- Kvifor utset du Årdalstunnelen, Ketil Solvik-Olsen?

Geir Pollestad (Sp) hevdar at Ketil Solvik-Olsen trenerer Årdalstunnelen.

Dette spørsmålet rettar stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren.

  • Tor Inge Jøssang
    Tor Inge Jøssang
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Bakgrunnen for saka er at ordførarane i Hjelmeland og Strand har vore på møte i Oslo. Der har dei fått signal frå Samferdsledepartementet om at Ryfylke anten må godta ein kort tunnel eller ei lang utredning av vegprosjektet.

– Kvifor krev no statsråden ei konseptvalutredning (KVU) for Årdalstunnelen og kvifor har statsråden bidrege til å utsetje planlegginga av prosjektet i tre år, spør Sp-representant Geir Pollestad, som tidlegare har vore statssekretær i Samferdsledepartementet.

Pollestad viser til at den raud-grøne regjeringa ønskte å ha ein KVU for RV13, slik at prosjekt i Ryfylke, mellom anna Årdalstunnelen, kunne vera klar til prioritering i NTP våren 2017.

– Dette vart trekt attende av statsråden. No kan ein lesa i media at statsråden meir enn tre år seinare likevel krev ein KVU for prosjektet Årdalstunnelen. Då ein gjekk inn for å ikkje ha ein KVU, var grunngjevinga at det ikkje låg føre konseptuelle val. Så vidt eg er kjent med, har verken fjella eller fjordane i Ryfylke endra seg vesentleg dei seinare åra, og det er vanskeleg å sjå ei anna grunngjeving enn eit ønske om å trenere saka, hevdar Pollestad i si grunngjeving til spørsmålet.

Regelen for slike skriftlege spørsmål er at statsråden skal gi et skriftlig svar innen seks yrkedager.

Då vi ønska ein KVU i 2013 var det for å sikre at prosjektet kunne bli prioritert i Nasjonal Transportplan denne våren. For å kunne hoppe over kommunedelplan og gå rett på reguleringsplan. Eg var overraska over den latterliggjeringa eg blei møtt med den gongen. Om det er politisk vilje til å redusere byråkrati og sikre raskare planlegging, er det fullt mogleg å droppe ein KVU nå. Dessverre er eg redd for at Solvik-Olsen ikkje vil gjere det, for regjeringen er ikkje særleg oppteken av veger i distriktene. Men eg håpar at eit skriftleg spørsmål kan legge press og få statsråden til å skifte standpunkt. Viss ikkje blir det bare masse byråkrati og ingen tunnel. Regjeringa burde lære av den raske fremdriften som ein greidde å ha på Svotunnelen, kommenterer Pollestad.

Bakgrunnen

Riksvei 13 passerer under ei stor ur ved Øykjaneset i Hjelmeland. Dette er ein av dei mest rasfarlege vegstrekningane i fylket. Statens vegvesen har utarbeidd forslag til kommunedelplan. Etaten går inn for å sikre strekninga med ein kort tunnel.

Ryfylkekommunane, Rogaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Rogaland, næringslivet og ein rekke organisasjonar ønsker derimot at det blir bygd ein lang tunnel direkte til Årdal. Dette vil korte ned reisetida med cirka 10 minutt. Problemet er at prisen blir nesten dobbelt så høg: 640 millioner kroner for kort tunnel og 1,4 milliarder kroner for lang. Statens vegvesen meiner det er ikkje råd å finansiere lang tunnel og har derfor lagt inn motsegn (innsigelse).

Alle har trudd at Kommunaldepartementet snart skulle avgjere saka. I staden fekk altså Ryfylke-ordførarane signal om saka må gjennom ein KVU viss det skal vere aktuelt med lang tunnel.

Sp-ordførar Bjørn Laugaland har signalisert at han vil gå inn for KVU, for å kome vidare.

Publisert:
  1. Ketil Solvik-Olsen
  2. Statsforvalteren i Rogaland
  3. Statens vegvesen
  4. Geir Pollestad
  5. Ryfylke

Mest lest akkurat nå

  1. – Julebordsesongen er nå avlyst

  2. Slik ble Rogalands 20 rikeste gode for 15 milliarder

  3. Oslo sendte «tidenes styggeste juletre» til London. Nå tilbyr Egersund østlendingene juletrehjelp

  4. Togene går igjen på Sørlandsbanen – politiet ber fortsatt bilister holde seg unna E18 i Agder

  5. Falske eposter utgir seg for å være fra Helsenorge

  6. Apoteker er tomme etter voldsom pågang etter hurtigtester