Etterlyser varslingskultur

Leiarar i organisasjonslivet har eit ansvar for å laga ein kultur som oppmuntrar folk til å seia frå viss dei føler dei er utsett for urett. Det meiner tidlegare FpU-formann Hanne Blåfjelldal, som gjennom ei årrekke var ei av Trond Birkedals næraste politiske medarbeidarar.

Publisert: Publisert:

Foto: Anders Minge

  • Arvid Berentsen
iconDenne artikkelen er over ni år gammel

I ein kommentar på nettstaden nyemeninger.no stiller ho seg kritisk til det ho meiner er mangel på varslingskultur både i Fremskrittspartiets Ungdom (FpU) og elles i organisasjonslivet:

— Varsling om høve som involverer menneske med makt er vanskeleg – uansett. Dette gjeld i FpU som i alle andre organisasjonar (...). Som medmenneske og maktmenneske har me alle eit ansvar for å laga ein kultur som oppmuntrar folk til å seia frå viss dei føler dei er utsett for urett. Uansett kven det involverer og kva skuldingane går ut på, seier Blåfjelldal i kommentaren sin.

LES OGSÅ: - 15 gutter har meldt seg i Birkedal-saken

LES OGSÅ: Siktet for seksuell omgang med mindreårig

Hanne Blåfjelldal var medlem av FpUs sentralstyre frå 2004 til 2010 og nestformann i to av desse åra. Ho var med andre ord ein av tidlegare FpU-formann Trond Birkedals næraste politiske medarbeidarar.

I kommentaren på nyemeninger.no nemner ho ikkje Birkedal-saka konkret, men konstaterer i staden at FpU nok ein gong blir framstilt som ein skandaleorganisasjon.

LES OGSÅ: Mo tror ikke Birkedal-saken skader partiet

— Det gjer meg vondt, skriv Blåfjelldal i kommentaren kor ho mellom anna tar for seg maktrelasjonar og uformele normer som er vanskeleg å få auge på for dei som sjølv står midt oppi situasjonen.

— Som ung og ny i FpU hadde eg ein enorm beundring for dei med posisjonar. Den beundringa du sjølv hadde for «leiarstjernene» gløymer du når du blir «leiarstjerne» sjølv. Då eg var nestformann i FpU, tenkte eg aldri på meg sjølv som eit maktmenneske. Min største feil var nok å ikkje erkjenne kva for makt eg hadde.

LES OGSÅ: «Har visst om saken lenge»

Ho trur sentrale mektpersonar i politiske ungdomsorganisasjonar burde bli flinkare til å ha eit medvite forhold til korleis åtferda deira påverkar nye medlemmar.

— Etter nokre år saman blir vi fort ein gjeng som kjennar kvarandre godt og som alle har posisjonar. Kanskje kan vi i leiande posisjonar i ulike organisasjonar framstå som så samanspleisa og tøffe at det er vanskeleg for folk å varsle om høve dei føler ikkje er heilt bra? skriv Blåfjelldal.

LES OGSÅ: Taus om hva Frp visste

Ho legg ikkje skjul på at ho den siste veka har tenkt mykje på si eiga rolle og leiaråtferd i FpU:

— Eg er redd for at eg i FpU ikkje klarte å kombinera å vera ein autoritet og eit menneske folk følte dei kunne ta opp sensitive ting med. For å nå opp og fram i politikken måtte eg framstå som tøff og hard, og det kan ha gått utover korleis eg stod fram som medmenneske. Det har eg tenkt mykje på den siste veka, skriv Blåfjelldal i kommentaren sin.

Birkedal-saka konkret går ho ikkje nærare inn på. Den ville ho heller ikkje kommentera overfor Aftenbladet den dagen saka sprakk i media:

— Eg kjenner ikkje til saka og vil ikkje kommentera den, sa Blåfjelldal til Aftenbladet måndag 21. mars i år.

Publisert:

Les også

  1. Nye anklager om sex-trakassering

  2. Frp stuper på ny måling

  3. Tore på sporet av makt i Stavanger

  4. Nok en lokalpolitiker fra Frp trekker seg

  5. En tredel av Frp-velgerne mener Mo må gå

  6. «Birkedal-saken gjør oss mer motiverte»

  7. Geir Mo avhørt av politiet

  8. Birkedal utradert i Frp

  9. - Filmingen hadde seksuelt motiv

  10. Kristenleder bagatelliserer nakenfilming

  11. Sender opplysninger om Birkedal til politiet

  12. Støtterklæringene hagler inn

  13. «Vi kan bli bedre på varsling»

  14. Lokalpolitiker trekker seg fra Frp

Foto: Dag Knudsen

Mest lest akkurat nå

  1. Tre nye smittetilfeller i Stavanger

  2. Viking raste etter nederlaget: – Sjokkerende

  3. Kan man legge det i fryseren? Eller helle kokende vann over? Her får du svar om hvordan viruset drepes i tøymunnbind.

  4. Strenge nasjonale retningslinjer innført: Dette betyr det for Halloween og bursdager

  5. Fant smitte på 344 fly i Norge. De fleste tilfellene kommer fra ett land.

  6. Tordnet etter Oilers-ydmykelse: – Det er pinlig

  1. Politikk