Pilt-Ola prisen for 2019 til Magnhild Meltveit Kleppa

Magnhild Meltveit Kleppa er tildelt årets Pilt-Ola pris av Ryfylkealliansen.

Publisert: Publisert:

Magnhild Meltveit Kleppa. Foto: Kristian Jacobsen

  • Stavanger Aftenblad

Meltveit Kleppa fekk prisen tysdag 5. november om bord i Rygerdronningen på tur i ryfylkefjordane under arrangementet Arena Ryfylke. Prisen blei stifta av Ryfylkealliansen i 2016. Tidlegare er den gjeven til Jon Arne Helgøy og Bjørn Moe, heiter det i ei pressemelding.

– Der det er vilje, der er det veg, sa ho seinhaustes 2012, då ho stakk spaden i jorda på Solbakk og slik offisielt starta arbeidet med Ryfast. Då var Magnhild Meltveit Kleppa stortingsrepresentant, men då vedtaket om Ryfast blei fatta i Stortinget i juni same året var ho samferdselsminister.

Det er nok kanskje ikkje heilt rett å seia at Magnhild er mor til Ryfast. Men ho var i alle fall jordmor! Ho hjelpte definitivt til under fødselen, og bar også fram prosjektet som samferdselsminister i regjeringa. Ja, slik sett har ho jo også ei rolle som mor.

Som Pilt-Ola sjølv var i si tid, er Magnhild også kjend over det ganske land for store tankar, store prosjekt, og ein arbeidskapasitet heilt utanom det vanlege.

Magnhild og sambygding Arne fann kvarandre ganske tidleg. Ho blei lærar, på Jøsneset, på Jørpeland og på Hjelmeland. I ei tid då mange kvinner valde å vere heimeverande, ville Magnhild vera i arbeid og var ein av dei som kjempa fram den første barnehagen i Hjelmeland. Ho såg at det ho brann for i nærmiljøet, det blei vedteke i kommunestyret. Ein gnist blei tent. Magnhild blei politikar.

Ho blei kommunepolitikar, fylkespolitikar og stortingspolitikar. Magnhild blei statsråd i tre ulike departement, og ho vart fylkesmann i Rogaland. Til saman er det vorte 40 år av sitt liv i teneste for samfunnet.

Magnhild har vore, og er, ein samfunnsbyggjar med kondisjon og styrke av Pilt-Ola-liknande dimensjonar. Ho har vore tru mot sine røter. Ho er ein ekte ryfylking. Med sitt utrettelege virke har ho bygd landet og bygd Ryfylke. Ho har gjort Ryfylke større og ryfylkingen sterkare. Magnhild Meltveit Kleppa er i sanning ein verdig vinnar av Pilt-Ola-prisen 2019!

Kvifor ein pris i Pilt-Ola sitt namn?

Ole Olsen Sangesand (1779-1858) var husmannsson, kom frå Lysefjorden og blei viktig i bygginga av nasjonen Norge etter 1814. Heile livet arbeidde han med eitt mål for auga: Å skaffa folk betre levekår og nok mat. Ideane hans var både nyskapande og dristige, og saman med ein utradisjonell livsstil, skapte Ole Olsen Sangesand seg eit namn som blei kjent over heile landet. Han blei ein av dei store kjendisane i Norge i første halvdel av 1800-talet. Prisen skal gå til enkeltpersonar som har bidrege til positiv utvikling i og for Ryfylke, som har sett spor etter seg ved å tenkja nytt, ved å våga å ta risiko, som har lukkast og som har ei god forteljing i Pilt-Ola si ånd. Like mykje som tiltak innan næring og økonomisk verdiskaping, kan det leggast vekt på samfunnsmessige og (andre) allmenne tiltak.

Prisen er ein Pilt-Ola statuett som i si tid blei utforma av Svein Håvarstein. Ryfylkealliansen, som deler ut prisen, er ei samanslutning av offentlege og private verksemder som har fokus på verdiskaping, bulyst og identitet i Ryfylke.

Juryen har bestått av Tora-Liv Thorsen, Audun Rake, Leif Arild Steen, Geir Ims og Eirik Moe. Prisen er ein Pilt-Ola statuett som i si tid blei utforma av Svein Håvarstein. Ryfylkealliansen, som deler ut prisen, er ei samanslutning av offentlege og private verksemder som har fokus på verdiskaping, bulyst og identitet i Ryfylke.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Ordføreren vil lage sjau

  2. Her er flyet på vengene for siste gong

  3. Gutt (16) omkom i ulykke hjemme

  4. Her tar bilen u-sving i Hundvågtunnelen

  5. Purrer på Boreal: Når starter Høgsfjord-sambandet opp igjen?

  6. – Vi kommer for seint inn i prosessen

  1. Magnhild Meltveit Kleppa
  2. Ryfylke
  3. Hjelmeland