Solvik-Olsen: Ryfylke-kommunane gjekk for langt med Årdalstunnelen

Ifølge samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen har Ryfylke-kommunane gått for langt med Årdalstunnelen og vedteke eit prosjekt som ikkje samsvarer med prosjektet som har fått fritak frå ei konseptvalutgreiing. Det reagerer Geir Pollestad (Sp) på.

  • Tor Inge Jøssang
    Tor Inge Jøssang
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Bakgrunnen for saka er at ordførarane i Hjelmeland og Strand har vore på møte i Oslo. Der har dei fått signal frå Samferdsledepartementet om at Ryfylke anten må godta ein kort tunnel eller ei lang utgreiing av vegprosjektet.

Kommunedelplanen for rassikring rv 13 Melkeråna – Årdal er til handsaming i Kommunal- og moderniseringsdepartementet som ei motsegnssak etter plan- og bygningslova.

Geir Pollestad tok saka opp i eit skriftleg spørsmål til samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen.

– Kvifor krev no statsråden ei konseptvalutredning (KVU) for Årdalstunnelen og kvifor har statsråden bidrege til å utsetje planlegginga av prosjektet i tre år, spør Sp-representant Geir Pollestad, som tidlegare har vore statssekretær i Samferdsledepartementet.

Pollestad viser til at den raud-grøne regjeringa ønskte å ha ein KVU for RV13, slik at prosjekt i Ryfylke, mellom anna Årdalstunnelen, kunne vera klar til prioritering i NTP våren 2017.

– Dette vart trekt attende av statsråden. No kan ein lesa i media at statsråden meir enn tre år seinare likevel krev ein KVU for prosjektet Årdalstunnelen. Då ein gjekk inn for å ikkje ha ein KVU, var grunngjevinga at det ikkje låg føre konseptuelle val. Så vidt eg er kjent med, har verken fjella eller fjordane i Ryfylke endra seg vesentleg dei seinare åra, og det er vanskeleg å sjå ei anna grunngjeving enn eit ønske om å trenere saka, hevda Pollestad i si grunngjeving til spørsmålet.

Statens vegvesen går inn for 4, medan Ryfylke-kommunane vil ha 2b.
Ketil Solvik-Olsen.

Nå har Ketil Solvik-Olsen svart.

«Utbetring av rv 13 gjennom Strand kommune mot Hjelmeland kommune langs Tysdalsvatnet har skjedd etappevis og vore finansiert som rassikring. Kommuneplanarbeidet for den siste rasstrekninga «Melkeråna – Øygjaneset» har etter kvart blitt utvida til å omfatte strekninga «Melkeråna – Årdal». Denne utvidinga inneber at prosjektet ikkje berre varetek rasikrings-behovet, men gir også ei betydeleg innkorting av rv 13.

Kommunedelplanen for rassikring rv 13 Melkeråna – Årdal inneheld to prinsipielt ulike løysingar. Lang tunnel mot Årdal og kort tunnel langs den siste strekninga langs Tysdalvatnet. Dei lange tunnelalternativa vil bli litt over 10 km fordi dei er basert på å forlenge eksisterande tunnelar langs Tysdalsvatnet vidare mot Årdal. Desse alternativa varetek rassikring, og gir også betydeleg innkorting. Dei kortare alternativa svarar på behovet for rassikring, men vil ikkje gi innkorting. Dei to løysingsalternativa kan ikkje fullt ut samanliknast sidan dei gir heilt ulike effektar for strekninga. Det eine alternativet gir stor innkorting og rassikring, er kostbart og må byggast ut som eitt prosjekt.

Slik prosjektet no framstår, har dei aktuelle kommunane gjort vedtak om eit prosjekt som ikkje samsvarer med prosjektet det er gitt fritak frå KVU/KS1 for.

Statens vegvesen har motsegn til lang tunnelløysing fordi dei meiner kort tunnel varetek prosjektet sitt mål om rassikring. Dessutan vil den korte løysinga ikkje stå i vegen for ein ev. seinare tunnel mot Årdal. Samferdsledepartementet har støtta motsegna. Saka ligg no i Kommunal- og moderniserings¬departementet for handsaming der», heiter det i svaret.

Geir Pollestad

– Tull

Sp-politiker Geir Pollestad reagerer slik:

– Dette er tull frå ende til annan frå Solvik-Olsen. Det var heile strekninga det blei gitt fritak for. Men om Solvik-Olsen, då han ga fritak for KVU visste at det betydde at lang tunnel ikkje kunne bli noe av, så har han lurt folk. Eg er heilt sikker på at om dette hadde blitt kommunisert då fritaket blei gitt, så ville reaksjonane ha vore heilt andre. Men alt tyder på at dette er ei historie som er oppkonstruert for å skjule det faktum at Riksveg 13 og Ryfylke ikkje er viktig for Frp og Høyre. Vi gløymer ikkje at Frp faktisk stemte mot Ryfast også. Årdalstunnelen og Svotunnelen er gode eksempel på forskjellen i måten Sp og Frp prioriterer vegprosjekt i distrikta, kommenterer han.

Publisert:
  1. Geir Pollestad
  2. Ryfylke
  3. Ketil Solvik-Olsen
  4. Hjelmeland
  5. Strand

Mest lest akkurat nå

  1. Marcus (8) er koronasmittet. Det var ikke åpenbart for noen. Så ble det for første gang masse­testing på skolen

  2. Aftenbladet erfarer: Påbud om munnbind kan bli innført på Nord-Jæren

  3. 41 smittet på bedehus-basar

  4. Endrer undervisningen for konfirmanter etter sterke reaksjoner

  5. Endelig kan årets morsomste bankran starte

  6. Vernede sjø­hus i Øster­våg kan rives