Skipsvrak på Orre er truleg det britiske skipet Chieftain

– Jo meir detaljar så kjem fram, jo meir trur me at det er Chieftain som er funne, seier marinarkeolog ved Stavanger maritime museum, Arild Skjæveland Vivås.

Publisert: Publisert:

Arild Skjæveland Vivås (t.h.) sprayer glukoseløysning som skal forhindre at treverket til det som er antatt å vera skipsvraket etter Chieftain blir porøst. Massimilliano Ditta har nettopp tatt bilete av detaljane i treet. Foto: Carina Johansen

På 1800-talet var det mangel på skipstømmer på den internasjonale marknaden. Skipsvraket på Orre er laga av relativt ung eik, som tyder på at det ikkje hare vore nok eldre og tykkere tømmer den tida skipet blei bygd. I staden for å bruke lange, samanhengande trestykke til skipsskroget, måtte dei derfor gå over til å sette saman fleire mindre trestykker med skøyter som blir kalla lask.

LES OGSÅ: Stor vrakdel funnet på Orre

– Byggestilen er typisk engelsk, og Chieftain blei bygd i Skottland. Det er mykje som stemmer her, seier Skjæveland Vivås. Han peiker på små hull markert med røde teiknestifter. Dei markerer hull etter spiker, som har blitt brukt til å holde på plass ei tynn koparplate. Ein slik ‘koparhud’ blei brukt til å forhindre vekst på skipets treverk, og var vanlig på skip som reiste rundt ekvator og i varmare strøk.

– Me veit at Chieftain har segla til både Sør Amerika, Madras i India og Kina, bekreftar marinarkeologen.

Chieftain.

Nyleg flytta opp frå stranda

20. juni blei skipsvraket flytta frå Orre stranda og inn på eit lager likeved. Det er det første vraket som er tatt opp og konservert, og er gjort etter ynskje frå Klepp kommune. Det er ennå ikkje bestemt kva som skal skje når arkeologane er ferdige med det, men det har vore snakk om at det skal flyttast til Klepp friluftshus.

Skjæveland Vivås og kollega Massimilliano Ditta frå Sicilia har overordna ansvar for skipsvraket, mens skipsentusiast og tidlegare skipsmann Jan Wiig passar på det til dagleg.

– Det er rett og slett vakkert, seier han då han kjem inn i lagerbygningen. Han går rett bort til vraket og kjenner på treverket.

– Dette er historie. Derfor er det så viktig at museet får ta skikkelig godt vare på det slik at me kan visa det til ungdommen.

Ku-lappar blir brukt til å markere kvar planke på skipsvraket. Foto: Carina Johansen

Vrakdel frå skipets akterende

Wiig hjelper til med å spraye konserveringsmiddel på skipsvraket for å hindre at treverket blir porøst, men dei to siste dagane har det stått i fred for å tørke. På den måten har den originale fargen kome fram, og me kan allereie sjå dei lyse furubjelkane og den mørke eika i skipets skjelett.

Massimilliano Ditta står oppå vraket og tar bilete av detaljane i treverket. Bileta skal bli lagt inn på ein maskin som skal lage ein 3D-modell. Då kan dei også finne ut kor på skipet vrakdelane kjem frå.

– Vrakdelen er frå skutesiden, frå bunnen og opp til dekket, mot akterenden, seier Skjæveland Vivås. Akter er eit skipsuttrykk for den bakre delen på eit skip.

– Bjelkene i skipets skjelett er satt saman i par, som gjer at trur me at det er frå venstre side av skipet.

Skipsvraket måler 10 meter langt og rundt 3,5 bredt på det meste. Det er fem gonger større enn først venta. Foto: Carina Johansen

Chieftain

Chieftain blei bygd i den skotske byen Dumbarton i 1837, og kjøpt opp av Martin Weiergang i 1866. Hans oldebarn er Oljedirektoratets første direktør, Fredrik Hagemann, som er busatt i Stavanger.

LES OGSÅ: Dette var oldefars seilskute

Skipet var eit lasteskip med eit mannskap på maks 12 tolv mann. Det var 104,7 fot lang og 24 fot brei. I 1881 havarerte det utanfor Orre stranda.

Publisert: