Aftenbladet jublar over 30.000 digitale abonnentar

Onsdag ettermiddag nådde Aftenbladet 30.000 digitale abonnentar – eit mål sjefredaktør Lars Helle for få år sidan trudde var komplett urealistisk.

Aftenbladets sjefredaktør Lars Helle feira 30.000 digitale abonnentar med jubel og ballongar.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

– Dette er ein viktig milepæl for oss. Me har gått frå 0 til 30.000 digitale abonnentar på fem år. Det hadde me aldri sett for oss, seier Lars Helle.

Aftenbladets sjefredaktør jobbar heldigvis ikkje som spåmann. Fram til avisa i 2015 opna for at ein kunne abonnera på Aftenbladet digitalt, trudde han ikkje folk ville ha reine digitale abonnement. Spådommen blei gjort grundig til skamme av 30.000 digitale abonnentar onsdag ettermiddag – og fekk sjefredaktøren til å feira sine manglande evner til å sjå framtida i krystallkula med både jubel og ballongar.

– Kvifor trudde du ikkje folk ville abonnera digitalt?

– På grunn av tradisjonen og kulturen vår. Aftenbladet har vore veldig papirorientert. Folk forbind oss med å få papiravisa i postkassen, setja seg til ved frukostbordet eller i lenestolen med kaffikoppen og avisa, svarer Helle.

Digital betalingsvilje

Lenge var folk flest si tilnærming til digitale nyheiter prega av at dei i starten var opne og gratis tilgjengelege på avisenes nettsider. Dermed var det vanskeleg å sjå for seg at det kunne vera ein marknad for betalt redaksjonelt innhald.

– Men så har det vist seg at folk er villige til å abonnera på nyheiter også digitalt, på same måte som det har vist seg at folk betaler for digital tilgang til film og musikk, seier Helle.

Då leiarane i Aftenbladet i fjor haust sette opp ambisjonane for 2020, valde dei seg eit hårete mål for digitale abonnentar: 30.000.

– Me starta året med rundt 27.000, har auka med vel ti prosent på 11 månader og nådd målet fem veker før fristen. Dermed har me også god fart inn i 2021, seier Helle.

Koronaeffekt

– Kor mykje av veksten kan forklarast av koronapandemien?

– Koronaen spelar inn på årets vekst. Det har vore viktig for vårt samfunnsoppdrag å dekka pandemien frå eit rogalandsk perspektiv. Lesarane har oppfatta dette, for dei har strøyma til oss for å få truverdig informasjon, svarer Helle.

Men i det lange løp viser folk seg å vera interesserte i lokale og regionale nyheiter på alle felt, frå bilulukker på motorvegen, via sport og kultur til store, journalistiske graveprosjekt.

– Den viktigaste grunnen til at folk abonnerer, er at me viser oss å vera viktige for regionen. Skal du ha noko å snakka om ved kaffimaskinen, må du abonnera på Aftenbladet, seier Helle.

All time high?

Her kjem me tilbake til avisleiaranes relativt avgrensa suksess som spåmenn. For fram til for berre 4–5 år sidan, var det ingen av dei som hadde trudd at det totale talet på abonnentar – inkludert dei digitale – skulle nærma seg all time high.

– Då alle pilene peika oppover på 1990-talet, hadde Aftenbladet på det meste 65.000 abonnentar. Frå 1999 til 2016 falt talet til rundt 55.000. Alle trudde fallet skulle halda fram. Men nå er me på 63.300 abonnentar – og nærmar oss all time high.

Yngre abonnentar

– Kva er forskjellen på ein digital- og ein papirabonnent?

– Først og fremst alder. Den gjennomsnittlege digitalabonnenten er 25 år yngre. Det seier noko om at det å setja seg ned med ei papiravis i løpet av dagen ikkje er noko for folk under 50 år, men at også dette er noko ein bruker telefonen til.

Og plutseleg viser det seg altså at Aftenbladets 127 år gamle forretningsmodell med å ha abonnentar viser seg å vera svært så moderne – også digitalt.

– Når døyr papiravisa?

– Eg har slutta å svara på det. Papiravisa lever hos oss så lenge folk vil ha henne. Det er ikkje sikkert me lagar papiravis seks dagar i veka i veldig mange år framover, men eitt eller anna papirprodukt vil vera med oss lenge, spår Helle.

– Uansett: I dag er ein god dag for Aftenbladet?

– I dag er definitivt ein god dag for Aftenbladet.

Les også

  1. Aftenbladet øker mest i Rogaland

Publisert:
  1. Lars Helle
  2. Stavanger Aftenblad
  3. Medier

Mest lest akkurat nå

  1. Cupfinalekongen gnistret da Viking slo RBK. Nå venter Kongsvinger

  2. Denne uka måtte flere ut med 3000 kroner for bruk av et slikt skilt

  3. Rengjør utstyr før og etter bruk, rådes vi på treningssentrene. – Ikke nødvendig, mener FHI

  4. Slik mistet Steinkjerringa nesa

  5. – Fest løse gjenstander

  6. Viking-børsen: «Verdens beste trønder»