Ved utgangen av august var 6 011 personar heilt utan arbeid i Rogaland. Dette er 14 prosent færre enn på same tid i fjor.
– Arbeidsløysa i Rogaland er framleis på veg nedover, samstundes som det i august blei lyst ut 2 386 stillingar i Rogaland. Dette er ein positiv start på hausten, seier Haftorsen.
Det var 827 arbeidssøkjarar som var deltakarar i eit arbeidsretta tiltak i august, og dette er ein nedgang på heile 41 prosent samanlikna med august 2018. Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse på 6 838 personar, tilsvarande 2,7 prosent av arbeidsstyrka. Det er det same som for heile landet.
Færre arbeidslause i dei fleste yrkesgrupper
Det er i august nedgang i arbeidsløysa i dei fleste yrkesgrupper. Reduksjonen er størst innan ingeniør- og ikt- fag (- 46 prosent) og industriarbeid (- 38 prosent).
Det er også stor nedgang i arbeidsløysa for meklare og konsulentar (- 30 prosent) og for dei med bakgrunn i kontorarbeid (- 22 prosent).
Kommunevise variasjonar i arbeidsløysa
I august har Stavanger høgast bruttoarbeidsløyse med 3,2 prosent. Sandnes og Sola har ein del på 3,1 prosent, medan Haugesund og Karmøy har ein lågare bruttoarbeidsløyse på høvesvis 2,6 og 2,2 prosent av arbeidsstyrken.
Den lågaste arbeidsløysa av dei store kommunane i Rogaland har Eigersund med 2,1 prosent. Lågast del av alle kommunane i Rogaland har Suldal (1,0 prosent) og Sauda (1,2 prosent).
– Det var god tilgang på ledige stillingar Rogaland også i august, fortel Merethe P.Haftorsen.
Totalt vart det lyst ut 2 386 stillingar. Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar i august var ingeniør- og ikt-fag (417), bygg- og anlegg (313) og helse, pleie og omsorg (376).