Bryne tek truleg kampen mot Statens kartverk for å bli knytta direkte til Svalbard-øy

Driftige brynebuar etablerte tidleg på 1900-talet ein eigen gruveby på Bjørnøya og kravde eigedomsretten til øya, men det imponerer ikkje Statens kartverk eller Språkrådet.

Her er linken mellom Bjørnøya og Bryne. Hausten 1915 blei Bjørnøya okkupert av Kristoffer Sandve, til høgre. Her står han saman med sin ven Karl Tunheim som nå kan få ein veg oppkalt etter seg heime på Bryne. Året etter starta jærbuane koldrift på øya. Foto: Privat

  • Geir Sveen
    Journalist
Publisert: Publisert:

Time får nemleg ikkje kalle ein ny veg i det nye sentrumsnære utbyggingsområdet Tunheim gard på Bryne for «Bjørnøyavegen».

Men kultursjef Trond Lie meiner kommunen nå må ta opp kampen slik at byen på Jæren vert direkte knytta til øygruppa i Svalbard.

– Forslaget Bjørnøyavegen er basert på historiske hendingar, skriv kultursjefen i ei ny klagesak som onsdag vert lagt på bordet til politikarane i lokal utvikling.

Bjørnøya og Bryne

Der viser han til at brørne Karl og Ommund
Tunheim vaks opp på garden som nå vert bustadfelt på Bryne. Tidleg på 1900-talet var dei med ein annen kjent jærbu, Kristoffer Sandve, på fangst og koldrift på Bjørnøya. Sandve okkuperte heile Bjørnøya i 1915, etablerte kolgruver der, og kalla den vesle gruvebyen for Tunheim, etter nettopp arbeidsformann Karl Tunheim.

Her er historien:

Les også

Egersunderen som okkuperte Bjørnøya

Etter en veritabel rangel i Tromsø kjøpte eiendomsmegler Kristoffer Sandve polarskuta «Laura». 17 dager senere, 21.

– Bjørnøya kom såleis til å få ei sentral rolle i denne gardshistoria, påpeikar kultursjefen.

Tunheim ligg der framleis. På Bjørnøya og på Bryne. Foto: Aftenposten

Kulturminnenemnda meinte difor dei hadde funne eit svært godt vegnamn. Bjørnøyavegen blei lagt ut på høyring, uten merknadar, lokal utvikling gjorde endeleg vedtak og då utbygging starta, blei det nye vegnamnet meldt inn til Kartverket for registrering og godkjenning.

Klagen

Kartverket har i slike saker klagerett, og har nå klaga på skrivemåten. Dei meiner namnet bør endrast til Bjørnøyvegen, altså utan a, basert på ei tilråding frå Språkrådet sin stadnamnkonsulent for Vestlandet. Grunngjevinga er at «namn som står i bunden form får som regel bortfall av endinga når dei står som førelekk i samansetningar i alle norske dialektar. Etter norske rettskrivingsprinsipp ville me difor venta skrivemåten Bjørnøyvegen i dette namnet.»

Bjørnøyavegen er basert på historiske hendingar, er poenget til kultursjefen i Time, Trond Lie, som difor ikkje vil godta at namnet skal bli Bjørnøyvegen. Foto: Pål Christensen

– Tar ein bort a-en i skrivemåten, står ein att med eit vegnamn som vil likna på tilsvarande namn i Stavanger: Bjørnøygata, Bjørnøygeilen, Bjørnøyhavna,
Bjørnøystraen. Bjørnøy er som kjent ei lita øy i Stavanger. Eit søk i stadnamnregister gir elles mange treff på «Bjørnøy». Dersom den aktuelle adressa på Bryne får namnet Bjørnøyvegen, tar vi bort den logiske, namnemessige koplinga til den spesifikke Bjørnøya, meiner kultursjefen.

Kva med Kolgruvevegen?

Språkrådet kjem opp med eit heilt nytt namneforslag:

– Me skjønar at det er ønskjeleg å gi vegen eit namn som gir ei påminning om at to brør som vaks opp på den aktuelle garden, var med og dreiv ei kolgruve på Bjørnøya. Der er difor mogleg at Kolgruvevegen er
eit greitt alternativ til namn på vegparsellen, skriv Språkrådet.

Kultursjefen i Time held fast på valet av Bjørnøyavegen. Men meinar ein bør nytta høvet til å innføra ordninga med vegskilt med forklarande tekst, slik fleire kommunar har gjort. Han viser til Arne Rettedals gate i Stavanger, der det står under at han var ordfører og «oljebyens far».

- Med ei slik løysing får vi eit kulturhistorisk interessant vegnamn, og eit skilt med ei kort forklaring under namnet, og der skrivemåten av namnet knyter det direkte til øya langt i nord; Bjørnøya, skriv Trond Lie i saka.

Blir nå «engelsk» hageby

Dette er Tunheim på Bryne, der det nå kjem 100 nye hus på eit område som lenge låg som ei grøn øy midt i byen. Foto: Geir Sveen

Det høyrer med at namnet Tunheim på Bjørnøya lever vidare både på kartet og som ein fast plass, men namnet kom altså frå Tunheim gard på Bryne, eit område på 41 dekar som lenge låg som ei grøn øy med ein voksande by rundt seg på alle kantar. Nå skal området bli ny hageby med rundt 100 hus, etter inspirasjon fra blant annet England og historiske hagebyer, ikke etter et nedlagt gruvesamfunn på Svalbards sydligste øy.

Les også

Ny hageby melder seg på i kampen om boligkundene på Bryne

Mandag startet enda en ny utbygging på Bryne; 100 nye hus kommer på den 41 dekar store tomta som var til salgs for 85…
Publisert:

Mest lest

  1. Frigir navnet på 16-åringen som omkom i ulykke i forbindelse med skoleprosjekt

  2. Trener forgrep seg på spiller: Dømt til 15 måneders fengsel

  3. Milliongave til Arboretet - vil lage botanisk vitensenter og knytte seg til forskning

  4. Bodil suste rundt på fester og fløy privatfly i studietiden, men kjente større lykke da sønnen så et fint tre i Røldal

  1. Språkrådet
  2. Bryne
  3. Kartverket
  4. Time
  5. Svalbard