Færre må bytte skole etter eitt år på vidaregåande

Sjansen for å miste skoleplassen etter eitt år på vidaregåande skole, blir mindre for elevar ved studiespesialiserande. Politikarane har vedtatt å gi forrang til dei som søker ved eigen skole.

Publisert: Publisert:

Etter vg1 må elevane på nytt søke om studieplass. Har ein ikkje gode nok karakterar, risikerer ein i dag å måtte bytte skole. Det vil politikarane endre. Foto: Jon Ingemundsen

  • Birgitte Flote
    Journalist

Ved dei vidaregåande skolane i Rogaland er det i dag fritt skoleval, som inneber konkurranse om plassane basert på karakterar.

Etter første året er det nytt opptak. Har du dårlege karakterar, risikerer du å måtte bytte skole fordi nokon andre tar plassen din. Problemet er størst i Stavanger-skolane.

– Vi vil at elevane skal vere sikra eit godt klassemiljø som ikkje forandrar seg så mykje. Elevar vi snakkar med stiller seg uforståande til at ein kan miste skoleplassen etter første året, sa Mats Danielsen i Frp til Aftenbladet førre veke.

Mellom andre og tredje året er opptaket automatisk.

Får forrang

No blir ordninga endra. I opplæringsutvalet i fylket fremja Daniel Bøhn Rayner (Ap) eit fellesforslag på vegner av Ap, KrF, Sp, MDG og Frp som seier at elevar og utvekslingselevar får forrang ved opptaket etter vg1 når dei søker om plass ved eigen skole.

Likevel skal ikkje overgangen frå vg1 til vg2 skje automatisk, det vil framleis vere nytt opptak. Altså kan enkelte måtte bytte skole dersom det er fleire søkarar med forrang til skolen enn det er elevplassar.

I første omgang er det eit fireårig prøveprosjekt. Forslaget blei vedtatt med 12 stemmer, også FNB, MDG og Raudt støtta det.

– Ordninga vil tidlegast gjelde frå skoleåret 2021/2022. Vedtaket krev endring i lokal inntaksføreskrift, og må difor på høyring etter at saka er behandla i fylkestinget i juni, seier Helge Eide, seksjonssjef ved opplæringsavdelingen.

Fylkesrådmannen: Valfridom viktigast

Fylkesrådmann Inge Smith Dokken forslo å ikkje endre dagens ordning. Valfridom for dei som vil bytte skole, må vege tyngre enn å legge til rette for dei elevane som i dag mister skoleplassane sine, var argumentet.

Presset om å prestere på skolen er høgast på 10. trinn og litt lågare på vg1 og vg2, skreiv fylkesrådmannen i saksframlegget, og viste til Ungdataundersøkinga.

– Automatisk opptak frå vg1 til vg2 kan forsterke presset elevane i 10. trinn opplever, fordi karakterane frå grunnskolen blir enda viktigare, skreiv fylkesrådmannen.

Publisert:

Les også

  1. Vil sikre vgs-elevar same skoleplass alle tre åra: – Noverande ordning skaper stressa elevar

  2. Kontaktinfo til tusenvis av elever ligger åpent på Googles skolekonto: - Et alvorlig avvik

  3. Helsedirektoratet meiner skolane kan ha tilnærma normal drift

  4. Planlegg sommarskole med fleire nye fag

Mest lest akkurat nå

  1. – Du skal ikke ha kniv fra Ikea, sier far

  2. 17 flygninger til Norge med koronasmitte

  3. Tesla målt til 221 km/t: Eieren får førerkortet beslaglagt inntil mai neste år

  4. Prins Harry og hertuginne Meghan har bosatt seg i Santa Barbara

  5. Auglendstunnelen åpner lørdag

  6. – Man kan få symptomer etter at man har testet negativt. Da bør man teste seg på nytt

  1. Videregående skole
  2. Skole og utdanning
  3. Skole