Strand vil ha Preikestolen av Nye Sandnes

Strand kommune oppfordrar Stortinget om laga ein ny Ryfylke-kommune med Hjelmeland og Forsand. Viss ikkje dette blir noko av, ber Strand om å få Preikestolen og resten av området på nordsida av Lysefjorden.

Om Nye Sandnes blir godkjent, så ber Strand om ei grensejustering. Foto: Pål Christensen

  • Tor Inge Jøssang
    Tor Inge Jøssang
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Med knapt fleirtal 10–9 sa Hjelmeland nei til kommunesamanslåing tysdag. Forsand har tidlegare vedteke å slå seg saman med Sandnes. Trass negative vedtak i begge nabokommunane, går Strand inn for kommunesamanslåing med desse. Vedtaket blei gjort med 28 mot 1 stemme frå Bygdelista for Tau og Nordbygda.

Stortinget har siste ord når det nye kommunekartet blir teikna.

I tilfelle rikspolitikarane går inn for å slå saman Sandnes og Forsand, ønsker Strand-politikarane ei grensejustering midt i Lysefjorden, slik at Strand og Hjelmeland får området på nordsida av fjorden, inkludert Preikestolen. Dette vedtaket blei gjort mot 6 stemmer frå KrF.

– Det ser ut til at Forsand og Sandnes blir ein kommune, uttalte Arvid Håheim (Ap) då Strand kommunestyre behandla saka i eit ekstraordinært møte onsdag.

Han la fram forslaget om grensejustering og viste til at forsandbuen som bur på nordsida av Lysefjorden, har kome med eit innbyggarinitiativ og ønsker å bli ein del av Strand. Eit anna argument for grensejustering er ønske om heilskapeleg forvaltning av Preikestolen, som har innfallsport gjennom Strand.

Snart avklaring

Det er venta at Høgre, Frp, Venstre og KrF på Stortinget legg fram ein avtale om det nye kommunekartet i Norge i løpet av februar.

Det er kome signal om at fleire parti ønsker å sjå på Ryfylke som ein region. Politikarane i Strand nektar derfor å gi opp håpet, sjøl om det også er kome andre signal om at det blir lagt vekt på frivillige avtalar.

– Det er fortsatt håp om ein ny Ryfylke-kommune, det må vi jobbe for i våre stortingsgrupper, sa varaordførar Astrid Norland (KrF) i kommunestyremøtet.

Ryfylke kan bli splitta

Alf Hennig Heggheim i Senterpartiet fryktar det som kan kome frå Oslo.

– Det vil vera frykteleg trist om Stortinget bidrar til å splitte opp Ryfylke. Dei kan bare sjå på kartet. Det er ikkje logisk at Nye Sandnes skal ha kommunegrense langt inne i Ryfylke-heiane, meinte Heggheim.

Nye Sandnes vil vera avhengig av eit privat ferjesamband for å henge saman. Heggheim peika derfor på at forsandbuen risikerer å måtte køyre gjennom to kommunar - Strand og Stavanger - på veg til kommunesenteret.

- Nye Sandnes blir en robåt-kommune

Strand-ordførar Irene Heng Lauvsnes (H) håpar Stortinget slår saman Strand, Hjelmeland og Forsand, slik Fylkesmannen i Rogaland har tilrådd.

– Eg set nå min lit til at Stortinget lytter til den faglege vurderinga som Fylkesmannen har gitt, med fokus på hensiktsmessige og geografisk naturlige kommunegrenser. Dei må bygge kommunar som heng saman med dei samferdsleprosjekta dei har vedteke, i dette tilfellet Ryfast. Og så er det litt spesielt om kraftinntektene som er produsert ute i distriktene skal tilfalle ein av dei største byane i Norge. Dette er iallfall ikkje distriktspolitikk, seier ho.

Eit forslag frå Bygdalista for Tau og Nordbygda om å innleie nabosamtale med Stavanger fekk to stemmer og falt.

«Oppsiktsvekkende»

Forsand-ordførar Bjarte S. Dagestad (H) har delt Aftenbladets nettsak på si Facebook-side. Han meiner kraft-argumentet til Strand-ordføraren ikkje heng saman og skriv mellom anna:

– Hvis Strandpolitikerne sliter så voldsomt med at «innfallsporten» og selve Preikestolen ikke ligger i samme kommune, så er det ingen problem å justere det inn andre veien. Dette vedtaket som nå er gjort i Strand, er mildt sagt oppsiktsvekkende og da mener jeg ikke i positiv forstand. Godt vi har inndelingsloven!

Dagestad ønsker ikkje å kommentere saka ytterlegare ovanfor Aftenbladet. Som kommentar til Dagestads Facebook-post, kallar Forsand-politikar Paul Løland vedtaket i Strand for «politisk lavmål». Han karakteriserer kommunestyret i nabokommunen som eit «supperåd».

Spår at Ryfast slår ut Sandnes-ferja
Publisert:
  1. Hjelmeland
  2. Strand
  3. Forsand
  4. Sandnes
  5. Ryfylke

Mest lest akkurat nå

  1. Person funnet død etter leteaksjon ved Utsira

  2. To nye «nei» til Domkirken

  3. Jæren letter på smitte­vern­tiltak - ny vurdering om Nord-Jæren fredag

  4. Slik får du vaksinert deg i Stavanger

  5. Dette huset på Røyneberg har en 350 kvadratmeter stor underjordisk garasje med heis

  6. - Jeg er veldig takknemlig for at de skjermet meg. De sendte heldigvis ikke alt