Brukar millionar på 129-åring

Bit for bit blir det verneverdige, men pill rotne fiskefartøyet plukka frå kvarandre og bygd opp igjen. Tidlegast i 2020 kjem «Fremad II» tilbake som landemerke på Jørpeland.

Publisert: Publisert:

Johan Magnus Jensen Kaarud lagar ny hekk. Hardanger Fartøyvernsenter er ope og publikum kan kome og sjå på istandsettinga av «Fremad II». Foto: Hardanger Fartøyvernsenter

«Fremad II» er eit av dei eldste og mest markante fartøya i den norske fiskeflåten.

– Rogaland er «store» på fartøyvern i nasjonal målestokk og det engasjerer mange dyktige folk i fylket. Det er stor interesse for restaureringa. Ein video vi la ut på Facebook har over 500.000 visningar, konstaterer Geir Madsen ved Hardanger Fartøyvernsentert.

Det flytande kulturminnet skal etter planen få nytt liv som opplæringsfartøy. Kostnaden med å restaurere båten auka frå 8 millionar til nesten 25 millionar kroner då båtbyggarane opna skroget. Men Riksantikvaren som i hovudsak finansierer og godkjenner restaureringa, lot seg ikkje skreme av det.

– Skroget er dobbelt med inner- og ytterhud og vi visste ikkje kva som var inni før vi opna det. Det viste seg å vera masse originale spant av engelsk eik frå 1888. Ni av ti spant og botnstokkar var rotne, fortel Geir Madsen ved Hardanger Fartøyvernsenter.

Dennis Bayer slettar spanta. Fartøyvernsenteret legg bilde og andre oppdateringer om framdrifta ut på Facebook. Foto: Hardanger Fartøyvernsenter

Fartøyet har ei lang historie. Det blei bygd i 1888 i England og fekk namnet «Boy Jack», ein to-masta seglslupp. Denne typen seglbåtar blei etter kvart utkonkurrert av nye steamtrålarar.

«Boy Jack» blei importert til Noreg i 1905 av fartøyoppkjøpar John M. Hauge i Haugesund og han selde båten til familiereiarlaget Føyen Bendiksen på Føyno, vest av Karmøy. Dei skifta namnet til «Fremad». I 1924 blei fartøyet kjøpt av Truls og Sigvald Pollen i Solund i Sogn og fjordane, som kalla båten Fremad II. På denne tida blei den første motoren installert. Til saman har båten hatt seks motorar.

Johan M. Kaarud heisar på plass akterstamnen. Foto: Åsmund Kristiansen

Shetland

«Fremad II» var med på ein av dei første trefningane i Noreg under 2. verdskrig. 20. april 1940 vart fire fartøy frå Solund dirigerte til Vaksdal Mølle for å henta mjøl. Ein av båtane var «Fremad II» med eit mannskap på tre. Truleg gjekk dei ved ei mistyding inn Sørfjorden i staden for den vanlege ruta inn Osterfjorden. Ved Trengereid vart dei stogga av tyskarane, som ga ordre om å føra eit tysk kompani innover fjorden, for å kome i ryggen på norske styrkar. Kutteren vart tatt under eld av norske styrkar og mange tyske soldatar fall, men også kokken om bord.

I 1941 gjekk Fremad II til Shetland med 10 mann om bord. Der blei båten verande til over krigen.

Fremad II i Jørpelandsvågen. Foto: Åsmund Kristiansen

Etter krigen blei «Fremad II» reparert i England og kom så tilbake til Sogn. I 1958 og 1959 blei båten bygd om og forlenga i Løfallstrand i Kvinnherad kommune. Då blei fartøyet bygd om til norsk kutter, med ny langskips fasong, det som blir kalla springline. Båten blei forhøya akter, forlenga to-tre meter, litt breiare på dekk og fekk ny kjøl, ny maskin og nytt styrehus.

– Det var ein svær jobb. Båten blei definert som ny og fekk dagens utsjånad som ein norsk kutter, fortel Geir Madsen.

Verftsformann Ivar Hoflandsdal sjekkar at omskøyten i spantetømmeret er minst 50 centimeter. Dette var ikkje godt nok. Foto: Åsmund Kristiansen

Jørpeland

I 1964 blei fartøyet seld til Brødrene Bakkevig på Nedstrand. Så henta brødrene Ivar og Thor-Stein Løvås fiskekutteren til Jørpeland i 1978. Dei fiska sild, makrell, sei og brisling med ringnot, og dreiv også med rekefiske. Thor-Stein gjekk ut i 2000, mens Ivar held fram til han selde båten i 2007 til Liegruppen på Sotra.

Dei var bare interesserte i fiskekvotene, men ønska også at båten skulle bli tatt vare på. Lokale eldsjeler fekk overta båten for 1 krone. Etterpå blei «Fremad» liggande som eit landemerke i Jørpelandsvågen fram til båten blei slept opp til Hardanger i 2014.

Stamnkne kopiert og klar for montering for å binde saman stamn og slemholt. Foto: Åsmund Kristiansen

Ei gruppe personar med særleg interesse for fartøyet har danna ei venneforeining og stifting for å restaurere og drifte fartøyet.

– Dette er eit svært prosjekt, eit av dei største og mest kompliserte dei har hatt ved Hardanger Fartøyvernsenter, seier Børge Oanes i Stiftinga MK «Fremad II».

Utsikt frå buken. Foto: Hardanger Fartøyvernsenter

Hardanger Fartøyvernsenter er både museum og eit av tre nasjonale fartøyvernsentre, som tar seg av prosjekt som er for store for stiftingar og andre som tek vare på gamle fartøy.

– Det som er spesielt er at Fremad er den båten som har vore lengst i samanhengande aktivt fiske. Båten representerer også fleire epokar i fiskeriene, frå enkelt utstyr til modernisert tråling med snurpenot. Det er sjeldan så mykje fiskerihistorie er samla på ein stad. Dette er grunnen til at Riksantikvaren satsar stort på dette fartøyet. Dei ønsker ei nasjonal stamme med verna båtar, fortel prosjektleiar Geir Madsen.

Tidlegare har fartøyvernsenteret restaurert MK «Idsal», ein engelsk kuttar som ligg på Tau. Desse båtane blei bare kalla «engelskmann». Idsal er mykje mindre ombygd, meir original - og blei bare brukt som fraktebåt.

Restaureringa starta i fjor. Snart er alle dei 46 hovudspanta på plass. Hardanger fartøyvernsenter er ope med kafé, utstillingar og aktivitetsløype for publikum, som også er velkomen til å sjå på arbeidet. Sidan istandsettinga er meir omfattande enn venta, vil det ta eit par år lenger enn dei 35 eldsjelene i venneforeininga rekna med. Målsettinga er levering til sommaren 2020, men denne framdrifta er heilt avhengig kva løyvingar som kjem frå Riksantikvaren, Rogaland fylkeskommune og andre kjelder til finansiering.

Dei arbeider med søknader, finansiering av drifta og eit opplegg rundt framtida. Blant anna eit vernehus for båten, i samarbeid mer MK «Idsal», eit anna verneverdig fartøy.

– Båten vi får tilbake blir nesten heilt ny. «Fremad II» har sertifikat med rettigheter til å fiske skolekvoter. Vi håpar å få til eit samarbeid med ein videregåande skole, men har ikkje noko konkret. Blåturar og turistfiske er andre ting me vurderer, fortel Børge Oanes i stiftinga.

Publisert: