• Medan mange gler seg over nye tunnelar som lettar reisevegen, opplevest dette som ei stor plage for ikkje så reint få. Lars Kristian Aalgaard

Rennfast skaper ennå tunnelangst

Dersom politiet må kjøra etter ei vaksen kvinne som trør hardt på gassen gjennom Rennfast, dreier det seg ganske ofte om ein sjåfør med tunnelangst. Politioverbetjent Åge Vatnedal i Rennesøy ser det på heile framtoninga; sveittinga og pustinga at han ikkje har å gjera med ein alminneleg råkjørar. Dermed slepp fobikaren noko straff, så sant hendinga ikkje gjentek seg.