Ho redda Hjelmeland som eigen kommune

Anita Husøy Riskedal braut med KrF-gruppa og sørgde for at Hjelmeland fortset som eigen kommune. I same slengjen auka sjansen for at Forsand og Sandnes kan slå seg saman.

Anita Husøy Riskedal (KrF), til høgre, kom i vippeposisjon.
  • Tor Inge Jøssang
    Tor Inge Jøssang
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

To gonger har Hjelmeland hatt folkerøysting om kommunesamanslåing. Begge gongene har folket sagt nei. Dette blei stadfesta av kommunestyret onsdag kveld. Med knapt fleirtal 10–9 sa Hjelmeland nei til kommunesamanslåing.

– Vi har vel fått så mange signal no, at det må takast på alvor. Så håpar eg stortinget tek signala frå oss, og legg opp til ein politikk der det både er rom for små og store kommuner. Fordi det er ein del av det som gjer Norge så bra; variasjonar, uttaler Anita Husøy Riskedal.

Anita Riskedal

KrF-politikaren, som arbeider på NAV-kontoret i Hjelmeland, har fleire gonger tidligare stemt for nabosamtalar, slik også partifellene i KrF og opposisjonspartnaren Høgre har gjort.

Arbeiderparti-politikar Gaute Hauge stemte for samanslåing. Men då Husøy Riskedal hoppa motsett veg, ble utfallet det same: 10–9 for å fortsetje som eigen kommune.

– I programmet vårt står det at vi skal lytte til folket i kommunestruktursaka. Det måtte eg ta på alvor, argumenterer Riskedal.

Spørsmålet er om dette bare er ei utsetjing, at det kan bli omkamp alt i 2019-valet.

– Dersom ingenting er endra frå dagens situasjon, og vi har gitt eit nei idag, ser eg ingen grunn til at dette skal vere eit tema i den valkampen. Forhåpentligvis har vi andre og viktigare saker å jobbe for. Viss situasjonen er annleis i 2019, må me ta det då. Og berre for å presisere: Eg likar både strandbuen og forsandbuen, men som gode naboar, ikkje «ektefeller», uttaler Anita Husøy Riskedal.

Opposisjonen, her representert ved Torunn Munthe, Kjell Apeland og Håkon Helgøy, fekk ikkje fleirtal for kommunesamanslåing.

Nå som Hjelmeland har sagt nei til intensjonsavtalen, kjem saka opp i Strand dagen derpå - onsdag (1. februar). Tilrådinga frå rådmannen er at Strand skal gå inn for samanslåing med dei uvillige naboane Hjelmeland og Forsand.

Forsand har vedteke samanslåing med Sandnes. Det er venta at Høgre, Frp, Venstre og KrF på Stortinget legg fram ein avtale om det nye kommunekartet i Norge i løpet av februar. Det er kome signal om at dei borgarlege partia vurderer å bruka tvang i 10–15 tilfelle rundt omkring i landet, men at Ryfylke er ikkje mellom desse.

– Halde Ryfylke samla

I møtet i Hjelmeland kommunestyre tok Njål Skår (H) fram eit sitat av president Bill Clinton: «Det ein ønskjer skal bli varig, må vi forandre».

– Vi i Høgre ønskjer å oppretthalde Ryfylke som vi kjenner det i dag. Vi vil ta vare på Ryfylke-kulturen, identiteten og tenestene i bygdene. Det er nok med ein rådmann, eit kommunestyre, med administrative grenser tilpassa dagens bu- og arbeidsmarknad. Vi må endre, for å behalde det vi er glad i. Viss vi vel aleinegong, vil det gå utover Ryfylke og Hjelmeland, slik vi kjenner det i dag. Vi vil hindre at Ryfylke smuldrer opp, sa Skår.

Varaordførar Lin Veronica Jacobsen (Ap) peika på at fleire stortingspolitikarar (frå Frp og Ap) har signalisert at dei vil godkjenne samanslåing av Forsand og Sandnes.

