Ellen Harboe Kleppa er død

MINNEORD: Ellen Harboe Kleppa døydde 1. august 2022, 88 år gammal.

  • Magnhild Meltveit Kleppa
    Magnhild Meltveit Kleppa
Publisert: Publisert:

Ho bygde opp helsesøstertenesta i Hjelmeland og var helsesøster i kommunen i 34 år.

Ellen Harboe Kleppa var frå Forsand og den eldste av fem søsken. Etter sjukepleieeksamen i Stavanger i 1957, var ho først assistentsjukepleiar ved Rogaland sjukehus og så distriktssjukepleiar i Sola. Ho gjekk på Statens helsesøsterskole i Oslo og arbeidde deretter nær tre år som helsesøster i Askim.

Til Hjelmeland kom ho sommaren 1963. Ho var tilsett i ei nyoppretta helsesøsterstilling med ansvar for fire kommunar, Hjelmeland, Årdal, Fister og Erfjord. Arbeidsfeltet var stort, alt frå spedbarnskontroll og skulehelseteneste til eldreomsorg og næringsmiddelkontroll. Ho bygde opp ei velfungerande teneste frå grunnen av. I periodar utan lege, og i vakansar og feriar, hadde Ellen oppgåver langt ut over det ho var utdanna til.

Ho hadde ikkje eigen bil i starten og nytta seg flittig av buss, mjølkebil, drosje eller båtskyss. Tillit er eit ord som følgde henne alle dagar. I mange tiår vart ho berre omtala som «søster Ellen».

Med ein kombinasjon av stor fagkunnskap, eit vennleg og imøtekomande vesen og vilje til å lytta og endra, var Ellen Harboe Kleppa sjølve garantisten for ei helseteneste med kvalitet.

Ho gifta seg med Svein S. Kleppa i 1967. Dei fekk tre barn og etter kvart åtte barnebarn. Ellen deltok i arbeidet på garden, og i aukande grad di meir Svein si helse skranta. Han døydde i 2012.
Ellen si søster, Magnhild, var jordmor i Hjelmeland i 32 år i vaktsamarbeid med Strand. Magnhild gifta seg med Gunnar, bror til Svein. Det var eit eige og godt forhold mellom søstrene og familiane i Viga og på Gjessfjell.

Ellen bidrog på mange måtar til eit betre lokalsamfunn. Ho la grunnlaget for dei første fødselsførebuande gruppene i Hjelmeland der fedrar fekk vera med, og ho var med og starta den første barnehagen. Ho var aktiv i helselag, husmorlag og misjonsforeining. Ho deltok og i kommunale nemnder og utval, til dømes i helse- og sosialstyret, skulestyret og soknerådet.
Senterpartiet var partiet hennar. Ved kommunevalet i 1979 fekk fire kvinner plass i kommunestyret. Det var ein sensasjon. Hjelmeland kommunestyre hadde aldri før hatt meir enn ei kvinne av 25 medlemmer samstundes. Ellen og eg var to av desse fire. Etter valet i 1983 vart Ellen Harboe Kleppa medlem av formannskapet, og dermed den første kvinna i Hjelmeland formannskap si historie.

Sjukdom reduserte Ellen sin aktivitet dei siste åra. Ho var likevel å sjå i kyrkja så lenge ho kunne.

Sven, Anna Lena og Torborg med familiar, vil minnast ei sjeldan rakleg, raus og respektert mor, svigermor, farmor og mormor. I dødsannonsen stod det å lesa: « Slik du levde her på jord, ynskjer me å leve».
Me er mange som har mista eit førebilete.

Magnhild Meltveit Kleppa

Publisert: