– Om nokon fortalde at dette er ein utsatt veg, hadde eg aldri latt han køyre der

LYSEVEGEN: Tomas Merkesdal Hall (17) låg tre veker i koma etter motorsykkelulykke på Lysevegen. Ein ulykkesbelasta veg, seier politiet.

Publisert: Publisert:

Tomas Merkesdal Hall bruker plenen utanfor Stavanger rehabiliteringssenter til å trene på å gå. Foto: Kristian Jacobsen

  • Birgitte Flote
    Journalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

8. juli, klokka 10.30 ein laurdag føremiddag, hamnar Tomas Merkesdal Hall i motorsykkelulykke på Lysevegen. I tre veker låg han i kunstig koma. I dag øver han på å snakke og gå.

Les også

På denne vegen er det nesten årleg ulykker

Hugsar ikkje ulykka

Merkesdal Hall er aktiv i Norsk Folkehjelp og var på veg heim til Forsand frå Bolten Aktivitet- og Beredskapsenter. Der hadde han vore leiar på ein leir. I dag hugsar han ingenting, verken av ulykka eller vekene før.

Ulykka er no ferdig etterforska. Grunna tåke var det dårleg sikt og vegbana var glatt.

– Han skrensa og slo truleg hovudet i autovernet av heilstøpt betong. Deretter trur vi han traff ein bil som var bortimot stilleståande, men det er uklart om han faktisk traff den. Det tyder ikkje på at han har hatt høg hastigheit, seier Jon Uleberg som har leia etterforskninga ved Sirdal lensmannskontor.

– Vi venta først ei dødsulykke, seier politiet. Første gladmelding var følgjande: Han kan puste. Framleis øver Tomas Merkesdal Hall på å snakke og gå. Syn og hørsel kan vere permanent redusert. Foto: Kristian Jacobsen

Veneskveven, der ulykka skjedde, har blitt skildra som ei av dei verste områdene i heia på grunn av manglande oversikt.

– Generelt kan ein seie at Lysevegen er ei ulykkesbelasta strekning. Der er årleg ulykker, gjerne fleire kvart år. Vi forventa først at dette var ei dødsulykke, men her har det gått over all forventning, seier Uleberg.

– I fjor var der ei dødsulykke. Då fall føraren ned eit område der det ikkje er autovern. Dette er dessutan eit område med beitedyr utan at det er nokon krav om å halde dei vekke frå vegen, noko som også er eit solid risikomoment, seier Uleberg.

Guten hadde køyrt strekninga i bil fleire gongar før, men det var første gong på motorsykkel. Han hadde hatt sertifikat for lett motorsykkel i tre veker då ulykka skjedde.

Utsatt veg

Sidan 1993 har det vore 22 ulykker på strekninga mellom Lysebotn og Sirdal, nesten alle med motorsykkel.

– Hadde eg visst at vegen var ulykkesutsatt, hadde eg ikkje latt ein fersk sjåfør fått lov å køyre der. Denne informasjonen må ut, og eg meiner det bør kome fleire fareskilt som åtvarar om dette, seier mor Inger Anita Merkesdal.

– Helsehjelpa han har fått har vore veldig god, men det beste hadde jo vore om det var unngått. Tenker ein kost-nytte oppi alt dette, hadde ein nok fått gjort ein del med vegen med dei midlane som går med på å ha ein pasient til overvaking døgnet rundt. Det er eitt aspekt. Eit anna er det menneskelege.

Etter tre veker i koma på Stavanger Universitetssjukehus, med overvaking døgnet rundt, blei han i starten av august flytta til Bergen med ambulansefly. Så, 7. september, blei han flytta til Lassa rehabilitetssenter i Stavanger. Der får han mellom anna oppfølging av ergoterapeut, fysioterapeut, synspedagog, psykolog og logoped.

Les også

Advarer motorsyklister mot Kjerag-veien

Les også

– Ikke nok med fareskilt, Kjerag-veien må utbedres

Rastlaus

Ti dagar etter ulykka fekk familia beskjed om at han truleg har bevart evna til å puste. 19. august snakka han for første gong.

– Kan me køyre heim?, sa han. Han hadde først skrive det ned på mobilen og på ei tavle. Til slutt blei han så irritert over at ingen fekk det med seg at han snakka, seier mor Inger Anita Merkesdal.

Balansen, høyrselen, synet og korttidshukommelsen er framleis trøblete. Synet og høyrselen kan vere redusert permanent, men det er for tidleg å seie noko endeleg om det varige utfallet av skadene.

– Det eg er mest letta over er at personlegheita og humoren er den same, seier mor.

Tenåringen kjem gåande over plenen ved Lassa rehabilitering. Over høgre auge har han ein svart lapp. Han løfter skjorta og viser eit digert plaster på magen.

– Legen min seier opptreninga går så bra fordi eg var ganske sterk før ulykka. Eg håper eg snart får begynne å trene markløft, seier han.

– Før det må du jo få tilbake balansen, sier mor.

– Eg ser at han kjeder seg, ein 17-åring som må sitte i ro. Om du kunne knipsa med fingeren og fått gjere akkurat kva du ville, kva ville du gjort då, spør ho og snur seg mot Tomas.

– Mest av alt vil eg klatre no. Eller fikse sykkelen, seier han.

– 8. desember skal dei vurdere om eg får køyre motorsykkel igjen. Dei må ta testar for å finne ut om eg framleis hugsar trafikkreglane og om eg er i stand til å køyre forsvarleg, seier han.

Her var ulykka. Området rundt dette vatnet har hatt fleire ulykker siste åra. Foto: Henrik Lilleheim

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Han skal gi Sandnes 400 nye kontorplasser

  2. Silje fikk toppkarakterer og er ingeniør. Nå jobber hun i klesbutikk.

  3. To nye smittetilfeller i Sandnes onsdag

  4. Viking raste etter nederlaget: – Sjokkerende

  5. FULL OVERSIKT: 5 døde, 832 påvist smittede i Roga­land – sjekk din kommune

  6. Kan man legge det i fryseren? Eller helle kokende vann over? Her får du svar om hvordan viruset drepes i tøymunnbind

  1. Trafikkulykker
  2. Bil
  3. Motorsykkel
  4. Lysebotn