– Kjem Høgre i regjering til å tvinge Høgre-ordførar Bjarte Dagestad i Forsand inn i eit opplegg han ikkje vil. Det trur ikkje eg, sa Jacobsen.

Håkon Helgøy (KrF) peika på at spørsmålet i folkerøystinga ikkje var optimal. Han peika på at cirka 50 stemmer skilde ja og nei, og berre 44 prosent som deltok. Derfor meinte han kommunestyret stod fritt.

– Me kan vere med og halde Ryfylke samla, sa Helgøy.

Gaute Hauge (Ap) stemte for kommunesamanslåing.

– Me må ta valet me meiner det er rett på sikt. Eg trur ikkje me er robuste nok til å stå som eigen kommune om 5–10 år. Då er Strand og Forsand dei beste samarbeidspartnarane, sa Hauge.

Stemte mot eige syn

Utfallet ville blitt eit anna om Tårn Sigve Schmidt (Sp) hadde stemt i tråd med eiga meining.

– Eg var skuffa over resultatet i folkerøystinga og trur folket tar feil, men har ikkje anna val å følge valresultatet og partiprogrammet. Dette er det tyngste valet eg har gjort i denne sal, sa Schmidt, som helst ville hatt ein ny kommune i Søre Ryfylke.

Han spådde at saka vil kome opp igjen, anten ein likar det eller ikkje.

– Ser på oss

Henrik Nesvik (H) åtvara mot å seie nei.

– Stortinget ser på oss i dag og det er kome klare signal om at dei ønskjer å se på Ryfylke som ein region. Men dei er avhengig av eit signal frå oss, sa Nesvik.

Johannes Soppeland (KrF) åtvara om at åleinegong kan føre til sentralisering. Han frykta negative konsekvenser for det kommunale tenestetilbodet i utkantane, spesielt eldresenteret og skulen i Årdal.

Håpar på Stortinget

Ståle Halsne (KrF) siterte statsminister Erna Solberg som skal ha sagt at «går du inn for endring, så blir det bråk».

– Synd at Ryfylke nå - etter alt å dømme - blir splitta opp i bitar, sa Halsne.

Kjell Apeland (H) har ikkje gitt opp håpet om eit anna utfall.

– Eg håper storsamfunnet har større ambisjonar og slår saman Strand, Forsand og Hjelmeland til ein kommune. Make Ryfylke greater, oppmoda Apeland.

Ordførar Bjørn Laugaland avslutta med å seie at dette er den viktigaste saka i Hjelmeland på 50 år.

Strand-ordførar Irene Heng Lauvsnes (H) er skuffa. Ho håpar ennå på eit sterkt Ryfylke og sender ei klar melding til Stortinget om å slå saman Strand, Hjelmeland og Forsand.

– Det er litt spesielt at ein kommune som har gjennomført store nedskjeringar og likevel er i Robek, meiner dei best klarer seg åleine. Vi hadde saman laga ein god intensjonsavtale som den politiske leiinga i Hjelmeland var einige i. Likevel stemmer dei nei. Dette viser at valet blir styrt av følelsar. Eg set nå min lit til at Stortinget lytter til den faglege vurderinga som Fylkesmannen i Rogaland har gitt, med fokus på hensiktsmessige og geografisk naturlige kommunegrenser

Hjelmeland: Nei til ny Ryfylke-kommune utan ForsandForsand: - Uryddig av Hjelmeland
Publisert:
  1. Hjelmeland
  2. Strand
  3. Forsand
  4. Sandnes
  5. Ryfylke

Mest lest akkurat nå

  1. Flere pasienter utviklet spredning av kreft mens de deltok i norsk kreftstudie. – Vi er veldig lei oss

  2. Mange hoster. Slik finner du lettere ut hvilket luftveisvirus du er smittet av

  3. Mikal Stømne (24) gikk ned 84 kilo på egen hånd. Fem grep ble avgjørende.

  4. Her sto det en hytte. Så forsvant landskapet rundt, bit for bit. Nå får eieren ikke bygge den opp igjen

  5. To tenåringer og den enes stefar tiltalt for grov kroppsskade

  6. Nå kutter flere skoler ned på leksene