Misforståing om treningsrom i Hundvåg svømmehall

Det er tomt for treningsapparat, manualar og vekter i trimrommet i svømmehallen på Hundvåg. Kommunen beklagar, men prosjektleiar seier rommet er meint for svømmarane.

Her er det verken treningsapparat eller manualar.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

– Eg skulle innom Hundvåghallen for å trene på laurdag, og fann trimrommet. Her var det berre nokre matter og ein ribbevegg, seier Rune Halvorsen, brukar av svømmehallen. Han fortel at ein annan gjest kom inn og lurte på kvar det var blitt av alle treningsapparata.

– Eg huka tak i ein badevakt og spurte kvifor trimrommet er tomt, og han kunne fortelje at treningsapparat ville ruste, det var for mykje klor og fuktigheit i lufta. Det var berre ei opning utan dør inn til svømmehallen, så rommet var ikkje godkjend for verken manualar eller treningsapparat.

Tre svømmehallar på to år

I 2009 vart det bestemt at det skulle byggjast tre ekstra symjehallar i Stavanger med kort mellomrom. I 2015, to veker før kommunevalet, opna svømmehallen på Hundvåg, og i fjor vart hallen på Kvernevik også opna. Desse hallane er teikna av same arkitekt i Stavanger Eiendom, og er oppført som tvillinghallar, altså at dei er heilt identiske.

– Det er sjølvsagt dumt at det er sånn, og vi har sjølv fått fleire tilbakemeldingar frå brukarar på dette. Men tidlegare erfaringar frå liknande sure luftmiljø tilseier at treningsapparata berre varar i nokre månadar før dei ruster vekk, og vi har valt då å ikkje ha treningsapparat i treningsromma på Hundvåg og i Kvernevik.

Dette seier Arne Tennfjord, avdelingsleiar for Idrett i Stavanger Kommune. Han fortel at fleire har kontakta dei om dette, og at det sjølvsagt er kjedelig for alle om ein forventar å finne treningsapparat og manualar i treningsrommet og det ikkje er der.

Det er godt skilta at dette er eit treningsrom for tørrtrening.

– Likevel har vi i denne samanhengen valt å ha treverk og matter på rommet der det kan utførast styrketrening om ein er litt meir kreativ og har med seg strikk eller liknande.

Hundvåg svømmehall og Kvernevik Svømmehall er likt utforma.

Treningsrom for svømmarane

Bernt Krogh, prosjektleiar for utbyggjinga av svømmehallane i Stavanger Eiendom, seier at trimrommet i svømmehallane på Hundvåg og i Kvernevik er meint for svømmarane.

– Svømmarane skal helst trene i det same miljøet som dei svømmar i, så det er derfor vi har valt å leggje opp rommet til tørrtrening for svømmarane. Det var aldri meint for at det skulle stå treningsapparat eller manualar i det.

Vatnet i svømmebassenget er nærmast blikkstille. Hallen er fri frå skrik og skrål frå badande skuleklassar eller barnefamiliar. I eit hjørne av svømmehallen finns tørrtreningsrommet, som er meir et avlukke med open inngang frå hallen. Utanfor heng det store, svarte bokstavar som formar ordet «TRENINGSROM», og eit lite skilt der det står «Tørrtrening». Der inne er det ein ribbevegg, eit par matter, ein medisinball og nokre gummiballar i eit stativ.

Dei tilsatte fortel at det måtte ha vore ei dør her om det skulle stått treningsapparat innanfor.

Dei tilsette seier at rommet er meint som oppvarming og tørrtrening for svømmarane, og om ein ønskjer eit skikkelig treningsrom er det eit vel så bra tilbod i Hundvåghallen rett bortenfor dei. Frode Dydland, seksjonsleiar for Stavanger Natur og Idrett, seier derimot at trimrommet borte i Hundvåghallen berre er meint for organisert idrett.

– Treningsrommet i Hundvåg Svømmehall er ikkje meint for treningsapparat og manualar. Vi ser ikkje på det som vår oppgåve å konkurrere med dei private treningsstudioa. Treningsrommet er eigentleg berre eit avlukke i hallen.

Saknar ein kombinasjon

Rune Halvorsen seier han skulle ønske det var eit meir variert tilbod for trening ved svømmehallane.

– Det ideelle hadde vore om vi ein dag kunne trent styrke i styrkerommet i svømmehallen, og ein annan dag svømt, på eit og same halvårskort. Det hadde vore eit godt tilbod for folkehelsa.

Stavanger Svømmehall har treningsrom, men er no stengd for omfattande rehabilitering i to år, etter fleire års utbredd forfall. Gamlingen var og utstyrt med treningsrom, men vert rive då tomta skal brukast til tunnelinnslag for Hundvågtunnelen i Ryfast-prosjektet. Nye gamlingen som skal ligge mot Mosvatnet, over Ullandhaugveien vis-a-vis Brustadbua, vert utstyrt med treningsrom. Anlegget skal stå klart i juni i år.

Les meir om situasjonen rundt svømmehallene i Stavanger:

Publisert: