Lektorlaget ut i streik - 375 Kongsgård-elevar er permittert

Fredag går 17 medlemmar av Norsk lektorlag ut i streik ved Stavanger katedralskole. Fleire av lektorane skulle møtt elevane sine for fyrste gong i dag.

Publisert:

Beth Wold Pedersen (frå venstre), Rein Aarek, Asbjørn Aarflot, Ragnhild Fiskå Voll og Knut Lekvam håpar å nå ut til KS, og at det blir ei snarleg løysing i streiken. Foto: Fredrik Refvem

Alle dei 375 elevane ved Stavanger katedralskole på Kongsgård er permitterte frå fredag av, då 27 lærarar som er medlem av utdanningsforbundet allereie har vore i streik sidan før skulestart.

Elevane som blir ramma er dei som går på studiespesialisering, men også elevane på Bergsted som går på musikk, dans og drama misser fellesfaga og nokre av programfaga som gjer at dei får ein holete timeplan frå i dag av.

Når streiken er over veit framleis ingen. Partane fortset samtalane utover fredagen. Kva dei snakkar om i sonderingane blir hold hemmeleg for media.

Misser timar

Klokka 8.00 møtte lektorane, adjunktane og streikeleiar utanfor Kongsgård.

— Det er bra at dei også er blitt tatt ut no, slik at me kan stå saman om krava, seier Ingeborg Tyse.

Ho har vore i streik sidan måndag 11. august, og har syntest det har vore dumt å sjå kollegaar gå til timane, medan dei sit streikevakt.

På skift skal dei til saman 44 lærarane stå utanfor skulen for å vise KS kva dei meiner.

— Me skulle heller vore inne å undervist, men det er viktig å vise KS kva me vil. Det er ikkje berre dei 7,5 timane arbeidsdag som er viktige for oss, men at me kan bruka tid på faget og elevane, seier streikeleiar Ragnhild Fiskå Voll.

Rein Aarek skulle etter planen møtt elevane som går fyrsteåret for deira fyrste norsktime.

Les også

Leirskole avbrutt av streik

— Elevane går glipp av viktig undervisning, og kontinuiteten gjennom skuleåret, som er spesielt viktig i norskfaget, forsvinn, seier han.

- Begynn å les

Byrjinga av skuleåret meiner dei er ein svært kritisk periode å streika. Ikkje berre misser dei undervisning, også det sosiale går elevane glipp av, påpeikar lektorane. Lektorane ved Stavanger katedralskole har eit inntrykk av at mange er klar for å begynna på skuleåret og ta fatt i faga.

Asbjørn Aarflot gav beskjed til sine elevar før streiken om å ikkje berre sitte heime å gjere ingenting.

— Eg sa til dei, begynn å les frå fyrste kapittel, me veit ikkje kor lenge streiken varer, så det er betre å lese noko to gongar, fortel han.

Dei har ingen tankar om kor lang tid streiken vil ta, men er fast bestemt på at krava må på plass før dei kjem tilbake i klasseromma.

LES OGSÅ:

Publisert: