marknadsaktivitetar og kulturaktivitetar.

  • Prosjekta som blir gitt støtte skal godkjennast av varaordførar Borgli, ein representant frå Sandnes sentrum og ein frå Værtskapet.
  • Tiltaka vil ikkje bli gitt som enkelttilskot til butikkar og restaurantar, men som driftstilskot til Sandnes Sentrum AS.
  • Vidare vedtok kommunestyret at næringsdrivande skal ha fri leie i perioden frå 1. april og ut året. Det vil gjelde alle næringsdrivande som frå denne datoen leigde gategrunn i Sandnes sentrum.
Les også

Foreslår krisehjelp til næringslivet i Sandnes

Les også

Korona-krisen kan gi skattesvikt på minst 230 millionar i Sandnes

– Full krise i Sandnes

Under behandlinga i kommunestyret la Høgre fram eit tilleggsforslag om at det fortløpande skal rapporterast til formannskapet om bruken av midlane. Vidare understreka dei at midlane må kome alle aktørar i Sandens sentrum til gode. Dette fekk ikkje fleirtalet sine stemmer.

– Det er full krise i Sandnes sin flotte handel- og serveringsnæring. Koronaviruset har stansa praktisk talt all handel og servering i sentrum, med unntak av apotek, daglegvare og netthandel, sa Kenny Rettore, gruppeleiar i Høgre, til Aftenbladet 29. mars.

Partiet la då fram ei liste over tiltak på 14 punkt, der fri leige av gategrunn var eitt av dei. Svaret frå ordførar Stanley Wirak var då at dei allereie jobba med å sjå på tiltak for næringslivet.

– Desse tiltaka kjem i tillegg til dei statlege tiltakspakkane, og er tenkt finansiert av blant anna Sandnes kommune, sa Rettore.

Heilt tomt i Langgata.

Ville ha klimapengar

Også MDG la fram fleire forslag til endringar, men fekk ikkje med seg fleirtalet. Blant anna foreslo partiet at det blir sett av 8 millionar kroner i eit klima- og næringsinvesteringsfond som skal støtte opp om miljøinvesteringar, til dømes til bedrifter som vil bygge ut med solceller på tak.

– Eg meiner vi i desse tidene må gjere mykje meir enn berre desse to millionane. I denne krisen er det ekstra viktig at vi støtter næringslivet. I gode tider får vi mykje frå næringslivet i skatteinntekter, og no er det på tide å gi noko tilbake, sa Erlend Kristensen (MDG).

Sandnes kommune ventar å få ein skattesvikt på minst 230 millionar kroner som følgje av både oljeprisfall og covid-19.

Skattesvikt

– Vi blir kontakta av næringsaktørar som grin i telefonen, sa Pål Morten Borgli (Frp).

To millionar er på langt nær nok til å redde eit næringsliv i krise, og ordførar Stanley Wirak har tidlegare sagt til Aftenbladet at dei er avhengige av statlege overføringar.

– Vi må både vere klare med bremsepedalen om vi ikkje får dei pengane vi treng, men samtidig vere klare til å gi gass om vi får motkonjunkturpengar, sa han førre veke.

Publisert:

Korona-viruset

  1. Vil ta to uker å analysere omikron-varianten

  2. FHI ønsker å stoppe omikronutbrudd i Norge før jul

  3. Stavanger vil vite hvem som sier nei til korona­vaksine

  4. Rekordhøyt sykefravær på SUS

  5. 85 nye smittede på Nord-Jæren

  6. Her er reisereglene for populære mål i jula

  1. Korona-viruset
  2. Sandnes
  3. Sandnes kommune
  4. Koronaviruset
  5. Stanley Wirak